Ein kamerat har vore så venleg at han har lete meg få eit innblikk i sine avanserte og høgst akademisk forsvarbare teoriar om det annet kjønn. Denne kameraten min kjem eg ikkje til å nemna med namn, i fare for at vedkommande stengjer meg ute frå eventuelt seinare tileigna kunnskap.
Me kallar i all enkelhet denne kameraten for Erik. Ikkje for at nokon skal kjenna seg truffen på noko vis, men rett og slett så eg slepp bruka dyrebar tid og tasting på å skriva 'kamerat' heile tida. Tida mi er dyrbar, det vil eg ikkje ha noko spøking med i kommentarfeltet. Og det eg skreiv om at teoriane til denne Erik var akademisk forsvarbar, det var spøk. Slik at det er klart. Men spøk til sides.
Tilbake til den viktige kunnskapen om det annet kjønn. Kvinna altså. Dei er stort sett over alt. Både på Clas Ohlson, på pokerkveldar og på James Bond-filmar finn du dei, desse damene. Det kryr av dei og behovet for å setja dei i system melder seg så snart du trer inn i tenåra. Kvar og ein kan laga sine eigne system for å halda orden på damene.
Mellom anna har eg høyrd om stigesystemet. Nokre jenter sorterar du på venskapsstigen, nokre på kjæraststigen, og resten har du enno ikkje møtt. Parallellt med at kvinnene i livet ditt imponerer og komplimenterer klatrar dei og på stigane. Men denne modellen har svakheiter. Kva om du no oppdaga at ei på vennestigen heller burde vore på kjæraststigen? Skal ho liksom berre hoppa då? Eller skal ho klatra heilt ned igjen, tråkla seg gjennom desse som du ikkje enno har møtt, for så å jobba seg oppover kjæraststigen? Min venn Erik har svaret. Hans teori har ingen stigar.
Erik sin teori er basert på noko så enkelt som fargar. Om du er fargeblind, slit du. Då treng du ikkje eingong lesa vidare, for då kastar du vekk tid. Gå heller og plag naboen. Fargar ja. Kvinner kan delast i fargar, seier Erik til meg. Etter det eg veit, har ikkje Erik teke patent på ideen, og sidan eg kjenner meg unormalt snill i dag, skal eg no la deg få innsyn i denne kunnskapne.
Først må du veta kva kvinner som har kva farge. Kva du har igjen for det? Ikkje veit eg, men det er godt bloggestoff har eg høyrd. Godt bloggestoff betyr meir blogging – og mindre mas på meg. Derfor får du no fargekodane. Håh, du trudde du skulle få dei no? Neidå, her kjem ein fargekode for kvart innlegg de slappe medbloggarar produserar. De veit kven de er. Så set igang og blogg.
Eg treng innsyn. Tel min blogg? Eg har alt posta idag 🙂
LikerLiker
e dt fargekoder på menn og? eller?
LikerLiker
Kåre. dette her e bare tull. eg har ikkje blogg ein gong, så eg kan ikkje skriva. du myste bare bloggarar på denne måten. de e måde på kor mange dagar på rad eg gidde sjekka bloggen din, viss de aldri e någe nytt. å kvitveis, hu har allerede oppdatert bloggen sin. å sånn eg ser de, e vel de ein av dei kjekkaste bloggane å lesa. kem e du vil at ska skriva mann?
LikerLiker