Rasjonalisering

Kva? Er klokka berre halv ni? eg har jo knapt nok sove. Eg kan umulig stå opp no. Sjølv om det ville betydd at eg fekk nytta dagen. Men det er søndag. Eg må jo sove litt til. Herlighet.
Jahaja. Klokka er elleve. Då når eg uansett ikkje å gå på Emmaus og høyre Kjell Morten synge. Eg står snart opp. Straks. Berre litt til. Det er trass alt ganske tidleg ennå. Til søndag å vera.
Klokka halv ett. No er det på tide. Komma seg opp, nå. Men eg må jo ha morgensurfen først. Kvifor viser ingen Viking-Rosenborg på webtv? Eg orkar ikkje reisa til byen i dag. Eg vil sjå Viking. Eg får ikkje sett dei før etter påske. Nei. Eg kan ikkje. Eg må retta engelskprøvar.
Klokka halv to. Kva i huleste var det som skjedde her? Jaja. Det er framleis lenge att til det blir mørkt. Det er visst sol ute.

Edit: Klokka er ti over halv tre. Eg har ete frukost. Livet går vidare. Kjetil ringde. Me vart enige om å ikkje reisa på Viking-kamp. Har me blitt gamle og late?

En kommentar om “Rasjonalisering

  1. off..da e skremmande å sei at eg kjenne meg veeeeldi igjen i ditta here..men da så har eg jo blit gruelig gammale eg og no..

    Liker

Legg igjen en kommentar