Heimtur

Eg sit på flyet på veg heim frå Afrika. Under oss ligg Hellas. Me susar avgarde i ein liten metallsylinder, 36000 fot over havet. På andre sida av det tynne vindauget er det over 50 minusgrader. Likevel har ingen panikk. Dette slår meg alltid som litt rart når eg tek fly. Ein skulle i det minste tru at det på kvart fly burde vera ein person som såg tinga slik dei faktisk er, og som frika totalt og fullstendig ut. Men neidå. Me er rolege. Me har kontroll. Når me kjem fram til London skal eg be Johan om eit av bileta han tek ut vindauget no. Dei blir svært fine.

 Me har altså vore i Afrika, eg og Johan. Det er mindre enn ein månad sidan me reiste, men det kunne like gjerne vore eit år eller to. Tanken på at me skal opp i snøen og kulden er vond og absurd. Det er ikkje mange dagane sidan me låg og duppa i det Indiske hav og lo høgt av dei heime som hadde snø og tjue minus. Det var jo garantert vekke til me kom heim att. Snøen ligg jo maks ei veke. Når me kom heim, i midten av januar, skulle det jo vera så godt som vår. Eg skulle vurdera om det ikkje snart var på tide å gjødsla plenen og ta årets første hekk-klipp.

 Slik blir det ikkje. Me gruar oss, og me gruar oss ikkje så reint lite.

 Etter at me kom heim frå Zanzibar, reiste me på safari. Me skulle overnatta to netter, ei av dei midt i Tarangire nasjonalpark. For nokre år sidan vart ein liten gut eten av leopard rett utforbi teltet. Elefantar kjem for å gnissa tennene mot trea der rett som det er. Ein vakker plass var det, men verken leopard eller elefantar vitja oss i leiren. Telt med innlagt straum, dusj og WC hadde me og. Og elefantar og sjiraffar såg me i hopetal. Dei late løvene som låg på ein haug og sola seg skulle vera eit forvarsel på kva me hadde å forventa oss på rovdyrfronten.

 Verda har mykje vakkert å by på. To av dei tinga som alltid kjem høgt opp når dei mest spektakulære naturopplevingane i verda skal kårast, er Grand Canyon og Ngorongoro-krateret. Lesarar av bloggen min vil hugsa at møtet mitt med Gran Canyon vart prega av snøstorm og sterk mangel på utsikt. Vel, møtet mitt med Ngorongoro vart og innhylla i eit slør av utriveligheter. Denne gong kom plagene ikkje utanfrå ? men innanfrå.

 Å spy er det verste eg veit. Førre gong det skjedde var i haust etter eit noko ugreit møte med ein ukurant krabbe. Då eg låg i senga mi på fredag, innsåg eg eg berre hadde eitt val dersom dagen ikkje skulle bli ein einaste kamp for å unngå å kasta opp. Eg måtte kapitulera, og stavra meg ut på toalettet og gjorde det som måtte til.

 Å seia at dagen etter det vart ei vandring i smertefri lykke vil vera ei overdriving. Eg hugsar at me kjørte gjennom porten til parken. Eg hugsar eit fantastisk utsyn over krateret då me hadde kjørt på den overraskande lange, svingete og humpete vegen opp. Eg hugsar sebra i hopetal. Eg hugsar gnu som var styggare enn eg hadde trudd. Eg hugsar late løver ein meter frå vegen som ikkje gadd løfta hovudet for å sjå på oss sjølv om me snakka hardt til dei. Eg hugsar den velsigna lettelsen som bredde seg i kroppen då det gjekk opp for meg at nokon har hatt vet til å installera vassklosett på eit strategisk punkt midt i krateret. Eg hugsar kor utrlueg ukomfortabelt det er å liggja i baksetet på ein Landcruiser når sjåføren manøvrerar seg gjennom delvis vekkvaska vegar. Men ellers hugsar eg ikkje så mykje. Då eg kom heim til Knut og Inger L flata eg ut på golvet, og blei oppfordra til å leggja meg i nitida. Noko eg gjorde. Trur eg.

 Kanskje det er noko med meg og verdsarvstader? Då me var på vestlandsturne med amerikabesøket vårt i sommar, var det Dorrit som fekk vera med på båttur på Nærøyfjorden. Eg måtte kjøra bil gjennom tunellar og plukka dei opp i Gudvangen.

 Dei siste par dagane vart tilbragt i Arusha, og det byrja verkeleg å siga innover meg at eg skulle heim. Eg sjekka jobbmailar. Eg snakka med folk på facebook utan å mobba dei for snø og kulde. Eg var svært forsiktig med kva mat eg putta i meg, og levde på Pringles og cola.

 Heimturen føregår etappevis. Me starta i går morgon med buss frå Arusha til Nairobi. Dette tok vel ein sju timars tid. Bussturen var heilt topp, og så godt som gratis. Når den nye vegen ? med asfalt og ikkje hålete grus ? er klar, blir det ei rein festreise. Me kom til Nairobi og fann oss ein taxi. Me fann tomta der misjonærane bur, og fann ut at den var ein heil del større enn i Arusha. Mange me kjenner har budd der, og det var litt som å koma til ein plass du berre har sett på film eller høyrt folk fortelja om med begeistring og glede i stemmen.

 Steike. No flyg me rett over Albania her.

 I Nairobi traff me folk frå både Fogn og Talgje, så eg byrja verkeleg å føla meg heime. Kvelden i Nairobi blei veldig triveleg av fleire grunnar. Me fann til dømes eit handlesenter der dei serverte god mat, me fann bacon og egg til frukost, og me traff mange hyggelege folk. Me hadde vel eigentleg begge sett føre oss at me utslitne etter ein grusom busstur skulle sovna i fosterstilling i åttetida og tenkja at Nairobi ikkje var noko særleg til plass. Meir feil kunne me ikkje ha teke, og då me sat og gafla i oss egg og bacon til frukost i dag var me einige om at me hadde mykje å takka for. Etappe to på turen sluttar i kveld med overnatting i London. Her blir det treffing av Dorrit og Even, og overrekking av nokre i all hast innkjøpte presangar. Dei opprinnelege presangane deira ligg nemleg i heilt til Oslo innsjekka bagasje, og kjem ikkje til å sjå dagens lys før eg er trygt heime på Finnøy.

 I morgon tidleg blir det fly til Oslo og så tog til Stavanger. Så Lundeneset og Religion og Etikk med 3ST klokka 0800 torsdag morgon. Då er det tre døgn sidan me sat på bussen og hu
mpa mot Nairobi. Kven seier at reising er så kjapt i vår tid? Men for oss er det heilt perfekt denne gongen. Med å bruka lang tid på heimreisa får me fordøyd turen på ei heilt annan måte enn om me hadde vore på Sola åtte timar etter å ha forlete Afrika.

 Eg har fått høyre at folk som vitjar Afrika for første gong anten blir djupt facinert og forelska i kontinentet, eller så kan dei aldri tenkja seg å reisa dit igjen. Eg kjenner at eg forstår begge desse kjenslene.

 Eg hadde aldri reist til Afrika utan å ha folk å besøka. Ikkje på ein tur som dette, i alle høve. Å kjenna folk der bør vera grunn nok for alle å reisa. Å ha nokon som kan språket og kjenner kulturen er ein kjempefordel. Då treng du ikkje uroa deg over alt som kan gå gale. Noko av det som har gjort denne turen så fantastisk for meg er dei gode menneska som har teke seg av meg ? først Knut, Inger Line, Hanna, Andreas og Tomas. Så Zanzibar-gjengen. Me snakka om det på bussen i går, at då taxien med Mari og Ellinor forsvann ut frå Impala Hotel, var det første gongen på turen at me var overletne til oss sjølve. Me har blitt godt tekne vare på.

 No susar me over Adriaterhavet. Nærmare Tore Sevheim har eg ikkje vore på ei stund. Han bur snart rett til venstre. Eg saknar Tore. Vonar ikkje han skal bu langt vekke neste år.

 Er eg klar for å koma heim? Eg veit ikkje. No tenkjer eg berre på ein ting. Hoummussen på the Academy. Du, som eg gledar meg.

7 kommentarer om “Heimtur

Legg igjen en kommentar