Microsoft

Eg har alltid likt Microsoft. Dei har gjeve meg det livet eg kjenner i dag. Dei har gjeve meg datamaskin og internett og nettspeling. Det kan henda at dette er ei forenkling og fordreiing av sanninga, men eg har diverre ikkje betre greie på det. Microsoft var der då eg skrudde på den første datamaskinen på Vignes. Me spela Wintergames og Wolfenstein. Rett nok brukte me Word Perfect. Var det Microsoft? Neppe, for det finst ikkje lenger.

 

For eit par, tre månader sidan skulle Livsgnist utvida med fleire medarbeidarar. Eg kjøpte ny datamaskin og programvare til vedkomande. Me kjøpte Office-pakken. Online. Me kryssa av for at me ville ha ekstra nedlastingservice i tilfelle datakrasj. Me betalte mykje pengar.

 

Då det vart klårt at maskina kom med Vista, måtte me senda ho inn att og få inn XP, grunna eit problem med rekneskapsprogrammet. At alle program som låg inne vart fjerna, gjorde jo ikkje noko. Me hadde jo kjøpt Digital Lock Box.

 

Undringa var difor stor då eg prøvde å finna denne virtuelle tryggleiksboksen. Den var ingen stad å finna. Eg ringde support, og dei hjalp meg. Me fann boksen. Der var der ikkje noko som helst å sjå.

Eg sende inn kvitteringa eg hadde motteke i mailen. Der stod det at me hadde brukt hundrevis av Euro på dette programmet. Jaudå, dei måtte innrømma at det saktens kunne sjå slik ut, sa dei. Men eg måtte sendast vidare til det europeiske hovudsupportkontoret.

 

Derfrå fekk eg ei lang liste med ting eg måtte gjera. Eg kom ikkje lenger enn til punkt to. Der skulle eg klikka på ordrenummeret på ei side. Det nummmeret fanst ikkje.

 

Eg byrja tenkja på sure epler som snart måtte bitast i, men sende ein mail til dama som er sjef for kundekontakt med små bedrifter. Der skreiv eg hyggelege ting om at no måtte me få orden i dette, og ja eg forsto at det var klussete, men me har altså betalt og eg har lagt ved kvitteringa og kan du ikkje vera så grei å berre senda oss ein ny nøkkelkode så me får konvertert prøveversjonen til ein full versjon?

 

Eg fekk svar.

 

Ho sa at ho måtte senda meg vidare til dei som sysla med nye nøkkelkodar.

 

Eg fekk svar frå dei og.

 

Der står det, utruleg nok, følgande:

 

Hei Kåre!

 

Jeg har fått mailen din fra (?). Slik jeg forstår det er det følgende spørsmål du lurer på:

 

Hvor kan du finne en nettbutikk som selger Office-pakken?

 

Vennlig hilsen

 

Og så videre

 

Eg innser med dette at eg må vera totalt idiot og utan evne til å kommunisera problema mine med omverda. Eg gir opp. Eg sluttar i jobben. Eg skal bli sauebonde i Vignesholmane.

 

8 kommentarer om “Microsoft

  1. Å vera sauebonde må vera mykje kjekkare enn å tulla med slikt vissvass. Eg syns synd på deg, og håpar desse tullingane tek til vet snart. Du må kanskje vurdera å verta litt hissig?

    Liker

  2. eg ser at eg har gått glipp av mye snacks her dei siste månane! om microsoft kan eg bare sei at dei e nogen av dei så kjem te å brenne lengst og best

    Liker

  3. Tiki 100 hadde me på skulen. Mykje lengre enn ein skulle tru, ressursmangelen i skulen e nok ikkje ny. Mulig at Microsoft slit litt med det òg. (ja, alle ikkje-vestlendingar, eg var sarkastisk)

    Liker

  4. Eg stemme for Vignes-holmane. Der eg kan komme på besøk, og me kan grille lam på bål og drikke dekadente mengder med fløte, eller andre brune meieri-produkter.
    Og. Kva var gale med Windows 3.11?

    Liker

Legg igjen en kommentar