Sjølv har eg vore med foreldre og søsken og svoger og onklungar og hatt ein julekveld dei aller fleste berre kan drøyme om. Det var ikkje julestress. Det var ikkje julefyll. Det var ikkje keisame samtalar eller tanter som spurde kvifor eg ikkje har gifta meg. Me tok ting som dei kom. Klokka halv ti var det slutt. Då hadde yngste onkelbarn sovna på sofaen, medan storesøster sat og slo skeia umotivert i skåla med gele. Bror min gjekk heim til sitt, barnefamilien pakka sakene sine og stakk, og eg hjalp mor med oppvasken. Så køyrde eg heim. Så køyrde eg forbi det mørke huset. Og så byrja eg for alvor å vurdera å skriva noko når eg kom heim.
Det er jo slikt folk gjer når dei får djupe tankar. Dei skriv, og så kjem dei på Dagsnytt 18.
Me høyrer kvart år om alt mogeleg som er gale med jul. Det er for mykje drikking, for mykje eting, for mange fattige, for mange einsame og for mange heimlause. Men når sant skal seiast, er det vel for mykje drikking, for mykje eting, for mange fattige, for mange einsame og for mange heimlause resten av året og. Så det einaste som kjem ut av å minnast på det når det er juletid, er at det legg ein liten dempar på gleda for dei som er slik anlagde at dei let ting gå inn på seg.
Eg kjenner fleire folk som ikkje har det som kjekkast når det er jul. Folk som reiser vekk åleine til fjerne strøk, folk som eg er i nær slekt med som eg ikkje heilt veit om feirar jul åleine eller saman med nokon. Folk som gjerne skulle hatt ein spoleknapp på livet og fått jula overstått. Men eg kjenner ingen som eg nesten aldri ser, og som har eit hus som er mørkt stort sett alltid. Som av og til henger opp ein lapp på butikken om at ho vil kjøpe makrell, eller treng nokon til å klippe buskar i hagen. Som eg ikkje trur har nokon i heile verda. Som er åleine. Som truleg aldri har vore på internett. Som eg ikkje har peiling på korleis klarar seg gjennom vekene og månadane og åra. Og ho bur berre eit kort stykke frå huset mitt, og det er ikkje noko eg kan gjera med det.
Julafta er berre ein kveld til i livet til folk som har det slik. Eg trur ikkje det har så mykje å seia om det er julafta eller søttande mai eller fødselsdagen deira. Det glir forbi. Det har ikkje så mykje å seia om verda går under og me kokar kloden. Det glir forbi. Det har ikkje noko å seia om Viking rykkar opp, og det har ikkje noko å seie om hummaren kryp inn i teina.
Er det slik det er? Eller er det heilt annleis? Korleis såg ho føre seg at livet skulle bli då ho var yngre? Var det dette ho såg føre seg? At ein ukjend sambygding skulle sitja og fabulera om livet hennar julafta i 2018? At ho skulle bli blogga om utan å ha bede om det?
Nei. Sjølvsagt ikkje.
Det eg vel prøver å seia her er det finst folk som dette rundt oss, over alt. Og me veit ikkje kva me skal gjera eller korleis me skal forhalda oss til dei. Eg kjem truleg aldri til å snakka med ho eg skriv om. Og det kjennest litt meiningslaust å i det heile tatt skriva om dette.
Eg trur det eg vil er å berre seia kva tankar som gjekk gjennom hovudet mitt denne kvelden, julafta 2018. Og at me neppe har vondt av å tenkja ein tanke om folk som er usynlege, også resten av året.
Hugs at du skal døy. Hugs at det kunne vore deg som sat der. Hugs å takka for det du har og for dei du har.
God jul.