Mobil 1. Motorola. Kjøpt i 2000. Slutta ikkje å fungera, men var bedriten på alle måtar.
Mobil 2. Nokia. Heilt ok telefon, hugsar ikkje kva tid eg kjøpte den. Ikkje lenge etter at eg kjøpte den første, iallefall. Jau. Eg kjøpte den brukt av ei dame på Forus. Slik var det.
Mobil 3. Kjøpt på QXL. Den virka ikkje, og var operatørlåst. Då eg prøvde å koma i kontakt med selgarsvinet, viste det seg at vedkomande hadde oppgitt fiktive kontaktdetaljar. Eg gadd ikkje stressa for å få hundrelappane tilbake, men bestemte meg for å ikkje bruka QXL igjen, nokon gong.
Mobil 4. Liten, blå og hendig Nokia. Slutta å bruka den då eg fekk ny av mor og far. Mor overtok den. Nå er den ikkje til å lita på lenger, men kan brukast i ytterste nødstilfelle.
Mobil 5. Skifta så til Sony Ericsson. God mobil. Hadde han i fleire år. Så slutta den å fungera, og eg måtte ha ny. Trur dette er den eg har hatt lengst.
Mobil 6. For første gong brukte eg over tusen kroner på ny mobil. Ein Sony Ericssson med godt kamera og robust utforming. Ikkje robust nok, skulle det visa seg. På holmetur i sommar låg den i lomma på buksa mi då eg skulle skifta til shorts. Eg kom til å trakka på buksa, med full tyngde, noko mobilen ikkje overlevde. Skjermen fungerte ikkje, og eg reiste heim frå holmane sur.
Mobil 7. Eg kjøpte nesten lik den gamle, berre ein litt nyare modell. Sjølv om folk eg kjenner som hadde lik, sa den ikkje var noko særleg. Eg ville eigentleg ikkje ha han heller, men det var den einaste dei hadde på heile Haugalandet som ikkje var operatørlåst til anna enn Telenor. Og eg har Netcom og ser ingen grunn til å skifta. Etter nokre veker mista eg mobilen i do. Det såg ille ut, men han kom til hektene att. Einaste ulempa var at mobilen etter doturen brukar mykje meir batteri enn ein vanleg mobil. Eg går som regel tom i sekstida. Plagsomt. Vel. Ikkje no lenger. For i dag, på veg inn i bilen, hendte det noko. Mobilen datt ut av genseren min og ned i singelen utføre huset mitt. Det stormar og bles i dag, så denne vesle hendinga fekk eg ikkje med meg. Eg la ikkje merke til at eg ikkje hadde mobilen før eg var byrja å kjøra, og rekna med eg hadde gløymt han heime. Dette viste seg å ikkje stemma. Mobilen låg i singelen.
Det interessante er at mobilar som eg har trakka på, og mobilar eg har køyrt over med ein Mitsubishi, ser akkurat like øydelagde ut, og oppfører seg på nøyaktig same måte.
Dersom nokon treng å kome i kontakt med meg, send mail.
Du har et øverraskande høgt mobiltelefonforbruk Kåre. Du får satsa på at d ligge ein nye onna treet. Go jul 😀
LikerLiker
For någe driiiiid dette her. Får masse meldingar eg ikkje vett kin e frå. Og faderen sin mobil har bare plass te ti meldingar før an blir full.
LikerLiker
Er det no me skal byrja mobilterror og senda ti i slengen? Eg kjenner meg frista
:)Min mobil byrja å virka att etter at eg lånte den vekk til ein eittåring. Han sleva eple og bananyoughurt på den, kasta den i golvet nokre gonger og åt på den. No virkar den nesten heilt fint att. Kan henda det virkar for din og?
LikerLiker
Ein kamerat kjøpte seg ein mobil for pensjonistar etter å ha ødelagt 4 (!) på to månader. Den har giganttastar, tok tre veker å skaffe frå produsenten, og egen nødknapp som går direkte til politiet.
LikerLiker
L: Eg
kan senda den gamle til deg, så kan du gi han vidare til slevande eittåringar. Margrete: Haha. Eg ler høgt. Kor fekk han tak i denne?
LikerLiker