Det har vore mykje klaging på bloggen min. Ikkje skriv eg noko, eg slettar kommentarar, eg skriv berre dystert og trist. Elendige klagerar.
Den ytterste pinsle av ein periode i skuleåret er her: Karakteroppgjør. Det rettast over ein ganske låg sko. Posen eg hadde med meg med retteobjekter vart liggande urørt under sofaen heile juleferien. Berre flaks gjorde at ingen av gjestene mine fann det for godt å fyre med den i jula. Den låg lagleg til for fyr. Eg hadde vore spart mykje arbeid i såfall. Kva kunne ungdommen ha sagt? Beklagar, alle juletentamenane dykkar finst ikkje lenger. Tore Sevheim fraus, og eg hadde ikkje meir ved. Ein kan ikkje stilla opp med mykje mot slikt. Men no får dei karakterar basert på sitt eige arbeid og sin eigen dugleik. Eller mangel på.
Retting er ikkje kjekt. Det er for det første mykje arbeid. Og eg likar ikkje å arbeida. Eg er lat. Det er berre å innrømma det. Dersom eg har valget mellom arbeid og ikkje arbeid, tek eg ikkje arbeid åtte av ti gonger. Men nokre gonger må ein. No må eg. Og då gjer eg. Gjerne til langt på natt.
For eg har lagt press på meg sjølv.
Eg hadde nemleg tenkt å rette i helga. Sitje og rette og styre og sjå fotball og drikke te framføre peisen. Men slik gjekk det ikkje. Eg vart nemleg invitert i selskap. Og då lyt ein jo reise. Men før eg reiser på fredag må alt vera klart. På måndag skal karakterane førast inn. Dommen min skal fellast over arbeidet til desse menneska eg er sett til å vegleia gjennom det engelske språk og kulturkrets.
Det er det verste eg veit, å setje karakterar. Eg orkar ikkje ein gong tenkje på kjensla eg sjølv hadde då eg fekk karakterar på vidaregåande.
Å vita at ein skal setja slikt i gang hjå nær hundre menneske er knapt nok til å klara å bæra.
No når du er på den andre sida, så kan du vel og svara på noko eg har lurt på sidan eg fekk min første karakter: Er smisking fruktbart? Let du deg påverka av jenter som flørtar og guttar som heiar på fotballaget ditt?
LikerLiker
Er smisking fruktbart? Eg vel å oppfatta hyggelege elevar som hyggelege mennesker. Og ser i min naivitet ikkje at det heile er eit spel for galleriet med gode karakterar som forventning. Jenter som flørtar: Kva er det? Aldri opplevd. Gutar som heiar på fotball-laget mitt: Kva er det? Aldri opplevd.
LikerLiker
Du sa eg sku kommentera alt..eg vel å starta i januar 2008! oki?Viss du synst retting e så fælt, kvifor lærar yrke!?Eg huska foresten at du har fortalt meg at du likar smisking..hehe..
LikerLiker