Så har det skjedd, det som eg vel eigentleg har visst at måtte skje. Elevane mine har byrja å lesa bloggen min. Eigentleg er eg litt imponert over at dei gir seg til kjenne, og ikkje smug-les bloggen for så å bruke noko dei har lese der mot meg i ein for meg pinleg situasjon. Men eg skal ikkje gi dei det dei vil ha. Eg kjem ikkje til å koma med avsløringar frå det indre liv i kollegiet på Lundeneset, og eg kjem ikkje til å avsløra kven av lærarane som ikkje er flinke til å leggja ned dosetet på personal-toalettet.
Eg har tilsyn i helga. Det har eg ikkje hatt sidan mars månad, og eg gløymer alltid ut den spesielle kjensla det er når ein går åleine ute på kjøkkenet og vaskar lapperøre opp opp frå golvet. Eller ligg på alle fire inne i matsalen og med berre hendene skrapar opp ei brunostskive som nokon har knegt ned i golvet. Det er fint. Det er meiningsfyllt. Eg får litt av den same kjensla som då eg var med på turist-guiding på Finnøy og fekk applaus frå førti åtti år gamle damer etter endt arbeidsdag. Som tilsyn føler ein verkeleg at det betyr noko at ein er der. Kven skulle ellers laga lappar og kjefta på dei som sneik i køen?
Og så likar eg det forutsigbare i helgetilsynet. Eg veit kva som skjer. I morgon kjem eg til å sove heilt til eg blir vekka av ein telefon der noko treng å få låst opp gymbygg eller datarom. Det plar skje i ellevetolv-tida. Så reiser eg inn til Ølensvåg og kjøper dagens aviser. Dei les eg etter å ha ete graut og drøst med ungdommen. Når eg er ferdig med avisene, er det tid for tippekamp. Så står kvelden for tur med eit eller anna arrangement – i morgon skal me ha quiz – og så lagar me til kveldsmat. Så er den dagen over. Søndagen er om mogeleg endå slakkare. Då skjer eigentleg ikkje noko særleg før middag. Etter det blir det å bita negler gjennom Rosenborg-Viking, før me skal ha møte klokka åtte. Så er helga stort sett over.
Og så lenge det er snakk om ei helg i halvåret, gjer det ikkje noko om det vert litt keisamt frå tid til anna.
Ellers ringde bror min meg i dag. Han var reist til Paris med si kjære Lise. Og han hadde tasta inn feil kode på mobilen sin tre gonger. Alle veit kva som skjer då. Eg måtte ringja kundeservice og ordna ny PUK-kode til han. Og han seier at han aldri ber meg om noko? Dersom eg i tillegg klarer å fiksa det trådlause nettverket hans når eg skal til Oslo neste veke, står han i djup gjeld til meg.
kjekt å sjå at du blogge, bror. når komme du te stavanger?? gje lyd!
LikerLiker
konge quiz du hadde igår :)mmmmmmmmmmm…glede meg t pizza 😀
LikerLiker
Ja de va legendarisk. De va ein herligt drid start de der! Men fikse du de trådlause ja, då då ler eg av glede. Men dine elever skrive jo på min åg! Spis avføring??? Nei dette kom så et sjokk. Mulig de va Cato eller noge? Forresten, har han løpt? De kan bl dyrt for meg og Ragnhild viss han løpe for langt, kan sje nogen elever få han te å begynne å røyke litt før han ska springe før årets løp for misjonen?
LikerLiker
Det der såg veldig ut som Cato, ja. Han sprang 26 rundar, så nå kan du bare finna fram kalkulatoren. Di bankte inn 200 000 på det løpet, du ska bare betala ein liten promille av det beløpet håpe eg.
LikerLiker
au
LikerLiker
Eg maa sei eg savne neset litt,ja. D va saa spennande pa nettene i 1., spesielt naar du va tilsyn:D Du gjorde livet litt merr interessant. Eg gaar udifra du savne oss aag? Bare bittelitt?;)
LikerLiker
Eg saknar stort sett alt som har vore ein del av livet mitt, men som ikkje er det lengre. Det involverer mellom anna ein god del av mine tidlegare elevar. Når det gjeld akkurat unge frøken Mjølsnes, vil eg tru du dukkar opp her på øya i ei ikkje for fjern framtid. Difor vert saknet noko lettare å bera.
LikerLiker