Eg vil starta ein ny miniserie på bloggen min, ikkje minst for å komma meg gjennom denne perioden der eg på ingen måte veit kva eg skal skriva om. Eg skal ta føre meg dei andre bloggarane på sevheim.no og laga ei liste over kva eg veit om slekta deira. På den måten skal eg finna ut kven av dei eg kjenner best. Dei har og høve til å stoppa denne miniserien dersom dei ser at dette fører på ville vegar. Kanskje eg veit ting dei ikkje vil skal komma ut? Sjå gjerne på det som ei straff for manglande bloggoppdatering. Me startar med Tore.
Tore Sevheim:
Far Oddmund, mor Kristin. Oddmund er bonde, og har ein av dei største (om ikkje den største) garden på Vestsida og kanskje heile Finnøy. Kristin jobbar på Rygjabø vidaregåande skule. Dei er glade i sjøliv, og har ein båt dei reiser på tur med ganske ofte. Kristin kjem opphaveleg frå Stavanger.
Søster Gro, bror Ole. Gro har sambuar og ein son, Gustav. Gro gjekk i klassen under meg på skulen, så me tok same skulebuss. Gro har budd lenge i Bergen. Ole har dame. Kanskje dei bur saman, eg veit ikkje. Ole studerte i Trondheim. Det gjer han ikkje lenger. Han er flink å skyta straffespark. Og så var han redaktør i Vignes-nytt, ei bygdeavis som kom ut på midten av nittitallet. Kvifor ingen har teke arven opp etter han, veit eg ikkje.
Tore si farmor kjøpte alltid lodd då eg var mindre. Ei gild dame. Sjølv om ho visstnok skal ha uttalt til Tore at ho ikkje trudde eg kom til å bli gift nokon gong. Kvifor ho ytra slike profetier, veit eg ikkje noko om. Det får vera ei trøyst at ho lyste same dom over bror min.
Og så har eg vore lærar for eit søskenbarn til Tore. Gry. Ho kom frå Rosendal eller noko. Så då må Tore nødvendigvis ha noko slekt der inne. No bur ho på sunnmøre og jobbar i NLM, nett som meg.
Tore budde på hybel hjå ei tante og ein onkel i Stavanger. Dei budde like ved gamle Stadion. Eg veit ikkje kva dei heiter.
Dette er faktisk alt eg veit om Tore si slekt. Eg trur ikkje eg kan gi meg sjølv meir enn fire av ti poeng for slektskjennskap. Eg veit jo ikkje navnet på ein einste onkel eller tante. Skandaløst. Men pluss for at eg visste kva guten til Gro heiter. Her må det knallhard kursing til.
Kva med ei slektsinnføring på bloggen din, Tore?
Ai ai. Dette va overhodet ikje bra. Eg kan mye mer enn deg. Tror faktisk eg ville gitt meg selv 9 av 10 poeng på slekten til Tore.
LikerLiker
Hei du, eg visste kje du hadde blogg! Va heilt tilfeldig eg kom inn på her. Va inn på venners blogger, fekk så linker videre te andre blogger, som hadde linker te andre blogger, som hadde link te din! Uansett, kjekt å se an! Hei!
LikerLiker
Sjølv så kjenne eg ikkje slektå mi lenger ut en tante og onkel-stadiet. Så det er kanskje ikkje så rart at du ikkje kom så langt heller.
LikerLiker
Eg vet du har en tremennening som hete Petter, som bor i Stavanger. Det visste du vel nesten ikje selv.
LikerLiker
Dette er imponerande, spør du meg. Eg kalla bestemor til venninna mi for ‘mormora di’ heilt til eg fann ut ho var døden nær, og måtte følgja med på dødsannonsene. Eg kan ikkje eingong namnet på foreldra til ei anna venninne av meg, som eg er mykje med. Skummelt.
Forbetringar må gjerast.
LikerLiker
.. og med fare for å masa mykje på ein gong: korleis ser du på tremenningar? Bør ein kunna slikt og? Kor mange ledd bør ein få med seg før det er godkjent? 🙂
LikerLiker
For å gi meg sjølv ti poeng, må eg vita navn på alt av onklar, tanter og besteforeldre. Samt sentrale søskenbarn. I eiga slekt har eg eit absolutt krav om å vita navn på alle besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn. Samt sentrale onklar og tanter av foreldre. Tremenningar byrjar å bli langt ute. Dei er jo så langt ute at ein kan gifte seg med dei utan å søke om løyve.
LikerLiker
TIKKEN!
(viss du isje fatte noge nå, så e de forståelig.. men viss du då lese på min blogg, så e de lettare å forstå)
LikerLiker
Noge så lede deg rett inn i fellen me at du å margrete burde part dokker før de va for seint..
LikerLiker
Du har blitt tikka k, no e eg spent på seks rare ting.. 🙂
Når det gjeld tremenningar, så må eg skyta inn at eg ikkje har kontroll på andre enn dei som framleis bur heima i bygda. Men eg er visst i slekt med ein som spelar på Tromsø, kven no det måtte vera. 🙂 Likevel inga stor fare for at eg gifte meg med ein.. 🙂
LikerLiker
Vil bare på det sterkaste på vegne av http://www.madland.weblogg.no beklaga at eg mest sannsynlig har publisert eit bilde som Kåre Vignes har fotografert, og sjølv tatt æra for å ha tatt bildet.
Herved.
LikerLiker
Hallois, Kåremann! Endelig fikk jeg tatt turen innom din eminente blogg. Fine bilder fra Island. En god kombinasjon av vakker natur og morgentryner. Takk for sist, forresten. Riktig festlig var det! Snagges.
LikerLiker
Tremeningar? Har eg det? Kor komme di i frå? E forresten i slekt med hu på ladstein. 14-mening eller någe. Ikkje godt å sei, men e det einaste av slekt eg har på Finnøy. Det er eg særs nøgd med. 🙂
LikerLiker
Tremenningen din e vel strengt tatt fra Sandnes, og så har han gått på NTNU. Får eg mer poeng enn deg nå??
LikerLiker
Hah! Eg utfordre deg på slektå mi. Men ikkje utfordra meg tebars. Eg vett bare foreldre, kor besteforeldrene dine bur samt magnhild meltveit kleppa. D e jaffall ei tanta.
LikerLiker