Bjerkreimselva, 26. august 2005 cirka klokka åtte om kvelden
Nøgd fiskar med eit litt anstrengt smil. I motsetning til bildet av den første laksen min, som eg for alltid kjem til å irritera meg over at er dårleg, kjem dette inn under kategorien akseptabelt laksebilde. Dersom me ser vekk frå ansiktsuttrykket mitt, då.
Dei sa det jo. Kjetil og dei. Dei sa at når den første laksen først var på land, så var det berre eit spørsmål om kort tid før den neste kom. Eg hugsar at eg kjørte ned frå Lundeneset og stod i ein frustrerande kø på motorvegen. Eg kom til Vinningland og rigga i rekordfart. Rykta sveiv om at det var Texas i elva og at kvotar vart fylte. Eg stakk opp til Apelandshølen. Eg klarar ikkje å hugsa om det var mykje eller lite vatn – og det irriterer meg litt. Eg hugsar og ein forferdeleg enerverande sørlending som ikkje lenge i førevegen hadde belært meg om laksefisket sine løyndomar. Problemet mitt er at eg ikkje kan mislika han 100% – slik besserwissarar fortener. Han lærte meg nemleg noko som eg har hatt nytte av seinare. Nemleg mending. Det går ut på å tilpassa farten flåga har i vatnet. Og denne seine augustkvelden må eg ha menda ganske bra. For eg fekk denne, og mista ein til.
At eg mista den andre, plagar meg den dag i dag. Eg har ennå ikkje kome frå ein fisketur med meir enn ein laks. Og det er skikkeleg irriterande. Det høyrer med til historia at Leffy fekk kvoten denne kvelden. Eg veddar på at han ikkje klarar å skilja denne kvotefyllingskvelden frå nokre av dei andre han har hatt.
Det er signinga med å ikkje få så mange. Ein hugsar og set pris på kvar minste sild ein dreg opp.
Hvor mye er vanligvis en kvote?
LikerLiker
Før var det fem, nå er det tre.
LikerLiker