Aktiviteter

Sist veke var det plutseleg fint vær. Ein dag etter middag fekk eg det for meg at eg ville gå tur. Til Ølensvåg. Eg har aldri gått tur til Ølensvåg før. Det er tre kilometer dit, noko som er ganske langt for ein finnøybu. Seks kilometer att og fram, det er nesten til Judaberg frå Vignes. Ein går ikkje slike strekningar. Ein brukar motoriserte ting.

Men onsdag i førre veke bar det avgarde. Med på turen var Jon Magne og Solfrid, to ungdomar eg tek meg av for tida. Dei er miljøarbeidarar på Lundeneset, og har gått frå å vera slaskete elevar til å bli betrudde medarbeidarar.

dsc02238
Turen har starta. Me fann eit eple på vegen, og bestemte oss for å sparke det framføre oss for å sjå kor lenge det kom til å vara. Det varte overraskande lita tid, det smuldra inn til denne vesle biten etter få hundre meter.

dsc02239
Vel framme på Statoil. Trass i at dei ser glade og nøgde ut her, var Jon Magne på dette tidspunktet på utkikk etter Lundenesfolk han kunne haika med heim att.

dsc02240
Glad og nøgd bloggar. Men me smiler ikkje på bilete. Det får vera grenser.

dsc02241
Kakao på Statoil. Takk til Mari for fotografering.

dsc02242
Drikking av kakao på benkene ved brygga. På dette tidspunktet gjekk to ting opp for oss: At me hadde det svært hyggelig. Og at me ikkje kom til å få meir gjort denne kvelden på grunn av dryg tur.

dsc02243
Ein stor augneblink for meg og Jon Makne. Me er ikkje kakemenn, nokon av oss.

dsc02244
Tilbake på Neset. Tidsbruk: Nær tre timar. Effekt: God teambuilding. Gjentakelsesfare: Ekstremt stor.

5 kommentarer om “Aktiviteter

  1. Heilt klart ein meget hyggelig tur. Men fy søren d tog på ittekvart. Me hadde jo fleire nær-døden opplevelsar, å eg trur isje d e ei øvedriving å sei at refleksen min redda livet vårt fleire ganger….

    Liker

  2. Skikkelig koseligt å følla med på store og små ting du bedrive tiå med Kåre. Det har rektignok vore tørke ein stond nå. Vel va julabreve bra, men det va på tiå du tok fatt igjen. Ellers registrere eg at du ikkje dride ut någen i nabolaget eller henge ud ongange våre – frykta det nemligt 😉 PS! Bås-spanne ditt har blåst ner et par ganger denne ugå. Ska eg setta det bak huset?Snakkes,Espen

    Liker

  3. Makne: Me må snart ut og gå igjen. Espen: Ja, takk. Og sjå itte om någen har brutt seg inn. For eksempel någen av nabounge-snåttane:)

    Liker

Legg igjen en kommentar