I morgon reiser eg til Bergen. Eg skal på kurs på Kongshaug fram til laurdag. Det er betre å reisa til Kongshaug enn til Vestborg, der me var på kurs for fire år sidan. Då humpa me oss oppover Vestlandet langs fjordtarmar og bratte brekker i ein liten buss som berre hadde varmeapparat framme. Eg og kokka på skulen vår sat i baksetet og hutra i tolv timar. No skal eg køyre eigen bil, og det er langt å føretrekkja.
Ettter at kurset er ferdig, tek eg meg nokre feriedagar i Bergen. Bergen er ein gild by, med mange gilde folk. Eg trivst rett og slett der oppe. Sjølv om det er vått og bratt. Dette kan sjølvsagt ha si årsak i at Bergen husar ein talrik Finnøy-diaspora. Vonar me får til ei samling ein kveld.
Ellers har det siste døgeret lært meg nokre lekser i livet. Som til dømes at det er stor forskjell på å kjøpe og selge aksjefond. Når du kjøper, går pengane ut av kontoen. Når du sel, kjem dei inn. Når du så kjøper når du eigentleg hadde tenkt å selje, kjem du opp i store likviditetsproblemer. Og må ringje rundt til diverse kreditorar for å forsikra dei om at dei skal få pengane sine om tre dagar, når du har fått sett nettbanken i revers.
Eg har og lært at eg må bli betre til å sjekke lista over kva tid eg skal ha tilsynsvakt. I går fann eg det ut då internatleiaren vår smilande kom bort til meg og ga meg lista over dagens tilsynsgjeremål. Klokka kvart over tre. Så då vart det ein dag med opplåsing av rom og snylting på elev-steikte vafler.
Bergen er ein fin by. Men nett i dag er den skikkelig kald. Ta med ullgensar 🙂
LikerLiker
Haha! Eg ser for meg deg jobba i et meglerhus. «åjaha? du sa selg ja, ikkje kjøp? ai ai…»
LikerLiker
og for all del fiskestang. høre laksen står fortsatt i store longoen
LikerLiker