– Du må finna deg ein plass å skriva. Du må kjøpa deg ei bok, du må setta deg ner på ein rolige plass, og så må du skriva. Skriv akkurat det som falle deg inn. Men skriv. Skriv konsentrert, ikkje tenk på aent enn skrivingå.
Dette sa Frode. Me sat rundt bordet og åt boller. Og han sa eg måtte skriva. Ingen har sagt til meg at eg må skriva sidan eg hadde norsk på vidaregåande. Ikkje sagt det så inntrengande. Og på skulen vart det sagt fordi eg ikkje skreiv langt nok og godt nok. Når Frode sa det, fekk eg kjensla av at han sa det fordi han lurte på kva eg kom til å skriva for noko lurt.
Eg har ein mistanke om at Frode ikkje ville likt at den første gongen eg tok oppmodinga hans på alvor – og skreiv for å skriva – ville vera på ein pc. Det får vegast opp med at eg skriv på ferja, som ein jo må kunne seia er vel så bra skriveplass som ein uroleg kafè i byen. Eg burde kjøpt meg ein bok, helst innbunden i kalveskinn, med ulinjerte sider. Så burde eg skrive med sirleg handskrift. Vel vel. Ikkje har eg bok, ikkje har eg penn, og så sit eg på ferja. Handskriving og ferjeristande bord går ikkje godt i hop.
Og der var me framme på Judaberg.
eg e sikker på frode synes de e greit viss du skrive på pc og. han e ikkje så vanskelige sånn. komme du i dag forresten?
LikerLiker
Eg syns og du skal skriva på pc, for om du skriv med sirleg handskrift i kalveskinnsbok, så vert det så vanskeleg for meg å lesa!
LikerLiker
å dessuten har ikkje min bror så veldig sirleg handskrift heller.
LikerLiker
Dobbelgrunn te å skriva her inne 🙂
LikerLiker