I det siste har eg spelt ein del yatzy. Vanleg yatzy i jula med mormor, og maxiyatzy på Lundeneset. Det er ingen tvil om at Maxiyatzy er kjekkast, og det er heller ingen tvil om at eg blir sur og provosert av folk som avskriv yatzy som flaks og tidtrøyte utan taktisk tilsnitt. Dette er tull. For å sleppa å forklara mitt yatzy-syn kvar evige gong det skal spelast, skal eg no forklara ein gong for alle kva eg meiner om Maxiyatzy. Det er min ambisjon at dette blogginnlegget skal bli eit slags standardverk for Maxiyatzyarar.
Me tek det, ikkje uventa, punktvis. Med påstandar og forklaringar. Litt som ei katekisme. Eller ei Confessio Augustana.
1. Maxiyatzy er berre flaks.
Maxiyatzy er sjølvsagt ein del flaks. Får du ikkje seksarar, så får du ikkje seksarar. Men eg påstår at ein dyktig Maxiyatzyspelar kan redusera elementet av flaks til kanskje 80-85%. Du har høve til å bruka taktikk, til dømes ved å skaffa deg bongar. Du kan stryka einarar, ta 12 på ett par dersom du får to seksarar på første kast, du har eit hav av muligheter. Dersom du har problemer mot slutten, kan du stryka full straight før du har kasta eit einaste kast, og dermed innkassera bongar. Urutinerte spelarar nyttar seg sjeldan av desse mulighetene, og havnar dermed på ein lågare poengsum enn dei hadde trengt å havna på. Å vita kva tid du skal satsa på hus og tårn, og vita kva tid du skal ta til takke med hus, er ein annan ting. For ikkje å snakka om den fulle straighten. Får du han ikkje på første kastet, er det berre å gi opp. Mange bongar har blitt fånyttes brukt i jakta på den fulles straighten.
2. Tvungen yatzy er kjekkast
Tvungen yatzy er for folk som tykkjer det er litt komplisert å knytta skoa, og difor berre brukar borrelås. Å spela tvungen yatzy tek vekk det vakre i spelet. Det er som å sjå Hellas spela fotball. Ved tvungen yatzy forsvinn så godt som heile taktikkelementet, og ein sit att med eit spel blotta for innovasjon og spelarpåverknad av det endelege resultatet. Her er det ikkje hjerneaktivitet. Her er det zombie-aktig trilling av terningane og mekanisk skriving ned av resultatet. Keisamt og meiningslaust.
3. Å spela med bongar er komplisert
Hjelpe meg. Dette er enkelt. I yatzy har du tre kast. Får du stor straight på første kastet, har du to kast til gode. Dette viser du ved å ta to bongar. Desse byter du så inn mot ekstrakast med eit seinare høve. Enkelt, og genialt. Og det som gjer spelet verdt å spela. For her kjem, som nevnt, taktikken inn i biletet.
Eg finn og grunn til å nevna oppførsel som irriterar meg grenselaust hjå motspelarar:
– Overdreven tenking tidleg i spelet.
– Unødvendig stryking oppe, som medfører stress for å få bonus seinare.
– Idiotisk prøving på å få full straight. Ekstra irriterande dersom dei faktisk FÅR det.
– Folk som ikkje ser verdien av å få bonus
– Folk som ikkje stryke ting for å få bongar
– Folk som kaste terningane sine inn i allerede kasta terningar
– Folk som ikkje forstår mitt system for å skriva poeng oppe (Eg sette ein strek dersom ein oppnår fire av det ein prøve på, så pluss eller minus dersom ein får henholdsvis meir eller mindre)
Det var alt. Meir treng ein ikkje vita om Maxiyatzy.
Sjølv om da falle meg naturlig å krangla på kvart av desse punkta, så skal eg la ver! Dette var noko du heilt klart følte sterkare for enn dei aller fleste andre..
LikerLiker
Takk. Men eg er klar til å forsvara standpunkta mine. Med nebb. Med klør.
LikerLiker
Ja, men e da kje grufullt irriterande når eg ikkje gir deg sjangsen t å forsvara??
LikerLiker
Nei. Det er det ikkje. Eg har ikkje noko behov for å slå deg i debattar.
LikerLiker
neida..du har jo ikkje da du..aldri..
LikerLiker
Du, kan du ikkje kjøra ein gjennomgang av alle typer spel du har visse krav til, både deltakere og speleformen? Feks. Risk, Store Norske etc. Så har med det dokumentert ein gong for alle. Gjerne med utbrodering om korleis reglane bør kunna vris til din fordel når det trengs. Ser for meg ein interessant skriflig duell her med Øystein. Det hadde vore flott.
LikerLiker
Det er heilt klart ein interessant tanke. Når det gjeld dette med vriding til av reglar til eigen fordel, saknar eg dokumentasjon. Såvidt meg bekjent har det aldri forekomme.
LikerLiker
(Eg sette ein strek dersom ein oppnår fire av det ein prøve på, så pluss eller minus dersom ein får henholdsvis meir eller mindre) Dette har eg prøvd ut i kveld. Konklusjon: særs vellukket.
Ad sjetonger: Det som er lurt er å kaste en gang, stryke feks full straight og så ta to sjetonger. Evnt la være å kaste, stryke og så ta tre sjetonger. Men offisielle maxiyatzyregler tillater strengt tatt bare at en tar sjetonger når en har klart en oppgave, altså skrevet et tall større enn 0 i en av rubrikkene?
LikerLiker
Strek-metoden er genial, det var fetter Håvard som introduserte meg for den. Når det gjeld stryking før ein har kasta, er dette noko som ikkje er med i dei offisielle reglane fordi dei ikkje har tenkt tanken at dette ville gjera spelet ytterligare spanande og taktisk utfordrande. Ellers er det jo slik at alle spel utviklar Husets reglar. Slikt blir det kjekkare spel av.
LikerLiker
Øystein er ein mester i dette, men fall gjennom på at han gjer det åpenlyst. Den skjulte vridinga er den verste å komma til livs, og vanskeligast å bevisføra.
LikerLiker