Kode grøn

Grøne damer. Du vil kanskje tru at dette involverer damer som er tomme i pappen. Og det gjer det for mange, slik som for meg. Dei sløvaste knivane i skuffa kan lett enda opp som grøne kvinner. Men det har med preferansar å gjera, seier Erik. Dei grøne kvinnene er dei du ikkje vil ha. Dei du ikkje eingong ville vurdert som fru, sjølv om dei kasta seg etter deg.

Sjølvsagt treng ikkje det vera dei med intellektuelle utfordringar. Det kan, og bør, inkludera nær slekt, dei som alt er smidd fast i lenker, ja, og for oss lærarar er sjølvsagt og elevane grøne. Som du no kanskje forstår, med mindre du er treig eller har gått for å plaga naboen, så er det altså individuelt frå mann til mann kven ein plasserar i grøn bås.

Ei grøn kvinne for meg, kan for all del vera ei oransje ei for deg. Her finst ein regel som er viktig å hugsa på. Dei grøne kan ikkje bytta plass. Grøn er grøn. Uansett. Om du er ueinig, ikkje halshogg meg, ta heller Erik.

5 kommentarer om “Kode grøn

  1. eg forstår ikkje erik heilt her. fargen grønn betyr jo som regel kjør på, i alle fall gjelde denne regelen i trafikken så vidt eg vett. mrekligt..

    Liker

  2. Erik tenker meir på grønn som fargen for det ufarlege, der det ikkje er ein fare for at kjensler skal oppstå.

    Liker

  3. Eg for min del ser for meg grøne damer som veldigt opptatt av miljøpolitikk. Kanskje som nestledaren i Hamar Venstre.

    Liker

Legg igjen en kommentar