Tre bilder

Eg har fått den totale og fullstendige bloggdilla i kveld. Har lese gjennom mange gamle innlegg og funne ut at det var jammen kjekt å ha blogga i snart to år. Dette er det nærmaste eg kjem til å bli Tor Øyvindsk og skrive ned ting som skjer i livet mitt.

Vil bloggen leve evig? Vil bloggen vere her når eg er borte? Digresjon.

Nei eg må berre få ut tre bilete frå dei siste vekene. Med litt anekdotisk stoff knytta til. Det har vore daudt her lenge nok. No skal det bloggast.

SOLSNU
DSC01057

Det er ingen tvil – solsnumarkeringa har blitt tradison. Etter å ha sunge jula inn stakk me ut til Vignes og brant bål. Eg presterte å kle meg for tynt på ryggen, og byrja frysa ganske tidleg. Bålet varme ikkje godt nok til å byrja med, men då Bjarne Håvard og Bjørnar kom var lunken god. Såpass god at nokre vart liggjande lenge etter at Viking-songar og Deilig er jorden var ferdige. Og me andre hadde lunta oss heimover. Flott kveld. Og uvanleg fint vær. Finare enn dei fleste sommarkveldane i 2007.

NYTTÅR
DSC01098

Det vart til utlandet-reising på nyttår. Eg, Tore og Kjetil reiste til Gøteborg. Her har me nett ete middag på nyttårsaftan, og Tore og Kjetil har ekspropriert ein sykkel. Etter dette gjekk me på hotellet vårt og såg på fyrverkeriet frå 23. etasje. Ei på alle måtar vellukka feiring.

STRAUMLAUS
DSC01113

På laurdag gjekk straumen. Eg hadde invitert på grautdugnad for dei som ville vera med meg på vedbæring inn i huset mitt. Å bæra ved utan straum gjekk greit. Verre var det med grautkokinga. Løysinga vart onkel Ingvar sin krabbekokar som me henta på Vignes, samt Stabbursdalsgryta mi som er van med noko hardhendt handsaming. Grauten vart utsøkt, og det var ikkje antydning til brenning i bånn. Krabbekokargraut vert på det sterkaste tilrådd. Og koseleg vart det med stearinlys. Så koseleg at me skrudde av all straum då han kom tilbake halvvegs uti gasskokinga.

8 kommentarer om “Tre bilder

  1. Jepps. For eit par år sidan. Men det tek grusomt lang tid å få vatnet på kok på han. Og så rustar han av alt saltet. Men til graut var det perfekt opplegg.

    Liker

  2. Bilde 1: Er det varm jakke eller kvitt skjegg?Bilde 2: Den syklande presten, ser dette ut som. Så bra!Bilde 3: Genialt! Men anbefaler du økologisk eller vanleg mjølk? Digresjon.

    Liker

  3. Kvitt skjegg, sjølvsagt. Det var jo snart jul. Og eg anbefaler på ingen måte økologisk mjølk. Dei som produserer økologisk mjølk driv garden sin likt som alle andre, berre at dei har noko dårlegare hygiene. Ifølge far min, og fordommane mine.

    Liker

  4. Oj, det var fine bilder. Men eg vil påstå at den krabbekokaren ser livsfarlig ut og i beste fall någe ein kan fremstille polvarer med.

    Liker

Legg igjen en kommentar