Eg var ein av dei første til å gå inn. Eg hadde stilt meg i kø for å vera tidleg ute. Eg likar eigentleg ikkje desse billigselskapa som ikkje kan gi oss ein fast plass. Skal det liksom kosta så mykje for dei å setja eit nummer og ein bokstav på ombordstigningspassa til folk? Resultatet av dette er jo at det blir opphopning av folk, sure mine, tvilsom praktisering av regelen om at folk med små ungar kan gå først i køen, og generell mistrivnad hjå dei som skal ombord i flyet. Ein skulle tru at flyselskapa skulle vera interessert i at folk var minst mogeleg aggressive når dei skal inn i ein trang kabin med forsvarslause flyvertar og -vertinner.
Men var altså ein av dei første. Eg kunne velga sete. Eg sikta meg inn mot det gjeve nødutgangssetet. Mot midtgangen. Det er den beste plassen. Då ser eg til min skrekk at dei har åpna døra bak i flyet. Folk velta inn. To damer med mord i blikket spurta mot kvar sitt nødutgangsete. Og nådde fram rett før meg. Dei såg kva eg ville ha, men dei tok det frå meg like føre augene på meg.
No var eg allereie komen så langt at bak at eg måtte gi gass og komme så langt bak at eg ikkje vart sitjande og sjå ut på ei av vengjene. Eg taklar ikkje det. Eg ser etter lause deler, etter deksel som ikkje sit som dei skal, etter ting festa til flyet som ikkje høyrer heime. Så dersom eg ikkje får ein nødutgangsplass der ekstra fotrom kompenserer for vengjeutkikk, må eg sitja langt bak. Då har ein og eit fnugg av sjanse til å overleva når me går ned i ulendt terreng.
Vel framme langt bak, krylt inn ved eit vindauge, fann eg meg sjølv. Fram med iPod, av med mobil. Strekke på føtene. Umogeleg. Heldigvis såg det ut for at setet framføre skulle verta ledig, slik at ingen kom og la det bakover under flyturen. Og ledig vart det. Heilt til Ho kom. Ho kom og sette seg i setet. Ho var ein del av eit reisefølge på seks. Dei var på stigande rus, og klare for London.
Det første ho gjorde då ho dumpa ned i setet framføre meg var å kjøre setet sitt så langt bak at kneskålene mine fekk kraftig pryl. Eg freista så godt eg kunne å stritta imot. Til inga nytte. Ho tok ikkje hintet om at det faktum at setet var vanskeleg å få bakover betydde at mannen på 1.90 rett bak henne hadde det noko trangt når det gjaldt rom for føtene. Eg sukka. Høglydt.
Heldigvis kom take off og flyvertinner som fekk alle til å retta stolane sine opp.
Men gleda varte ikkje lenge. I augneblenken lyset med "fest setebelter" vart sløkka, kom setet som ein katapult-arm mot meg igjen. Det skulle vore forbudt. Seter som kan leggast ned på fly skulle vore forbudt. Me som er anstendige menneske legg ikkje ned seta våre i fly. Me tenkjer på dei som er bak oss. Ikkje denne dama. Ho dreit i alt. Og ho sat ikkje i ro. Ho dunka i setet og herja på slik at det ikkje gjekk an for meg å sitja i den einaste stillinga eg hadde ein viss komfort i – ei slags fosterstilling med hovudet lent mot setet framføre. Men der var det så mykje rørsle at eg hadde risikert å pådra meg whiplash.
Etter kvart oppfatta eg i min smerte-dis at noko ikkje stemte. Eg såg ikkje dama framføre meg. Når folk sit framføre deg i eit fly, plar du sjå toppen av håret deira. Eg såg ikkj noko. Eg måtte kikka for å sjå kvar ho var. Setet vogga jo fram og tilbake, så noko måtte det vera. Då såg eg det. Ho sat ikkje med ryggen mot setet, slik ein skulle tru at ein person som legg seteryggen sin bakover gjer. Neidå. Ho sat bakoverlent, nærast liggjande, mot flyveggen. Og lo. Og vart befølt av den tvilsomme mannen ho reiste med. Trur eg.
Eg skreik innvortes, tenkte at denne dama garantert er ivrig Frp-ar, og prisa meg lukkeleg for at eg ikkje skulle til Kuala Lumpur.
herlighet. eg ante ikkje at folk som legge ned setene på fly e så djupt hata. der. frå nå av ska eg aldri gjer det igjen. ellers registrere eg at kvitveis ikkje legge igjen kommentarer her lenger. håbe ikkje de har å gjer me at eg å oddasatt tøyste om at me va lei av u. eg e i alle fall ikkje leie.
LikerLiker
hehe..d va rett å slett kjekt å lesa dette innlegge…d ga meg ein grunn t å vær gla får att eg e så låge! hehe..e kje så sykt mange fordeler me d, men den der e ganske gudd =) hehe..
LikerLiker
Kvitveis let seg nok ikkje plukka på nasen. Og eg har fortalt henne tilstrekkeleg om Oddasatt til at ho burde vita at den mannen berre kan takast alvorleg i små dosar.
LikerLiker
Ka, e de ikkje lei meg? YEY! Då vil eg berre få sagt at bileta frå London var fine, at eg aldri meir skal okkupera setene ved naudutgangen (sjølv om eg er relativt høg), og at om dama er aktiv Frpar, så forklarar det alt. Saklig skal det vera… 🙂
LikerLiker
Å smerte! Nedleggbare seter er berre ein av grunnane til at eg aller helst vil ferdast med tog – om det så skal vera til England.
LikerLiker