Der sat eg, i mi eiga stove, og livet mitt passerte revy. På tv-skjermen. Og eg kunne ingenting gjera. Eg var stiv av skrekk, og tenkte at no, no kan kva som helst skje.
Lat oss skrua tida litt tilbake. Ein time tilbake. Eller kanskje litt meir.
Det har seg slik at eg er ein av dei utvalgte her i landet som er med i det såkalla TV-panelet. Det betyr at eg har ein målar heime hjå meg som registrerer kva eg ser på fjernsyn, kor lenge eg ser på det, kven eg har besøk av når eg ser på, og så vidare. Dette betyr at eg føler at eg har eit snev av makt, særleg over dei kommersielle kanalane. Denne makta utøver eg mellom anna ved å demonstrativt sjå på TV like før Hver gang vi møtes, for så å skifta kanal NØYAKTIG når programmet startar. Så sit eg der og tenkjer at nå fekk TV2 noko å tenkja på, når dei får vita at ein litt vrang 37år gammal mann ikkje likar å sjå på gråtande artistar med behov for medieeksponering.
Til vanleg står denne boksen der og gjer jobben sin utan at eg treng å gjera så mykje anna enn å trykkja på ein knapp for å gi beskjed om at eg ser på. Men i det siste har eg skifta ut litt tv-utstyr og kjøpt litt nye saker. Så då prøvde eg å kobla til desse nye tinga sjølv, og tenkte at det sikkert fungerte utmerka. Det gjorde det sjølvsagt ikkje, og eg fekk telefon frå tvmålar-folka. Dei måtte sendte tv-mannen sin for å ordna opp i det eg hadde øydelagt.
Ein av dei nye tinga eg har skaffa meg, er ein såkalla Apple TV. Det er ein liten boks som mellom anna gjer at eg kan senda musikk trådlaust frå mobiltelefonen min til stereoanlegget. Det er ein ganske stilig liten dings. Apple TV har og ein skjermsparar-funksjon som gjer at det etter ei viss tid utan aktivitet på skjermen blir vist bilder. Skjermspararen med ville dyr er min favoritt. Her er både isbjørnar, pingvinar, elefantar og løver.
Det går også an å kobla denne skjermspararen slik at han i staden for å visa sebra, gnu og gaupe viser bilda som ligg på mobiltelefonen. Ein livsfarleg funksjon, med andre ord. Meir om akkurat denne funksjonen kjem eg tilbake til.
Tv-mannen til tvmålar-folka er ein usedvanleg triveleg kar. Eg hadde berre møtt han ein gong før, det var då han var for å setja boksen inn hjå meg første gongen. Han kom klokka halv åtte om morgonen, frisk som ein fisk og så blid at ein kunne mistenkt han for å vera medisinert. Sanninga er vel heller at han er eit av desse evinnelege a-menneska som er skuld i at me har eit samfunn som startar å sviva to timar for tidleg kvar dag.
Men no var altså tv-mannen på veg tilbake til mitt hus for å fiksa opp i mitt koblings-rot. Han kom inn i stova, starta opprydding i kablar og pusla på med sitt. Eg pusla på med mitt ? som akkurat då var eting av rundtsykke med ost og tomat. Så spurte han om eg kunne kobla på Apple TV-boksen, slik at også den kunne integrerast i målinga av mine sjåarvanar. Eg assisterte sjølvsagt, og fann ein film på Youtube som vart brukt til oppkoblingskalibrering eller kva det nå heiter. Eg trekte meg tilbake til rundstykka, og lot han jobba vidare i fred.
Det var då eg løfta blikket frå pc-skjermen eit minutt eller to seinare at eg innsåg at katastrofen allerede hadde skjedd, og at det ikkje var noko som helst eg kunne gjera for å forhindra den totale, absolutte og fullstendige audmjukinga.
Av grunnar eg framleis ikkje heilt har klart å nøsta opp i, hadde eg sett skjermspararen til å visa bildene på telefonen min.
Eg er ikkje ein mann med store hemmeligheter. Eg lever eit ganske åpent og gjennomsnitteleg liv. På min telefon finn ein ingen bilete av nakne naboar tatt gjennom halvveis lukka persienner. Eller sjølvportrett i Adams drakt tatt ved hjelp av baderomsspegel. Likevel har eg bilder på telefonen eg ikkje vil skal visast til andre enn folk eg kjenner ? og nokre som ikkje treng å visast til andre enn vener som kjenner dei involverte ? og då helst litt seint på kvelden med rein underhaldning som føremål. Eg har nok også nokre bilde som dei avbilda på ingen som helst måte ville ha likt om eg la ut på internettet, men som trass alt berre er morosame og ufarlege.
Som einsleg mannn på snart 40 år må ein rekna med spekulasjonar kring sin sivile status. Er han homo og redd for å komma ut av skåpet? Er det noko alvorleg gale med han sidan han ikkje er gift? Noko me ikkje veit om? Reiser han til Thailand og får utløp for lystene sine der?
Eg har ikkje noko imot å bli spekulert om, og meir enn ein gong har eg lagt opp til spekulasjonar meir eller mindre bevisst. Men dersom det teiknar seg eit bilete av meg som ikkje stemmer med røynda, set eg sjølvsagt ikkje særleg stor pris på det. Særleg når aldeles ukjende personar er inne i biletet.
Ukjende personar som denne tv-mannen. Som no sat i sofaen min og såg alle bileta frå mobiltelefonen min flimra over skjermen. Og ikkje berre bilete eg har teke sjølv. Også bilde eg har fått tilsendt frå andre har lagra seg i albumet mitt. Og skjermdumpar eg har teke. Eg tek ofte skjermdumpar av ting eg tykkjer er rart, morosamt eller på annan måte underhaldande. Somme tider er det ting som teke ut frå samanhengen sin kan få meg til å framstå i eit litt rart lys. Som den skjermdumpen frå Aftenbladet om korleis ein kan bli gravid, illustrert av eit par som er inne i avslutninga av dei innledande rundane før ein gjennomfører aktiviteten som ofte fører til graviditet. Den skjermdumpen tok eg for å senda han ut på Twitter saman med ein syrleg kommentar om kor nautne Aftenbladet har blitt i det siste. Lausriven frå denne samanhengen kan han framstå som noko rar å ha i albumet på telefonen sin. Eller skjermdumpen av ei uheldig overskrift i ei stygg valdteksak som eg tok fordi han kanskje kan brukast i undervisningssamahang ein gong. Ute av kontekst ser det rart ut å ha slikt liggande på mobilen. For ikkje å snakka om bilder frå turar eg har vore på, av kompisar hoppande rundt i undikken på hotellrom.
Alt dette, og meir til, sat nå tv-mannen og såg på.
Etter at skrekk-angsten hadde lagt seg, og eg hadde latt det gå eit par minutt for at eg ikkje skulle verka aldeles panisk, rusla eg roleg bort og spurde om det gjekk greit med koblingane. Nonsjalant trykka eg på fjernkontrollen slik at bilda forsvann, og eg skifta over til vanleg tv. Tv-mannen klarte også å lata som ingenting, signe han, og sa han var ferdig og no skulle han gå. Han pakka saman sakene sine, og klarte på forbilledleg vis å halda maska på veg ut dørene. Han forsvann frå huset mitt utan å røpe med så mykje som ei mine at han tykte eg måtte vera ein sjuk, pervers mann.
Eg, på mi side, gjekk inn i stova og skifta tilbake til bilder av sebra og gaupe som skjermsparar.
Dama, drama, drømma og dramma
LikerLiker
Eg må ærleg innrømma at dette er ein kommentar eg ikkje er intelligent nok til å forstå. Vennligst utdjup.
LikerLiker
Hehe, herlig! Eg vil også ha ein slik boks. Då hadde eg sikkert sett meir skaplege program på TV 🙂
LikerLiker
Meit blogg!
LikerLiker
Åhåhåhåhåhåååååå
LikerLiker
L: Det går diverre ikkje an å bestilla. Stor høgtid å ha blogga att, forresten.
Oddvar80: Treff rett bokstav når du prøver å gi meg positive tilbakemeldingar.
Snigg: Åhåhåhå rett tilbake fordi du har ein hund som et opp tinga dine.
LikerLiker
Om TV-panelet: ‘Hver husstand er representant for ca. 2000 liknende husstander i sitt distrikt.’
Dette finn eg interessant. Kor mange husstandar er det i ditt distrikt? Og kor mange er liknande din?
I kveld har eg sett skiskyting, privat praksis og ein gammal episode av Ally McBeal. Eg treng ein slik boks…
LikerLiker