Eg har Viking-feber. Eg har hatt Viking-feber på denne måten før. Då gjekk det av ein eller annan grunn godt, men måten det skjedde på vart for meg personleg ein nedtur. Det var berre mi skuld. Sjølvsagt var det det.

Det er skrekkeleg lenge sidan. Det er så lenge sidan at ferjene gjekk rett til byen. Me visste knapt nok kva Rennesøy var for noko. Kampane var stort sett på same tida i 1991. Søndag klokka 18.00. Tidlegare og tidlegare utpå hausten, for å ta omsyn til laga som ikkje hadde flomlys på banane sine. Me tok ferje i tretida frå Finnøy. Me spelte kort eller hadde teite leir-leikar på ferjedekket om det var fint nok vær til å sitje ute. Heim att tok me snøggbåt. Som regel var me glade. Viking vann mange kampar det året.
Eg vart fødd midt inn i ein stim av Viking-seriegull. Dei var visstnok heilt suverene på 70-talet. Det fekk eg sjølvsagt ikkje med meg, eg var eit barn og dreit heilt og fullt i fotball fram til i alle fall 1984. Det året tapte Viking cupfinalen mot Fredrikstad, og eg hugsar ennå desperasjonen til Erik Thorstvedt då han slengde seg etter frisparket til Per Egil Ahlsen. Det var vondt, men det var ikkje SÅ vondt. Viking var jo eitt av dei beste laga i landet, og kom til å vinna mengder av cupar og seriar så lenge eg levde, tenkte ni år gamle meg.
Ni år gamle meg tenkte mange ting. Mellom anna hadde han lyst til å bli prest. Eller fiskar. Eg har framleis lyst til å bli ein av dei tinga.
Ni år gamle meg hadde ennå ikkje vore på Stavanger Stadion. Første kampen min der var mot Start etter at Viking hadde rykka ned i 1987. Viking vart absolutt totalt mosa av Start. Nedrykket hugsar eg ikkje noko særleg av. Opprykket hugsar eg. Det såg eg på tekst-tv. Eg og Leif Jakob spelte fotball inne i stova deira, mot mor Laila sine spesifikke instruksar. Me hadde ikkje lov å spela fotball inne i stova. Men me måtte jo det, når Viking spela om opprykk. Me såg at Viking vann, men akkurat kor dramatisk den straffa var, og kor sjukt det var at målet fekk stå, fekk me ikkje vita før mange timar seinare.
Men så byrja eg å reisa på kampar for alvor. Eg reiste ikkje på cupfinale i 1989, noko eg i utgongspunktet skuldar på onkel Geir for. Det var han som tok meg med på den første kampen på Stadion, då burde han teke ansvar for cupfinalen og. Det var omkampar i cupfinalen den gongen, og me slo Molde i kamp nummer to. Glede og fred.
Så kom 1991. I 1991 vann me mange, mange kampar. Mot slutten av sesongen hadde me så mange poeng til gode at me nesten ikkje måtte vinna nokon av dei kampane me hadde att. Og no skulle me spela mot Lyn. Lyn! Kampen starta allereie klokka 13.00. Me hadde tapt borte mot Kongsvinger i kampen før. Men no skulle me banke Lyn og hente gullet heim. I det 78. minuttet scora Tom Fodstad på Lyn det fjerde målet sitt for dagen.
Eg var 16 år. Eg visste allereie då kva svik og nederlag var, men dette var i overkant av kva eg kunne tåla. Det rakna no. Det gjekk i dass no. Me kom til å tapa alle kampane me hadde att, inkludert mot Start i siste kampen, og det kom til å gå så aldeles til helsiket. Så eg gjekk frå stadion.
Det eg ikkje kom på, var at Start og Rosenborg, laga som kunne ta oss att, spela samstundes. Og då Rosenborg utlikna mot Start, vart det matematisk umogeleg for dei å ta att Viking på tabellen.
Det skjedde då eg var halvveis nede i sentrum. Eg høyrde at folk jubla, men rekna med det var fordi Viking fekk eit mål eller to. Det viste seg at det for så vidt var rett, men hovudjubelen var fordi Rosenborg utlikna mot Start, og Viking vann serien. Eg var nede på torget i Stavanger då kampen var slutt. Heilt åleine. Eg visste ikkje at gullet var i boks før lenge etter det hadde skjedd.
På den tida fekk me med oss kva resultata i fotballkampar hadde blitt ved å sjå på eit ark dei hengde opp på ei dør utforbi Aftenbladet. Det var slik verda var då.
Og snart kom folk jublande nedover. Me hadde vunne serien. Det var magisk, sa dei. Eg vart glad, men ikkje SÅ glad. Eg kjende meg som ein temmeleg stor idiot. Men, tenkte eg. Dette er jo berre byrjinga. No kjem ei ny tid der Viking sigrar på alle frontar. Me kjem til å vinne seriar og cupar i søkk og kav.
Året etterpå var me eitt poeng frå å rykka ned. Og så byrja Rosenborg å vinna fotballkampar for alvor.
Dei som ikkje opplevde Rosenborg på 1990-talet, veit ikkje kva hat er.
Den neste cupfinalen var i år 2000. Den tapte me. I 2001 slo me Bryne og vann cupen, men det var omtrent feige lag og nesten ikkje ein kjekk kamp i det heile.
Det var ein del greie sesongar innimellom der, me hadde kjekke kampar og gilde spelarar, men me vann ikkje noko utanom det eine cupgullet.
I 2002 skulle me spele mot Chelsea i europacupen. Eg hadde billett, trudde eg, heilt til eg ikkje hadde. Det vart den mest minneverdige kampen på Stavanger stadion sidan 1991. Eg såg han i ein kjellar på Tjensvoll.
Og så flytta Viking. Dei første åra på Jåttå var eg på mange kampar, men det nye tilværet mitt i Nordfylket gjorde at fleire og fleire kampar gjekk utan meg på tribuna. Då me mosa Brann 5-0 og overlevde i Eliteserien, sat eg på eit rom på Lundeneset og gaula. For ei skam. Eg hadde sesongbillett i mange av desse åra, men må innrømma at min plass for ofte var tom når kampane vart spela.
Det tok ikkje så mange åra før nedrykket likevel var eit faktum. Viking vart latterleggjorde og feia ut av toppdivisjonen. Då var det berre ein ting å gjera. Eg måtte byrja å gå på alle kampane eg kunne, att. Året i OBOS var eg på dei fleste kampane heime, og eit overraskande stort antall av kampane borte. Det var noko av det kjekkaste eg har opplevd som Viking-supportar. Gleda var attende. Utanom dei kampane me tapte mot absolutt skandaløs motstand.
Så vann me cupfinalen mot Haugesund. Då tenkte eg at det ikkje var lenge til seriegullet var i boks. Og det såg bra ut der eit par gonger. Hadde det berre ikkje vore for ein kollaps her og der, dommarar her der og eit gult lag frå Nord som sigla opp som ein ny nemesis, hadde eg fått oppleva det eg ikkje fekk i 1991.
Me no. No. No kan det skje.
Viking må vinna dei to siste kampane, og så skjer det. Me vinn gull.
Kven spelar me mot?
Fredrikstad. Laget som ga meg den første smekken midt i trynet som Viking-supporter. Borte. Det kan jo ikkje gå.
Og om det går, så skal me spela heime mot Vålerenga.
Eg kan heilt seriøst ikkje hugsa at Viking har vunne heime mot Vålerenga.
Vålerenga heime er John Carew som scorar hat-tric, det er å ligge under 3-0 til pause og berre nesten klare å hente dei opp att, det er å ikkje klare å vinne sjølv om ein leiar 1-0 og verkeleg har sjansen til å koble grepet om tabelltoppen ein gong eg snudde på veg til Såta for å nå heim til hytta for å høyre kampen på radio der inne i heia. Eg har aldri kome meg til Såta etterpå.
Det er to kampar att av sesongen. Eg veit ikkje korleis eg kjem til å reagere om det går vegen. Men det går jo ikkje vegen. Det kan ikkje. Det er ikkje slik livet er.
No har eg Viking-feber, og klarar nesten ikkje å tenkja på anna enn Viking. Det er ikkje så bra, når eg har 100 engelsktekstar eg bør lesa før foreldrehelga. Eg skal og, visstnok, vera med på eit humoristisk spel på Finnøy i dagane før Fredrikstad-kampen. Ingen kjem til å le. Eg kjem til å døy av nerver.
Sjå i nåde, alle som ein.
Det kan jo ikkje gå.






