I dag er eg tilsyn. Eg byrja med å hissa på meg halve skulen fordi eg ikkje åpna matsalen før klokka tre til middag. Det enda med at elevane storma inn i matsalen og nærast brukte meg som dørmatte.
Så drakk eg kaffi.
Så gjekk eg forbi daglegstova. Der inne sat ein gjeng og såg på fjernsynet utan å ha antenna på. Skjermen var full av snø. I min godhet gjekk eg inn og foreslo eit slag maxiyatzy.
Her er det som skjedde.
Sjokk nummer ein for dei var at eg kom dragande med maxiyatzy. Hæ? MAXIyatzy? DET e jo dødskjedeligt. I all verden. Så ville dei ikkje bruka bongane. Kva er det som feilar folk? Når eg så insiterte på at det ikkje fins noko som heiter tvungen i Maxiyatzy,var det slutt. Dei nekta å spela fritt. Det går ikkje an. Folk er galne. Som om ikkje dette er nok, nekta dei å bøya seg då eg kjørte Kjetil Berge-trikset med å nekta å vera med dersom dei ikkje ville spela etter mine reglar. Eg trakk meg unna, om enn ikkje stille. Kva anna kan ein eigentleg venta seg når ein skal spela med to damer frå Rennesøy?
No sit dei her og spelar. Men dei kom ikkje lenger enn til runde nummer to før det vart meir sjau. For ho eine insisterte på at det er lov med fem kast når ein kjem til yatzy. Så no sit dei her. Og les reglar. I staden for å la meg bestemma.
Verda er sjuk.
gamal yatzy e møje bere. Lenge leve tradisjonell yatzy (eller yessi)
LikerLiker
Eller jessi så dei hippe seie..
LikerLiker
Ja, verda kjem til å gå til dunders. Dette er ikkje bra.
Men det seier og noko om kva erfaring du har med kvinnfolk, frå Rennesøy. Vel, slik kan det altså gå, når unge kvinner ikkje lenger finn seg i at det er mannen som har lære -og leiar ansvar – og i yatzi.
LikerLiker
Men Kåre, du fekk jo viljen din te slutt! å hvis eg ikkje huske feil, så gjekk du jo itte ei lidå stonn? Så, eg trur egentlig ikkje du likte maxiyatzi heller.. bare på prinsippsag at du ABSOLUTT sko spela d der nya fanzy spele..! men d e greit, eg hadde d kjekt eg=)
LikerLiker
HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA!!!!!!Utrrrrrrrrruuuuulig godt skreve dette Kåre.Men til forsvar for Kjetil Berge, så forbindes kalles også trikset i visse kretser for Kølle-trikset.
LikerLiker
Her i Kenya ville du fått viljen din Kåre. Her er mannen ubestridt sjef både i yatzy, og ellers..
LikerLiker