Tomt nes

Lundeneset er tomt. Det gir rom for ettertanke. I kveld tenker eg på dette:

– Eg er veldig glad mange kjem tilbake i august. Eg veit at ein skal gleda seg til sommarferie når det er midten av juni, men akkurat no ser eg litt fram til august. Og så lurar ein ny vår i mars, april. Våren er best.

– Andreas, som eg har budd med eit år no, har lurt seg til å bli saman med Annbjørg, som eg har hatt ansvaret for religionskunnskapene til dette året. Det er jo verdt å tenka litt på, reflektera over og bli glad av. Ein får tru på kjærleiken når folk som er gilde finn kvarandre.

– Eit nes utan elever er noko av det minst trivelege eg veit. Det er roleg, stille, dødt. Huff.

– Eg trur det blir ein fin sommar. Vekeveis med øyliv og husmaling, litt festivalar og holmeturar innimellom.

– Ikkje minst melder dei fint vær neste veke. Då skal eg på vestlandsturne.

– I dag reiste Solfrid og Daniel. Solfrid har vore her i fire år. Daniel i tre. Du verden som dei blir sakna.

Det var vel det eg kom på no.

Nei. Eg lurer på kven desse anonyme kommentatorane mine er.

4 kommentarer om “Tomt nes

  1. Jon M: Ja, det e vanskeligt å finna ord. Daniel: Vise ord. Det va jo ikkje så vanskeligt.Pandy: Eg sjekke ut i dette øyeblikk.

    Liker

Legg igjen en kommentar