Eigentleg burde eg vel ha kome med ei oppsumering her. Av 2006. Men det orkar eg ikkje. 2006 er forbi. Eg verkar etter å skrive 2007 for første gong. Der. 2007. For eit år det skal bli.
Eg vil ta eit fotografisk tilbakeblikk på juleferien. Dei som ikkje tykkjer det høyres interessant ut, kan heller gå hit og sjå på biletet av då Kjetil fekk mandarin kasta på seg på riskremfest 2005. Eg har ledd og ledd av dette biletet denne jula.
Over til andre og meir ferske bilete:

Tommen. Tommen var på Finnøy. Tommen. Denne mannen som eg budde med i Stavanger i nesten eit år. Denne mannen som trudde Gud sendte han pengar kvar månad, medan det eigentleg var eg som sette inn pengar for husleige. Denne mannen som serverte komle i bryllupet sitt. Eit gledeleg gjensyn.

Oddvar bror min i Oslo som frekk julenisse. Han kledde seg ut og gjekk ned og skræmde naboungane.

Bryllup! Søster mi gifta seg med Even. Det var ei særs stor dag. Eg fekk trua på kjærleiken.

Nyttår! Tore veiftar med stjerneskudd. Ein hyggeleg kveld på Kindingstad.

Kjetil viser fram munnsåret på leppa si. Det er godt synleg mellom fingrane hans.
No får me vona at dette er med på å bidra til at eg havnar på reiereiers oversikt over lesbare bloggar. Han bør snart vera nøgd. Eller skal eg måtte legge ut bilde av han sjølv og barnet hans først?
Du har verkeleg gjort noko i jula du. Når folk spør kva eg har gjort, svarar eg berre «ete» og «familiebesøk», det oppsummerer godt. Men du, kvar er bileta av deg?
LikerLiker
Eg er sjølvsagt bak kamera.
LikerLiker