Korleis klarer dei å rekne seg fram til at det blir "rekordjulehandel i år igjen"? Sender alle butikkane i landet inn oversikt over kor mykje dei sel for kvar dag i desember til ein stakkar som sit og slår alt inn på ein kalkulator for så å sende melding ut til avis-redaksjonane om at "nå handler folk som aldri før, dere"? Eg er ingen økonom, så det er mogeleg hobbybonde-journalistøkonomen på Sevheim kan fortelle meg litt meir om korleis dette fungerer.
Eg har iallefall ikkje bidratt til å dra presangforbruket opp. I år har eg til og med byrja å laga presangar. Rett nok ikkje noko sløyd- eller håndarbeid, men likefullt. Eg har det ganske roleg på julegåvefronten, heldigvis. Men eg prøver å leggje litt omtanke i dei.
Sist gong eg laga julegåve til bror min gjekk det så gale at akkurat det prosjektet er gravlagt for alltid. Han får noko som kostar pengar og ikkje tid. Det er det einaste kjærleiks-språket han forstår.
KONGE!eg begynte å frykta nok eit skandaløst kurongbord, men heldigvis rodde du deg inn te slutt.Når eg ein gang ligge på dødsleie mitt komme eg sikkert te å få dårlig samvittighet for de kurongbordet, men så lenge eg leve å e nesten frisk komme de isje på tale!!lenge leve mammon!!!
LikerLiker
Hehe… SSB levere hvertfall tal øve vårt forbruk kvar måned. Og tar man den generelle veksten i dei forrige månadene og plusse det på fjorårets desemberhandel- og vips man har årets julehandel… Ergo komme den samme saken kvart år plussa på forbruksveksten det året (evt minus, hvis det mot all formodning skulle skje). Ikkje at eg har jobba med den saken akkurat, men kan tenka meg at det e den einaste logiske forklaringen evt at diverse markedsundersøkelse gjort på julehandel også kan kartlegge kva me planlegger å bruke denne julå. Ikkje verre enn det.
LikerLiker
Takk, hobbybonde-journalistøkonom. Det nærmar seg nyttår!
LikerLiker
Eg trur eg er med på å klussa til dei tala. Eg har nemlig brukt opp alle pengane mine som skulle gå til julegåver før i år. Viss mitt desemberforbruk skal matcha resten av året, kjem eg til å gå konkurs, og alle vil få heimalaga ting til jul. Så la oss for mitt omdømme si skuld håpa eg ikkje går konkurs :)Eg det forresten berre eg som har problem med å logga inn på weblogg?
LikerLiker