Dette er ikkje ein blogg om valg, men ein blogg om tilfeldigheter som råkar.
Eg lot tre elevar sitte på til bensinstasjonen i dag. Planen var å køyra inn og rekka tilbake til neste time. Vel framme ville ei av dei visa meg det spanande spelet Bokstav-Flax. Eg hadde aldri spelt dette, eg held meg heller til spel der dugleik spelar om ikkje anna ei lita rolle. Ho kjøpte to Flax-lodd. Ho tok dei bak på ryggen og spurte om eg ville ha det ho hadde i høgre eller venstre hand. Høgre, sa eg. Eg skrapte. Eg vann ikkje noko. Så skrapte ho. Ho vann mykje pengar.
Kva skal ein seia til slikt? Eg reiser heim til Finnøy i dag. Når eg kjem heim, skal eg undersøka om elektrikaren har vore der for å installera badekaret mitt. Dersom han ikkje har fått det til, skal eg selga det på finn.no.
Høgre av alle ting. Høgre. Du er vel ingen høgremann vel?
LikerLiker
Meget sykt. Kor bitter e du på ein skala fra 1 til 10?
LikerLiker
1, viss det e minst bitter. Dersom eg hadde vunne dei, hadde eg ikkje visst kva eg skulle gjort. Det hadde berre ført ugreie med seg. Slik er livets lotteri. Eg er fødd i Norge, og får eta meg mett kvar dag. Eg har nok å takka for.
LikerLiker
kloke ord der k.
LikerLiker
Hvor mye penger gikk du glipp av?
LikerLiker
Glipp og glipp. Det blir hypotetiske spørsmål når det gjeld kva eg hadde gjort dersom eg hadde trukke vinnarloddet. Mest truleg hadde eg havna i koma, og ville ikkje fått glede av pengane.
LikerLiker
Elektrikar til å installera badekar? Hadde ikkje ein røyrleggjar vore meir passande?
LikerLiker
Jau, men han hadde gjort jobben sin. No var det nokre ledningar som måtte til for at det skulle bobla. Og bobla gjorde det. Bobla, freste og kokte. Eg var livredd for overledning, men det gjekk godt. Denne gongen.
LikerLiker
Hellandussen Kåre, du har fått deg boblebad!! Då e d jo bare å kjøra i gang boblebadfesten! Leie den me pengene. Gled deg heller øve at boblene ikkje tog live av deg du. Ein femmer på at du åg vinne penger på någe sånt i nærmaste framti, your time will come. -Hiv salo i boblebadet!
LikerLiker