Påsken

Det må gjerast opp status etter første påske i eige hus.

Denne påska vart på mange måtar annleis enn tidlegare påsker. Eg kom heim til Finnøy Palmesøndag. Eg var ikkje i god form. Sju timars tidsforskjell gjorde at eg ikkje sov særleg mykje dei tre første nettene etter tilbakekomsten. Dette igjen førte til at eg sikkert oppførte meg rart og gjorde mange dumme ting. Unnskyld.

Påske har vore fast tid for desse tinga: Båtpuss og sjøsetjing. Fotball på plenen. Fisketur til aurevatn. Eg fekk ikkje gjort noko av dette. Båtpussen var det ikkje vær til. Det var kaldt og ufyseleg. Fotball på plenen var det ikkje vær til. Det var kaldt og ufyseleg. Aurefisket vart det heller ikkje noko av. Det var rett og slett for kaldt og ufyseleg.

Dette skrekkens været gjorde at eg fekk vera mykje inne. Me spelte mykje kort i påsken. Det var kjekt. Og så fekk eg mykje besøk, gjerne uanmeldt, gjerne seint om kvelden. Det var og hyggeleg. I tillegg fekk eg treffe heile familien, samt ein del Sandnes-slekt, og det er alltid triveleg. Det må jo seias at mine søsken har tilført familien kvalitetsheving ved valg av ektemenn/kjærastar.

Det har og vore ei stor påske på internett. Me har hatt hyggelege spelekveldar. Bror min har vore hjå meg kvar dag omtrent. Me har rett og slett kome nærare kvarandre som mennesker. Fantastisk.

Og så var det dette Facebook. Eg la meg til i byrjinga av påskehelga, og no har det teke heilt av. Eg har ikkje bestemt meg for om eg likar fjesboka eller ei. Førebels ser eg underhaldningsverdien, men ikkje nytteverdien. Ergo er faren stor for at eg blir avhengig.

Kvelden første påskedag klarte eg dessutan å løyse mitt eige vesle påskemysterie. Så då må me vel seia at påske 07 vart annleis, men vellukka.

EDIT: Marie har ikkje blitt beæra med slekts-gjennomgang. Sevheim.no ligg nede fordi Tore ikkje har betalt domene-rekning, men ho må likevel reknast som ein sevheim.no-bloggar. No har Marie kome heim frå Bolivia, og då er det på tide å ta ein slektsgjennomgang.

Eg har svært lite å seia om Lundeslekta. Mor: Elise. Far: Harald. Søster: Kristina. Eller Kristine. Og så har ho ein onkel som heiter Øystein Ellingsen. Det er alt eg veit. To av ti poeng til meg. Eller tre. For å vite om den onkelen. Vonar Simon kan fylla på litt her.

9 kommentarer om “Påsken

  1. Hovudet på auren er i utgongspunktet ikkje etande. Der er magre saker. Dersom ein kokar det kan det kanskje løysast litt opp. Men eg vil ikkje tilrå eting av aurehovud. I Krinsereglane lever dei i ei anna tid. Ei tid då blodkomle og avskrapa indre magesekk inngjekk i den daglege kost. Me slepp å eta alt. Takk og pris. Og ingen kjappe kommentarer frå bror min her nå, om at det ser ut for at eg et alt. På førehand Hald kjeft, Oddvar.

    Liker

  2. Haha 🙂 Eg et det meste, men aurehovud skal eg halda meg vekke frå 🙂
    At mora i familien åt desse aurehovuda, det må jo ha vore av rein godheit, slek at borna skulle få meir mat. Men no vart det litt for djupt her, desse analytiske tendensane kjem av at eg sit og analyserar for n’te time på rad no.. zzz

    Liker

  3. Den førre kommentaren måtte eg ikkje skriva passord for å posta, den som jo var meir spam-aktig enn dei andre 🙂 (nest etter denne kanskje?)

    Liker

  4. Ja, slektå te Marie. Litt seint ute, så det e sikkert ingen som lese dette, men bedre seint enn aldri. Elise og Harald som altså e foreldrene og Kristina som e syster kan eg bekrefta at stemme. Onkel Øystein Ellingsen e gifte me Kjersti Ellingsen, som e syster te Harald. Dei har to ungar, muligt at den eine hette Fredrik. Harald har og ein bror som hette Helge. Helge e gifte me Marianne, og Marianne og Helge har to ungar, Hanne (?)og ei te jenta. Helge har ein tvillingbror, som følgeligt og e bror te Harald, som hette Leiv. Leiv e og gifte , vett ikkje ka hu hette, men dei og har to ungar; Mattias og ein te. Dette va alle syskenbarn, totalt 6 syskenbarn, 3 onklar og tantar.
    Farmor Marit bu i leilighet på Hillevåg, og har månge sysken, muligens 6. Farfar leve ikkje lenger, eg huske ikkje ka han hette, men han va flinke me fisk. Foreldrene te Elise hette Sigfrid og faren e eg ikkje heilt sikker på. Men Elise har onklar og tanter som hette Solveig, Sigmund og månge andre. Dei bur på Finnøy, Tysvær og Amerika.

    Liker

Legg igjen en kommentar