Komle og melk. Ferje til Halhjem. Einar Baardsen et rundstykke med Norvegia og drikk kaffi på bordet rett overfor meg. Han les i Dagens Næringsliv. Eg har sympati med Einar Baardsen. Han har gjort feil eg kunne gjort sjølv. Forskjellen er at han skulle styra pengane til ein mann som tente meir på ei veke enn andre tener på eit år. Hadde eg vore fotballagenten til John Arne Riise, hadde nok det same skjedd. Eg hadde ikkje klart å føra rekneskap, teke ting på sikt, tenkt at alt ordnar seg jo. Kvitteringar og bankutskriftar hadde havna i ein svær, uregjerleg haug. Til slutt hadde eg ikkje visst kvar haugen var, og skandalen hadde vore eit faktum. Så hadde eg prøvd å ro meg unna med at eg diverre var komen i skade for å gi posen over til gjenvinning, og at pengane, nei dei hadde eg nok ikkje heilt kontrollen på. Eller gitt Margrete Stang ansvaret for å ordna opp, slik eg gjorde då eg slutta som kasserar i Ungdomslaget då eg flytta til London. Eg har aldri blitt saksøkt av verken Margrete eller Ungdomslaget, så det må ha gått over i likaste laget. Av ein eller annan grunn. Etter den erfaringa har eg styrt unna alt som har med rekneskap og økonomistyring å gjera. Det går berre ikkje. Livet er for kort til å forstå tal.
Det er slike ting me har Finnøy Økonomi til. Dersom Finnøy Økonomi hadde styrt pengane til John Arne Riise, hadde Einar Baardsen sluppe alt dette kavet. Han hadde sluppe å hatt Berit Riise etter seg, han kunne kanskje unna seg ein rekebaguett i staden for Norvegiarundstykke. Han hadde sluppe å blitt blogga om av ein tilfeldig ferjepassasjer som måtte ha tidsfordriv fordi ferjenettet ikkje verka.
Ferjeturen frå Sandvikvåg til Halhjem er ikkje det han var. No er me framme, ein dryg halvtime etter at me var på Stord. Eg har så vidt fått slukt i meg komla, samt irritert meg over at dei ikkje hadde klart å smøra smørkrem heilt ut i kantane på svela.
Kvifor er det slik at svelene på ferjene ikkje blir skikkeleg gode før ein kjem nord for Bergen? Dette er berre ein av mange ting eg lurar på.
Og eg nektar å reisa meg og gå før Einar Baardsen gjer det. Han sit der enno. Mannen er ein bauta. Nei. Der gjekk han. Då gjer eg det same.
glømte navn.
LikerLiker
Glømte kommentaren og. Kvifor lar eg meg alltid lura te å kjøpa dei vonde komlene di selge på ferjå?
LikerLiker
Dei e jo steingode!
LikerLiker
Dette Vignes som latar til å synas at ferjeturen var betre når den tok lengre tid?
LikerLiker
Ein dryg halltime ette du va på Fitjar, takk.
LikerLiker
Du kjem ikkje vekk frå at Fitjar ligg på Stord… Og ferjeturen var ikkje betre før. Slett ikkje. Gassferjer og Fjord1 er heilt konge.
LikerLiker