Det er natt ute, eg er i huset mitt og har vore hjå naboane mine og ete alskens mat som eg ikkje var førebudd på at eg ville få servert. Det er alltid kjekt når ein får meir enn ein forventar. Og eg er velsigna med gilde naboar.
Netter er strengt tatt ikkje ei god tid å blogge på. Ein veit aldri kva ein kan koma til å skriva. Kanskje det beste hadde vore å gjere som min faste blogg-kommentator L – som snik seg som ein mystisk, anonym skugge rundt på nettet på Kvitveis-sida si. Kvitveis sin blogg er heilt fantastisk. Her har me eit menneske som veit mykje om viktige ting i livet. Smerte, glede, venskap og kjærleik. Som mislikar Frp og nyttar hovudmål som kommunikasjonsmetode. Og likevel – etter å ha lese bloggen hennar har ein ikkje peiling på kven ho er. Beundringsverdig. Og mystisk. Og litt frustrerande.
Men eg kan ikkje gjere som Kvitveis, eg har søsken som vil bruke alt eg skriv mot meg på dei nært foreståande famileselskapa. Eg lyt halde meg til tema som ikkje vekkjer uønska reaksjonar hjå tanter og anna slekt.
No som det er natt, dukkar stadig nye behov opp i denne boligen min. Tre ting eg MÅ skaffe snøggast råd:
– Rørslevàr sensor til lyset i trappa
– Hyller og skuffer i skapa på soverommet
– Ei planmessig kunstnerisk utsmykking i første etasje av huset
Alt dette får høgste prioritet etter jul.
I dag vart eg forresten merksam på ei heilt ny problemstilling. Eg var på butikken, og der sat Else-May og selde juletre. Ho spurde om eg skulle ha. Eg vart heilt satt ut. Skal eg ha juletre? Forventar Finnøy-samfunnet at eg skal ha juletre, og pynte huset mitt til jul?
Eg har ikkje lyst! Eg fekk rett og slett litt panikk, der eg stod i butikkdøra. Eg sneik med unna ved å seie at dersom eg bestemmer meg for å kjøpe tre, skal eg kjøpe av henne. Men eg kan aldri tenkja meg at eg kjem til å kjøpe noko tre. Eg eig to ullhjarte og ein engel. Det er alt eg har av julepynt. Og det er eg komfortabel med. Er det sjukt?
snart eige du ikkje ullhjetene heller. dei ska jo gjes vekk. men du trenge ikkje juletre, kåre. eller, du kan jo kanskje ta plasttreet dadda hadde?
LikerLiker
Denne absurde tradisjonen. Å dra et grantre inn i stua. Hiva på masse glorete, kitchy, og glinsande kuler. For ikkje å snakka om «pynten» du finner på juletre som det heima hjå familien Trahaug. Der eg kvar julemorgen blir minna på mine egne, og mine brødre sine, tydelege manglar i form og fargelære. EG FORSTÅR DET IKKJE. EG FORSTÅR DET IKKJE EINGON PÅ ET LÅGAST TENKELEG ABSTRAKSJONSNIVÅ. EG FORSTÅR INGENTING.
LikerLiker
Når du har vært så flink og tovet to ullhjerter og laget en engel, er det egentlig ikke så verst. Juletreet har, foruten det rent estetiske, to funksjoner i det moderne samfunnet: (i) man kan legge julepakkene under det og (ii) man kan gå rundt det mens man holder andre mennesker i hendene og synger «du grønne glitrende tre, goddag. Skal noen av disse aktiviteten utføres i ditt hjem i julen, er det påkrevd med en domestisert gran i stuen. Men all den tid du (til min oppriktige indignasjon) fremdeles er ugift og ei heller har sådd på ymist lag, og følgelig ikke har eget avkom, antar jeg at julekvelden, med tilliggende aktiviter, skal tilbringes i idylliske omstendigheter på Nordre Vignes. Hvis dette er korrekt, vil jeg si at juletre er bortkastet bruk av dyrebare penger.
LikerLiker
Tusen takk!!!!ps: om lite julepynt er sjukt, så slit eg og 🙂
LikerLiker
Ikkje kjøp julatre. Hvis du vil ha tre, så kan me gå opp i skogen lille julaften heller og saga ner eit tre.
LikerLiker
Ja, den e eg me på. Det må var den einaste brukelige grunnen til å skaffe seg julatre. For på juletrehuggetur kan me eta fenalår og drikka kaffi og brennevin.
LikerLiker
Takk for flott tilbod, El Toro. Så spørs det om me orkar å vasse rundt i sorpe i Sevheimsheia på laurdag. Dersom solsnumarkeringa vert like vellukka som me trur, skal det nok bli godt å sove litt frampå den dagen…
LikerLiker
Det er helt greit å ikke ha så mye julepynt, det er tross alt det vanlige ellers på jordkloden. Selv om en tar bor alle laverestående organismer er det bare en bitteliten microandel, kansje snakker vi nanoandel, vesener som faktisk eier julepynt. Felles for disse vesener er at de neppe er særlig komfortable med sin mangel av julepynt. Summa summarum; greit å ikke ha, men å være komfortabel med sin julepyntmangel – det er sjukt det.
LikerLiker
Ser at du søker identiteten til en mystisk jente – kvitvei eller L. Kjente opplysninger er fødselsdato og kjønn. Kjønn er et lite presist spor, selv om det muligens ikke er så mange av hunkjønnet av betydning i livet ditt. Fødelsesdato er 1 januar, og som de fleste sikkert vet får innvandrer med ukjent id 1 januar som fødselsdato, det vil si at vi har endret noe på det, siden datoen har blitt overbelastet med hensyn til ledige fødselsnummer. Mye tyder derfor på at du søker en av våre nye landsmenn, sannsynligvis opprinnelig fra en dårligere møblert del av verden.
LikerLiker
Hehe, fin resonnering der fra Innvandrerkontoret, om enn ganske feil 🙂 Ettersom eg likar å vera anonym, kan ein jo og muligens gå ut ifrå at fødselsdatoen kanskje ikkje er pinlig korrekt.. 😉
LikerLiker
Eg må innrømme at den tanken aldri har slått meg, nei. Den falske fødselsdatoen er jo enkel å avsløre. Men der ute ein stad, er det nokon som kjenner Kvitveis. Kanskje ho var den mystiske dama som sat og kasta lange blikk etter meg og Torben på Naboen? Kven veit…
LikerLiker
Så du og denne Torben har fått deko ei mystisk beundrerinne i Bergen? Ho vil me høyra meir om! Det var ikkje meg som var på Naboen 🙂
LikerLiker