No er eg i Arusha. Sit på terrassen til Knut og Inger Line. Eg drikk kaffi og ser utover byen. Det er skog så langt auga kan sjå. Skog og eit par mobilmaster og nokre få hus. Men mest skog. Dei har fin utsikt, Knut og Inger Line. Inne ser ungane på Jul i Skomakergata. Passeleg absurd. Men veldig koseleg. Pinnekjøttet ligg i kjøleskåpet og ventar på å bli lagt i vatn på onsdag. Viss det då er på torsdag det er julaftan. Eg er litt usikker her eg sit og høyrer på grashoppane og tenkjer på far som har kjørt traktoren fast i snøen.
Å vera i Afrika har til no både vore overraskande og som venta. Det er mykje meir folk over alt enn eg hadde trudd. Over alt er det folk. Dei kikkar fram bak trestammer og kjem hoppande ut i vegen. Som ein eg traff i går, sa det: I Afrika får du ikkje pissa i fræ viss du stoppa biel midt ute i bushen!
Varmen er til no ikkje eit problem i det heile tatt. Eg spradar rundt i shorts og t-skjorte utan sokkar i skoa. Eg må kjøpa meg sandaler. Ingen veg utanom. Eg et avocado som har vokse ute i hagen. Eg har det rett og slett heilt fortreffeleg.
I dag laga eg middag til Indrebøane. Lasagna smakar ikkje likt som i Norge i Tanzania, sjølv om ein brukar dei same ingrediensane. Eg kunne skrive eit langt innlegg om norske vs afrikanske råvarer, men nøyar meg med å seia at afrikanarane kom svært godt utav det. Ikkje minst kjøttdeigen.
I morgon skal eg på motorsykkeltur med ein dansk motocrosskøyrar som visstnok er ant eller trei best i motocross sør for Sahara. Eg såg ikkje den komme då Knut spurte kva eg hadde lyst til å finna på her nede, men eg har tru på at det kan bli ganske kjekt. Iallefall ganske spanande. Og med på turen er Knut og naboen Peri, som eg omtrent ikkje har sett sidan han jaga meg vekk då han var leirledar på Utsyn og trudde eg var Litlemartin som kom tilbake for å herja på leiren hans. Og då er me vel tilbake heilt i byrjinga av nittitallet…
Eg skal gjera eit forsøk på å få lagt ut bilder. Førebels ser det ikkje ut til å gå, eigentleg kjem eg meg ikkje inn på weblogg.no i det heile. For spesielt interesserte kan eg avsløra at eg for å skriva dette innlegget måtte bruka ein proxy-server.
Afrika har så langt handsama meg skrekkeleg godt. Vonar det varer. No kjem myggen. Eg vil ikkje ha malaria. Eg går inn.
Eg takke for kjekt reisebrev frå afriken. Kjekt at dei har egenproduserte avocado. De unne eg deg.
Og for all del:kjøp sandaler!!!
LikerLiker
Spør ka Peri uttalte då han kjærte motorsykkel med TeFT guttane i fjor. Sånn ca rett itte han hadde klart å kjøra eit elveleie alle andre tryna i..
LikerLiker
Angående bilder, har du mobiltelefonen med deg? Og ikkje minst, er det forhold? Man kan som regel legge opp bilder med mobilen.
Eg synes du hoppa for lett over matavsnittet. Eg forventer ein egen matseksjon på bloggen din her nå, gerne med oppskrifter, terningkast osv.
LikerLiker
Heldige du som er i Arusha, paradis på jord.
Kjør nå polepole når du skal ut å råna med Per!
Helsa til lille Linda og De.
LikerLiker