Eg sit på flybussen frå Oslo. Sjåføren har ein skrekk her i livet. Og det er at passasjerane hans skal frysa ihjel. Det vil han ikkje ha noko av, sjåføren. Han har difor stilt opp varmeapparatet på temperaturar som sakte tek knekken på alt levande. Det er litt som å oppleva skrekkscenarioet til Al Gore på forhånd. Ein smak på ting som vil koma. Eg hadde føretrukke å leva i uvitenhet. Dette er berre heilt grusomt. Og me har ein halvtime att før me kan velta ut av bussen, pesande, higande etter kald luft. Eg vonar det ikkje vert for seint for oss.
Eg har vore i Oslo i helga. Ellen Marie vart tretti år, og eg let bildene frå feiringa tala for seg sjølv. Me hadde det ganske kjekt, nemleg.



er dette eit forsøk å kopiere det legendariske bilete av erik, frå K?
LikerLiker
Dette kjem ikkje opp mot det bildet, dessverre.
LikerLiker
Heilt klart. Bildene talar for seg sjølv.
LikerLiker
Bileta har talt.
LikerLiker
no tykkjer eg det er paa sin plass og laga ein bloggartikkel om ko fantastiske me var paa yrkesmessa, tykkjer ikkje du?
LikerLiker
… og kor kjekt du hadde det hjå syster di…
LikerLiker
Daniel, de var overmåte flinke på yrkesmessa. Overmåte. Men eg kan diverrre ikkje blogga om det. Det blir ei altfor overdriven hylling, og då blir de høge på pæra. Drols: Eg hadde det overmåte gildt hjå syster mi. Men eg kan diverre ikkje blogga om det. Det blir ei altfor overdriven hylling, og då blir ho høg på pæra.
LikerLiker
Va nå snilt av sjåføren å tenka på passasjeranes beste:D Positive tanka Kåre, positive tanka;)
LikerLiker