Kva er det med dette ordet søt? Kan alt vera søtt? Det verkar slik. Dersom du er jente. Om du er gut, er det ikkje så mykje som kan vera søtt. Jenter kan vera søte, men er mykje oftare bra, snege, gilde eller flotte. Ellers er søt for gutar kun brukt om smak. Mat, rett og slett.
Ikkje slik for jentene. Det er ikkje grenser for kva som kan vera søtt. Gamle par som dansar på TV er til dømes søte akkurat no, dersom me skal tru ho eg sit i same stove som. Eller det kan vera eit insekt. Ein snegl. Ei bok. Eit bord. Ein bil. Ei flaske. Berre det er lite nok. Det verkar som om alt som er lite, er søtt. Det er lite, ergo er det søtt. Er ikkje dette i overkant rart?
Og dette med kva menneske som er søte. For gutar betyr ei søt jente ei jente ein finn tiltrekkjande. Enkelt og greit. For jenter er ikkje eit søtt menneske nødvendigvis noko ein føler seg tiltrekt av. Nei. Og kanksje heller stikk motsett. Den gamle mannen på sjukeheimen. Han kan vera søt. Dersom han ser stakkarsleg nok ut, og har store, spørjande augo. Ungdommen som står på døra di og lurar på om du skal kjøpe kaker til inntekt for skuletur. Christian Borch. Eg forstår ingenting av dette.
Skjønn skal eg ikkje ein gong starta på, det ville teke heile natta.
ikke vondt ment på noen måte men ta i betraktning at du bor med ei karmøy bu. d e noe med de
LikerLiker
Flott observasjon, men ikkje like korrekt heile tida synest eg. Ein snegl kan ikkje vera søt. Då må den i så fall vera laga av porselen, ha miniklede på seg og gjerne vera rosa, og lukta søtt. Sneglar er ikkje søte 🙂 Og eigentleg trur eg ikkje det har så mykje med storleik å gjera heller. Ein stor mann kan vera søt, og eit hus og faktisk 🙂 Skjønn er eit herleg ord som du gjerne og må utreda 🙂
LikerLiker
Bur du med ei frå Karmøy? Kem ka kor?
LikerLiker
i ditt håve tore e alle fra karmøy. men kemm i hule e denne L? E de disse lundeneset elvene så knege på? jaja, uansett, tore, karmøy asså, ring meg så ska du få nogen nummer
LikerLiker
L: Eg veit om folk (jenter) som spontant har utbrutt «sjå den søte sneglen» på våt asfalt. Den hadde rett nok hus på seg. Og når det gjeld menneske, er det ikkje storleiken som avgjer kor søt vedkomande er. Det gjeld kun ting. Eg held fast på min hovudteori, at for jenter gjeld doktrina lite=søtt. At El Toro ikkje er kjent med min sivilie status, kjem som eit sjokk. Han burde vita betre. Eg bur med to damer tre dagar i veka. Slik er det med den saka. Og kjære bror, kva nummer er det du skal gi til Tore?
LikerLiker
Ikje gi noen nr til Tore, vær så snill. Han spolere det bare uansett, og du komme til å få skylden. Sann mine ord!
LikerLiker
takk for rådet! ja de stemme de, han pleie å vera ganske utakknemelig!
LikerLiker
Ser du åg har fått deg blogg! dr e jo någe i d då…feks sånne knøtt små joggesko t babyar..di e jo søde =)
LikerLiker