Skuletrøtt

Eg er skuletrøtt. Eg innrømmer det. Seks timar med skule. At folk maktar det, dag etter dag. Eg tykkjer det er godt gjort.

photo0037
Bloggande Kåre. Foto: Helge J. Stautland.

Eg har vore elev i dag. På Decorah High School i Iowa. Eg har vore med i klassar og høyrt på lærarar og elevar. Kjekt! Og så blir eg drita trøtt av det. No sit eg og Helge på Magpie Cofee House og drikk kaffi og avtrøyttar oss. Helge gjeispar. To lærarar. Seks timar med undervisning, og me er totalt skutt. Dette gir oss verdifull innsikt i elevane våre sin kvardag, og det er vel det me skal få på ein studietur?

Då¨eg gjekk på vidaregåande hadde eg store problem med å halda meg vaken. Eg duppa av av og til. Då eg gjekk på høgskule, sovna eg og frå tid til annan i timane. Å sovna i ein time på amerikansk skule, var ikkje noko eg hadde lyst til å gjera. Så eg haldt meg vaken. Dette har ført til at eg no veit mykje meir om organ-donasjon. Og om korleis dei lagar årboka si på skulen. Og så har eg funne ut at økonomien er noko eg ikkje forstår meg på. På ingen måte forstår meg på.

No får me vel ut og gå litt i byen. Trur eg må heim og sova litt snart.

En kommentar om “Skuletrøtt

Legg igjen en kommentar