Ja det er snart jul. Straks jul. Jul med glede og pakkar og trær i stovene. Jul med reising til Hjelmeland og feiring med folk eg set stor pris på å vere saman med. Familiehygge og god mat og drøs og hygge og seine kveldar.
Så er det romjul med haugar og lass med folk heime og fest og glede. Det blir hyggeleg det. Romjul. Ingen grenser for kor gildt det blir.
Men så kjem nyttår.
Nyttår.
Denne bautaen av ein kveld i året. Ein kveld der alt skal vera kjekt og fantastisk og strålande festleg og sprudlande. Det var slik det var, iallefall. Hugsar eg. Frå før i tida. Då me var på Utsyn og ingen stilte spørsmål ved kva me skulle ta oss til. Me skulle vera på Utsyn og eta svinekam og ha underhaldning og rista på hovudet over Kjetil og Tommen som hadde på seg redningsvestar og forventa at det var nok til å folk til å le dette året også.
Så var det brått slutt. Og me byrja å ha private tilstelningar. Det var hyggeleg, og etter at det var hyggeleg og litt rart vart det berre hyggeleg.
Så kom brotet med den tradisjonen også. Eg reiste til Oslo for å feira nyttår. Privatfest i Oslo. Kor kult er ikkje det frå ein odelsgut frå ytre Rogaland? Ganske kult. Og det var ganske kult. Fulle folk skyt rakettar dei held i hendene vassrett inn i folkemengdar i Oslo også.
I fjor tok eg saka i eigne hender og inviterte på nyttårsfest. Eg inviterte Tore og Anders. Me åt pinnekjøt i timesvis medan me filosoferte over kva mon kan vera betre enn dette?
No er det to veker til nyttårsafta. Eg har ikkje peiling på kva eg skal finna på. Anders og Tore har ikkje sagt noko om at dei vil gjenta fjoråret. Anders har fått seg dame og har mest truleg anna å ta seg til. Tore har ymta frampå om å feira nyttår i ei håle i bakken saman med Bjarne Håvard. Men Bjarne Håvard får eg ikkje tak i for å klargjera desse planane, og eg veit ikkje om eg er klar for håle i bakken-feiring heller.
Det var om ein rett og slett skulle reist utanlands?
I år skal eg på min første nyttårsfest. Eg er 25. Litt pinleg. Men når du skriv om nyttår, så kjenner eg at eg heller skulle ete pinnekjøt heime i stova, pilt til døra for å sjå nyttårsbukkar, ete meir pinnekjøt, kledd meg ut og hatt smaken av sminkestift i munnen blanda med snop, alt for mykje snop, og så skulle eg ha sett pappa skyta opp rakettar, frå ei flaske på toppen av haugen, utan alkohol og på trygg avstand frå oss borna. Men eg er ikkje 9 år lenger. Æsj altså. Eg syns du skal invitera til drøs. Eller gå i hole. Ikkje reisa utanlands.
LikerLiker
Det glede meg storveis at du huske «Mi fyrste Brosme»-bloggen min. Og eg må bare sei te alle som ikkje har vore i Afrika på Safari, at fjordane i Ryfylke e den mest fantastiske plassen i verden. Det e møye kulare å fanga Brosma i Bragen eller sjå på Havørn på Vignesholmane enn å sjå løver i Kenya. God jul og godt nyttår.
LikerLiker