På førehand…

…hadde eg det ikkje heilt godt. Eg var nervøs, vrang med folka rundt meg, stressa over mulige feil i planlegginga og usikker på om dette var lurt å gjere nok ein gong. Det er jo kanskje best å lata ting som er vellukka få lov å vera det – og så slutta medan alt er bra og ingen leikar har blitt anna enn gode.

No er eg i kjellaren, reint kjenslemessig. Det er to døgn sidan første konsert på løekøntri 2008 hadde grill- og gongkakepause. Og eg lengtar tilbake.

Det er ikkje kvar dag 200 folk frå Finnøy, Rogaland og landet elles kjem til Nordre Vignes. Dei får stort sett vera i fred på gardane sine der ute, foreldra våre. Men så kjem sommaren og ufreden. Det er ikkje lenger så mange bilar som køyrer midt på nettene like utføre soverommet til Marit og Terje, men i løekøntrihelga skjer det meir enn ein skulle tru var mogeleg. Toaletta i husa blir omgjort til offentlege avtreder, plakatar blir hengde opp, framande kjem inn i gardstunet. Unni må laga frukost til femten mann. Marit får beskjed klokka to om natta at ho må laga mat til Oddvar sine vener før dei skal reisa med ferja tidleg neste morgon. Og Terje må slå opp partytelt. Omstilling – utan at ein heilt veit kva som treff ein før det står på.

Og det er svina kjekt. Det er så kjekt, at eg har problem med å koma over det. Difor sit eg og no og ventar på 20 gjester som kjem for å laga pizza og ha det kjekt. Kanskje eg klarar å koma meg vidare i livet i kveld. Huff.

Løekøntrien fører med seg kvalitetsmennesker frå heile landet til Vignes. Anne Grete, Henning, Øystein, Martin, Torstein, Gunhild, Anders,  Anne Tove, Arnhild, Elisabeth, Magnhild, Svanhild,  Trygve, Bjørn og Terje.. Tusen takk. Måtte me få fleire slike kveldar. Og måtte løa halda eitt år til. Minst.

2 kommentarer om “På førehand…

Legg igjen en kommentar