Det er seint på kvelden og eg sit og drikk te frå ein kopp det står “Hald kjeft, Trygve Skaug, dette er ein drittdag” på. Koppen vart laga fordi det verkeleg finst nokre drittdagar, og Trygve kan gjera alt han maktar med dei positive setningane sine, men dagen vil likevel for alltid vere drit. Og i dag tenkjer eg på det som kunne vore min eigen Drittdag, men som ikkje vart det.
Sommaren var rar. Eg hadde venta at sommaren skulle bli rar, men han vart veldig, veldig rar. Eg gjorde ting eg aldri hadde gjort før (var i land på alle Vignesholmane på ein dag), eg gjekk heilt sjuke mengder tur, eg nådde måla mine etter at eg fekk diabetes. Mange timar vart brukte til å sitje i sofen og stirre ut i lufta. Eg fekk vere med folk eg ville vere med, men ikkje nok og ikkje alle, eg fekk fiske krabbe, men ikkje nok, eg fekk reise til Bjerkreim, og fekk så aldeles nok av heile laksefisket at eg ikkje orka meir, og avslutta sesongen i midten av juli.
Så kom hausten. Folk likar hausten. Eg likar ting som skjer om hausten. Hyttetur til Suldal, Reeves-plommer, Viking vinn serien. Men sjølve konseptet haust er noko drit. Alt døyr. Eg har truleg vore inne på dette før. Jada jada, ting må døy for at me skal få oppleve livsmirakelet om våren og jada, me vil jo ha eple og plommer og då må ting døy, men det er noko grunnleggande trist over dette med haust. Fine fargar, seier du? Det er fordi LAUVET DØYR!! Håpet om at Viking vinn serien kjem truleg til å døy det også. Om me er heldige allereie til helga.
Så det er 20. september i dag. Siste dagen med laksefiske i Bjerkreim. Eg var ikkje i nærleiken av å reise ned for å prøve meg. Det var eg for 14 år sidan. Det var ein søndag. Eg reiste heim til Finnøy, for eg skulle på jobb i Ryfylke Livsgnist dagen etterpå. Då eg vakna, hadde bror min oppdatert Facebook med eit punktum. Mange kjenner historia derfrå. Det er ei historie som har gått så godt at det nesten går over i det absurde av og til. 20. september var den siste dagen han hadde tenkt å leva.
Dagen etter, 21. september, som denne dagen no har bikka over til, er ein dag som kunne vore dagen då familien Vignes gjekk til grunne. Det kunne vore dagen då me mista alt, og det kunne vore dagen i året me frykta meir enn noko anna. Ein dag me ikkje ville at skulle eksistere. Han skulle slettast frå kalenderen og aldri meir vere. Ein slik dag. Men så vart det ikkje det. Ikkje for oss.
Det hender, av og til, at eg vert sitjande og tenkje. Somme tider gode tankar, somme tider tunge. I dag har det vore overvekt av dei gode. Då eg vart minna på kva dato det var i dag, sende eg melding til bror min og gratulerte han med dagen.
Ja, eg kan ha ein noko forstyrrande form for humor av og til. Men det ER jo verkeleg noko å gratulere med, då.
Han forsto ikkje kva eg sikta til. Han hadde gløymt kva datoar det er me er inne i no. Det er jo ein veldig fin ting, eigentleg. Han har nok å tenkje på med Agnes og jobb og kone og alt, og kan ikkje gå rundt og gruble over at han ikkje ville meir for 14 år sidan. Det er jo slikt han har meg til. Eg kan jo ikkje drive og gløyme ting. Det er kort og godt ikkje min stil.
Det er mange som har sagt til meg at eg burde skrive bok. Det er jo ein fin ting å seie, men for å skrive ei bok, må ein ha noko å skrive om. Eg trur ikkje eg er så god på krim. Det er jo det som gjer ein rik, men ein bør vere flink til slikt. Veldig sjeldan klarer eg å avsløre kven som gjorde kva og kvifor når eg les krim. Så det blir det ikkje. Eg er heller ingen racer på noveller trur eg. Ikkje det at eg har prøvd så mykje. Eg har framleis dårleg samvit fordi eg ikkje var 100% ærleg om inspirasjonen til ei novelle eg skreiv på skulen ein gong. Og romanar er så kompliserte og eg trur ikkje eg hadde klart å halde tråden gjennom 500 sider.
Men kva med ei bok om menneska eg har møtt som har opplevd vonde ting? Ikkje skrive så mykje om det som skjedde, men om det som har skjedd etterpå. Korleis livet har vore. Korleis ein har klart å fortsetja å gå. Det kunne kanskje vore noko. Eg kjenner mange som har opplevd fæle ting, men som likevel klarer seg godt gjennom livet. Kanskje det kunne vore ein veg å utforska. Så mange av dei har mykje godt å seie om livet og kva det vil seia å komma seg gjennom ting. Eg kunne hatt lyst til å fortelje historiene deira. Det ville blitt ei vill reise om vegen vidare etter både brå død, samlivsbrot og depresjonar. Det kunne blitt heilt nydeleg. Berre i min eigen familie og nære omgangskrins har eg truleg nok materiale til to eller tre bind. Om det vert noko av, er ei anna sak. Det er jo mykje styr. Eg likar ikkje styr.
Eg har gløymt kva som var poenget mitt her.
Jau. 20. september. 21. september Dagar. Datoar.
Eg kjenner folk som har Datoar. Datoar dei byrjar å grue seg til lenge før dei er der. Datoar som for alle andre er heilt vanlege datoar. Eg vert litt galen av å tenkja på kor nær eg og resten av familien var å få vår eigen Dato. Eg vert litt galen av å tenkje på folka som då ikkje ville vore i livet mitt. Og eg vert litt galen av å tenkje på dei gode venene mine som har sine eigne Datoar. Kor lite som skil meg og dei, og likevel er det ein avgrunn.
Eg skreiv at familien min var nær ved å gå til grunne. Det var slik eg opplevde det. Men bror min overlevde. Det var det me hadde å klamra oss til. Han var der. Han var i live. Og eg kunne ikkje forstå korleis me me hadde klart oss utan. Men andre har jo klart det. Dei går og går. Og klarar seg. Dei har ting å tenkje på og bære med seg som me andre berre anar konturane av. Men dei går. Og dei går godt.
Sanninga er at familien Vignes nok ikkje hadde gått til grunne. Me hadde funne ein veg, me og. Men det hadde vore ein annan enn den me går på i dag. Og eg likar den vegen me går på veldig godt.
Å sjå andre gå på sine vegar, som dei ikkje har gjort noko for å havne på, kan gjere vondt. Men det er og fint. For dei er så grevleg flinke til å gå.