Det første året eg hadde hage, kan eg ikkje minnast at eg hadde epler i det heile. Treet var der nok, men eg mistenkjer at dei tidlegare eigarane anten mishandla det slik at det ikkje bar frukt, eller stakk av med frukta før eg tok over huset 1. september. Begge deler er dårleg gjort. Dersom de les denne bloggen, kan de kanskje hjelpa til med å fortelja kva som skjedde med avling 06?
Avling 07 bar bod om eplepai. Eg hadde bunde treet opp, og det var minst 15-20 epler på det. Eg var optimist. Heilt til Trygve snubla i oppbindinga mi ein gong han hadde dårleg tid til ferja. Treet mista alle epla før dei var mogne. Eg ber framleis eit lite nag til Tryge for dette.
Avling 08 vart det ikkje noko av, rett og slett. Treet blømde, men ein stygg tørkeperiode utan vatning gjorde at det ikkje vaks fram eit einaste eple.
Avling 09 derimot. I 2009 har eg ete mine første eigenproduserte epler. Sjølv om eg maltrakterte treet stygt då eg måtte foreta eit valg om å mista ein fallande stige på bilen eller på treet då eg mala huset tidlegare i sommar, har det bore store mengder frukt. Naboane på begge sider er sterkt misunnelige. Det gir meg – ikkje uventa – stor glede.
Epletreet i slutten av mai. Bløminga har byrja å avta. Eg har eit bilete av treet i full blomst, men det er frå 2008, og vil såleis bli beteikna som juks.

Treet før hausting i dag. Legg merke til den fine hekken i bakgrunnen.

Ferdig ribba. Hausten er her.

Ei bøtte full av glede. No står ho i bilen min på veg til Lundeneset der eg skal dela ut epler til gjengen som skal ha prøve i morgon. Dei bør bli glade, ellers blir eg temmeleg gretten og sur.

Nei, dette! Eg angrar fortsatt på at eg ikkje fekk fullført planen det året det var eit eple på treet. Nemleg å bytta ut eplet med ei rød julekula.
LikerLiker
Åiheianemann! Det treet såg ut som epler med tre på, heller enn tre med epler. Litt sånn som når eg har litt skjeva under sjokaden. Kva har du gitt treet ditt? Kjærleik og omsut? Norsk sommar?
LikerLiker
Lukte me gen-modifisering på finnøy?
LikerLiker
Eg har gitt det ei bøtte med vatn kvar dag i heile sommar. Det er hemmeligheten. Eller kvar dag eg har vore heime, då. Og det er IKKJE modifisert. Utanom med stigen, då.
LikerLiker
Er det omvendt pedagogikk det prøves på.
Det er elevene som skal gi læreren epler, ikke omvendt.
Akk, for et forfall i skolen vi er vitne til….
LikerLiker
Lyt seie meg einig med Tore her. Innsmisking med elevar er ikkje tingen. Eg derimot, skulle ikkje ha noko i mot eit eple eller to. Men so e no eg ikkje elev. Kanskje eg kan bruka deg som epletreanbefaltør, når eg skal planta tre? Eg la merke til hekken. hmm.
LikerLiker
Verdien av å smiska seg inn på elevar kan ikkje overvurderas. Tenk på all den kvalm dei er i stand til å stella til for ein stakkar lærar… Når det gjeld epletre, trur eg nok det er Aroma som er min store favoritt. Epletreet mitt er ein annan sort, muligens ein variant av Summerred. Slett ikkje verst det heller. Hekken vil uansett alltid vera min store stolthet i hagen. Neste år skal eg la han veksa seg stor og høg.
LikerLiker
Ein skulle tru at hekken din var stor nok. (?)
LikerLiker
j, no som identiteten din ikkje lenger er skjult for meg, ber deg fint om å halda kommentarane dine på rett side av grensene for anstendighet og familievennlighet. Heile slekta mi og mange av elevane mine les denne bloggen. Kommentarar som denne vil difor i framtida bli sletta. Denne let eg stå til skrekk og åtvaring – og som ein merkestein over kvar grensa går. Hekken er heilag.
LikerLiker
Jaja. Orsak. Men eg kan ikkje veta korleis du tenkjer – eller kva slags forhold du har til hekken. Men nok om da. Hekken er heilag. Enig med det. Skal halda meg innanfor alle mogelege grenser i framtida.
LikerLiker
Jeg skal innrømme at jeg ikke har snøring på hvem du er, j, men jeg har sansen for deg allerede. Hva angår epler, så har vondt i magen i dag. Men det er verdt det, for eplene var faktisk sykt gode.
LikerLiker
J: Eg tvilar på at du klarar å halda deg innforbi grensene. N: Det er nok på grunn av osten, ikkje eplene.
LikerLiker
Meget mulig. J; jeg gleder meg til kommende grenseovertråkking.
LikerLiker
Hehe. Eg gler meg, eg og. Ein lyt væra litt synsk, når det gjeld grensene til Vignes’en. Men, so langt, går den ved Hekken.
LikerLiker
J: Eg ler meg i hjel. Kommentaren om hekken var rett og slett legendarisk
LikerLiker
Dette kommentarfeltet har blitt kryptisk, med alle J’ar og N’ar og G’ar. Du vert rett og slett litt mystisk no kvignes, med alle desse mystiske kommentatorane.
LikerLiker
Eg har kontroll på J og N, G har eg ein god kandidat til. Du får ta kontakt med meg på mail dersom du vil ha utfyllande bakgrunnsinformasjon om dei. Eg lovar å fortelja deg absolutt alt eg veit.
LikerLiker
Ser helst at du modererar den bakgrunnsinformasjonen min litt…
LikerLiker
Eg kan ikkje moderera utan at du gir deg til kjenne.
LikerLiker
Jeg som trodde at jeg snakket med deg i fortrolighet. Også sier du her at du er villig til å fortelle ALT du vet om meg (hvilket har blitt en del det siste året) til noen som jeg ikke har snøring på hvem er – på MAIL! Dette går for vidt, Kviga. Jeg er skuffet. Meget skuffet.
LikerLiker
Så du veit ikkje kven eg er altså. Jamen då er den saken grei;)
LikerLiker
Det kan jeg forsåvidt ikke fastslå, da jeg kjenner opptil flere mennesker med navn som begynner på konsonanten G. Jeg tenkte heller på Kvitveis; for henne vet jeg at jeg ikke har noen som helst kjennskap til.
LikerLiker