Sommaren e forbi

Av ein eller annan grunn har det ikkje gått ein dag utan at nokon har vore inne for å sjekka bloggen min for nye innlegg i hele denne lange perioden som eg noko misvisande kalla sommarferie. No er sommaren forbi. Så inderleg forbi. I går sto eg i Bjerkreimselva medan bjørkelauv fauk nedover elva med nordavinden og gjorde det surt og utriveleg å vera mislykka laksefiskar. Ein annan laksefiskar, og for det eg veit meir vellukka, har sagt dette om sommar som er forbi så mykje betre enn eg nokon gong kan. Me gir ordet til Frank.

Sommaren e forbi

Hadde ikkje du permanent?
Va'kje du i lag med Turid?
Dokke gjekk jo hånd i hånd på banen…
Eg huska eg sykla forbi,
eg tenkte så koselig,
får håba det vare evig.
Håba det vare evig!

Men nå e sommaren forbi …
Sommaren e forbi, sommaren e forbi,
å øveleva den, det va'kje vanskelig.

Hadde ikkje du permanent?
Va ikkje du i lag med Turid?
Dokke lånte båden te Konrad ein varme sommardag
og låg udmed fyret og harpa.
Eg sadd på altanen og såg alt…
eg håpte at vere sko holda seg
… men nei.

 

Sommaren e forbi. Sommaren e forbi,
sommaren e forbi.
Å øveleva den e'kje vanskelig.
Men det så kjeme ittepå kan få håve te å gå i stå,
kan få deg i heilt andre tanka,
kan få hjerta te å stoppa og banka …

Så pass på! Så pass på det du he, så pass på!

Så vonar me at han ikkje blir sint fordi eg har kopiert sangen hans på bloggen min. Kanskje det kan hjelpa på dersom eg utropar Tønes til å vera vår gildaste nolevande norske artist?

2 kommentarer om “Sommaren e forbi

  1. Du er ikkje nødvendigvis ein mislukka laksefiskar, du fiskar berre i ei mislukka lakseelv. Prøv Espedalselva neste år. Der er det mykje større laks, og mange færre fiskarar
    å dela fangsten på.

    Liker

Legg igjen en kommentar