Eg hugsar då eg var atten år og gjekk på Bildøy. Det var få ting eg mislikte meir enn når det kom militærfolk på besøk til folk på skulen. Når militærfolka kom, visste eg kva som kom til å skje. Det blei snakk om militæret frå dei kom til dei reiste. Det fanst ikkje grenser for kor mange aspekter ved dette livet dei trudde kunne brukast til meiningsfull konversasjon. Det enda som regel opp med at dei blei sitjande og snakka til eit par jenter som tykte dei var tøffe og nokre gutar som tykte dei var både tøffe og interessante, medan eg sneik meg ut av rommet – eller dersom dei var på rommet mitt – opp på hemsen. Eg klarte ikkje å sitja der og lata som om eg var interessert i dette. Eg tykte dei var teite og barnslege og einspora.
No har eg eg oppdaga at eg har det på same måten med ein annan ting. No er det fødslar og snakk om dette som gjer at eg frikar ut. I går vart det snakk om fødslar. Det vart snakk om alle aspekt ved fødslar. Til og med gutane snakka om fødslar. Det vart rett og slett i meste laget. Eg gjekk bort til musikkanlegget og la meg på golvet med øyro inn til høgtalarane. Eg flukta inn i mitt indre, og lot dei snakka om fødslar.
Eg har ikkje noko imot fødslar. Fødslar trengst for at verda ikkje skal stopp opp. Det er dei som meiner at me ikkje føder nok, og at me berre må føda som galne for at sivilisasjonen vår skal overleva. Men eg har svært lite å bidra med på samtalefronten. Eg beklagar.
Hahaha! D ska isje ver lett 😛
LikerLiker
Hehe… Meget morsomt med folk som alltid ska snakka om militeret ja. Huska godt det fenomenet frå ungdommen.
LikerLiker
kåre…kåre….begynn å ver litt meir positiv! ta livet med ett smil så går det fint vet du;) god tur til Tansania…eller kor det nå var du skulle i julen…hehe!
LikerLiker
Like gale som å snakka om fødslar, er når besteforeldra får tak i dei og ikkje kan snakka om anna enn barnebarna. Eit sikkert tegn på tiltakande demens. Sjøl lurer eg berre på kor langt eg er komen
LikerLiker