Skada

Det var måndag. Det var november. Det var kaldt. Eg måtte gå tur. Eg fekk med meg Mari, og me gjekk rundt og rundt på skuleområdet. Mari var tilsyn, og kunne ikkje vere langt unna i tilfelle ein elevlauk steikte pizza på for høg varme, eller dusja med open dør og brannalarmen gjekk.

Omtrentleg utsikt eg hadde då eg låg på ryggen og trudde eg var ferdigkjørt. Inkludert nokre av stjernene eg såg.

Så me gjekk. Rundt og rundt ytterkantane av Lundeneset.

Eg har gått ein del i det siste. Etter at eg var hjå bedriftslegen i mai, og fekk beskjed om å ta drastiske grep i eige liv, har eg gått og gått. Nær 15 000 skritt til dagen i snitt. Det, saman med temmeleg store mengder Cottage cheese, har ført til at eg no veg over 20 kilo mindre enn eg gjorde då. Eg har på ein måte blitt avhengig av å gå. Det er billetten min til eit normalt liv. Medan eg skriv dette, sit eg og et sjokolade og styrer på. Det er jo ikkje noko ein gjer om ein har fått diabetes 2. Men det viser seg at det er ikkje heilt umogleg å gjere det av og til om ein berre går nok. Og det er her eg kjem til poenget.

Neidå. Eg kjem ikkje til poenget. Ikkje på lenge endå. Det blir ein del ting me skal innom før eg kjem til poenget. Orsak.

Eg og Mari var i fint driv langs kunstgrasbana. Me skulle gå på nedsida av Gymbygget (dei som veit, veit), og eg var i kjempeform. Så snubla eg i ein liten stein som stakk opp frå grusen.

Du veit den kjensla. Når du mistar kontroll, og du veit at du er i trøbbel. Du veit at dette går gale, og du har ikkje kontroll på korleis det kjem til å gå. Det kan vera kva som helst. Det kan vera at du køyrer bil, og forstår at du kræsjar. Det kan vera at du vert kalla inn til samtale med sjefen, og du veit at det ikkje går bra. Det kan vera at du akkurat har sagt til ei jente at du trur du kanskje elskar henne, og så forstår du at du ikkje får svaret du vil ha attende.

Slik var det for meg den måndagen.

Foten min (eg veit ikkje om det var den høgre eller den venstre), sparka i ein stein, og eg byrja å falla. Det var då alle desse kjenslene slo ned i meg. Eg forsto at at eg var i trøbbel. Eg prøvde å halda meg på beina. Eg prøvde å ta i Mari, men ho dreiv og skreiv på telefonen, så eg slo mobilen hennar ut av hendene hennar, og han fall i asfalten fleire meter framme, men det gjekk bra. Realiteten var at eg var på veg ned. Rett i asfalten. Med knea  først. Bang. I asfalten. Med knea først.

Det er ikkje så mykje eg veit om kne. Men eg forstår det slik at dei er viktige om du treng å gå ein del. Ein treng kne, liksom. Om ein skal gå.

Eg small i asfalten med knea først. Så hendene. Eg rulla rundt. Alt vart stille.

Så byrja klokka mi å ule.

Heilt i slutten av august kjøpte eg meg ei slik Apple-klokke. Det er ei lang historie, men eg kjøpte henne av søstera til ei av dei nye elevane våre (og to av dei gamle, ja, lang historie). Men det viser seg at når du dett i bakken, klikkar Apple-klokka. Ho lurar på om du nettopp tryna (ja, det gjorde du), og ho lurer på om du vil ho skal ringa nokon (nei, det er ikkje naudsynt). 

Å bli skada har vore den største skrekken min etter at eg var nøydd til å byrje å gå. Eg har trødd og trødd og trødd over myrar og langs vegar og vatn og opp på fjell og eg veit ikkje kva sidan den 15. mai. Å bli skada har vore eit mareritt. Då slit eg. Eg må vere i stand til å gå. Og då eg var på veg ned i asfalten den måndagen, forsto eg at no, no, kan alt vera så grevleg på veg ned i dass.

Eg låg der og såg på stjerene. Mari spurte, medan ho haldt på å le seg i hel, om det gjekk bra med meg. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle seie. Smerta var intens, og eg måtte bruke litt tid på å å summe meg. Dei djupe tankane om at det hadde gått gale no, melde seg.

Eg byrja å tenkje på Nabo Lars.

Då eg var oppmann for A-laget til Finnøy, var Nabo Lars ein trufast slitar på midtbanen. Han sprang og sprang og sprang. Heilt til me skulle spela mot Djerv 1919, og ein av spelarane deira bestemte seg for at no hadde Nabo Lars sprunge nok. Han vart mosa ned, og låg og vrei seg i smerter. Eg køyrde han på legevakta. Dei visste ikkje heilt kva som hadde skjedd med kneet hans, men etter fleire rundar med undersøkingar viste deg seg å vera korsbandet. Eg frykta at eg hadde øydelagt alt av band og brusk og eg veit ikkje kva som er der inne då eg låg der på asfalten og tenkte på Nabo Lars.

Eg klarte å reisa meg, og då eg sto der og merka at ting faktisk såg ut til å fungera, vart eg først og fremst letta. Så vart eg sint på Mari, som framleis lo. – Det er slik eg taklar stress og vonde opplevingar, orsaka ho seg med. Ein kan liksom ikkje seie noko mot slike argument, men ein kan jo vona at ho kanskje ikkje alltid reagerer slik i møte med vonde ting.

Så. Denne klokka. Det er eigentleg den dette her dreier seg om. For dette er jo no ein helseblogg. Alle sa eg måtte få meg ei treningsklokke for å nå måla mine. Eg sa at det går fint, eg treng berre mobilen. Den kan telje skritt og eg klarar meg utmerka utan noko klokke, kan de skjøna.

Eg har lært mykje om diabetes 2 etter 15. mai. Ikkje berre fordi eg har vore på diabeteskurs (det var enormt motiverande greier, alle burde faktisk vore på det), men fordi eg har lese meg opp på kva ein bør gjere for å ikkje miste ein fot før ein blir 70. Vekta måtte ned. Og for å få ned vekta, må ein forbrenne meir enn ein stappar i seg.

Vekt er eit vanskeleg emne. Det blir fort såre kjensler og vonde ting. Eg har aldri brydd meg noko særleg. Eg har visst at eg har vore feit, men eg har ikkje mislikt det nok til å gjera noko med det. Men eg har hatt det i bakhovudet, dette med at det jo ikkje er særleg helsebringande. Ein av hovudgrunnane til at eg ikkje har gjort noko med det, er at eg har trudd det har vore svært vanskeleg å få det til. Det er hardt arbeid, ein må slutte å ete det meste av det ein likar, ein må faste og svelte og lide. Det høyrest heilt enkelt ikkje ut som noko ein gjer før ein må. Og eg måtte, plutseleg ein dag. Bedriftslegen, som eg aldri hadde møtt før, sa det klart og tydeleg. Du må ned i 90 kilo. Det kjem ikkje til å gå, tenkte eg. Men dei har jo medisiner eg kan ta.

Likevel tenkte eg at eg kunne jo prøva. Eg har tidlegare her på bloggen fortalt om då eg gjekk under 100 kilo. Men eg kunne jo ikkje stoppa der. Førre måndag var eg 87,6 kilo. Då fekk eg ei kjensle av at no var eg i mål. Eg måler ikkje blodsukker så veldig ofte lenger, men den siste veka har eg forska litt. Eg har ete ting dei på diabeteskurset sa at eg ikkje måtte ete. Kransekake. Marsipan. Slike ting. Eg har drukke ein boks raud cola. Og det har gått fint. Blodsukkeret har knapt nok gjort utslag, og slett ikkje over normalverdiar. Det er heilt sjukt.

Alle som skriv artiklar og bloggar om vektnedgang har sikkert nokre løysningar som har fungert for dei. Eg har to:

Rett mat og Apple-klokke.

Rett mat var lett for meg. Eg er heldig, og likar mat som er sunn. Eg veit ikkje kor mange kilo Cottage cheese med blåbær eg har ete til frukost i år. Det er mengder. Svolværpostei. Å du verda kor godt det er. Er det slankemat? Eg har ikkje peiling, men eg har ete ein boks til dagen, sikkert, og eg har gått ned i vekt. Kål. Alskens former for kål. Wokka kål med rista graskarkjernar er altså så sjukt godt. Prøv det.

Men og: Komler. Biff. Det aller meste av det som ikkje er sunt, kan eg nå eta utan at blodsukkeret mitt går bananas. Eg et til og med litt dessert-greier. Og marsipankake. Og det har gått heilt fint, ser det ut for.

Det er her Apple-klokka kjem inn i biletet.

Før eg fekk klokka, hadde eg som mål å gå 10 000 skritt til dagen. Eg rusla og gjekk, og eg merka jo god effekt. Men eg merka og stagnasjon på vektfronten. Eg måtte leggja meg meir i selen.

Eg er ein ganske impulsiv fyr av og til, ikkje minst når det gjeld viktige innkjøp. Alle bilane mine, og ikkje minst huset, vart kjøpte utan noko særleg grubling. Så og då eg skaffa meg Apple-klokke. Ein av dei nye elevane på Lundeneset sa at ho hadde ei søster med ei Apple-klokke som aldri var i bruk som eg sikkert kunne kjøpe. Eg kan jo ikkje det, sa eg. Ho kjem sikkert til å trenge henne. – Ho ligg berre i ei skuffe. Du må berre kjøpe denne klokka og få det gjort. Ho fortener takk, både ho og den stakkar søstera som plutseleg fekk beskjed om at ho ikkje lenger var eigar av ei Apple-klokke.

Eg forsto ikkje heilt kva som var greia med desse tre ringane klokka hadde. Eg skulle jo berre ha ein litt avansert skritt-teljar. Men eg måtte jo finne ut kva dei var. Den raude ringen telde forbrenning. Eg sette denne til eit mål på 900 kcal til dagen. Den grøne indikerte treningstid. Eg sette han på 60 minutt til dagen. Den blå ringen er ganske teit. Den måler kor mange av timane i døgnet du har vore oppreist minst eitt minutt. Eg dreit litt i den blå ringen, han gjekk jo av seg sjølv. Kven er det som ligg stille meir enn 12 timar i døgeret? Når eg skriv dette innser eg at eg kjenner nokre kandidatar, men eg let vere å nemne dei.

Så byrja eg å samla på antall dagar på rad med fulle ringar. Av og til var det kjempelett. Andre dagar måtte eg slita. Nokre dagar måtte eg gå opp og ned av ein stol i ståva mi klokka kvart på tolv på kvelden for å forbrenne dei siste kaloriane, og få spørsmål frå naboen (ikkje Lars) om kva i huleste det var eg haldt på med seint om kvelden.

Men når eg såg på statistikken, hadde forbrenninga mi gått i været. I april, før eg var hjå legen, låg eg på 131 kcal til dagen i snitt. I juni, første heile månad etter diagnosen, var eg oppe i 447. I september, første heile månad med klokka, snakka me 1183 kcal i snittforbrenning kvar dag. Eg har vore over over 1000 både i oktober, november og til no i desember. Men ein kan ikkje gå til Melderskin kvar månad, liksom.

Eg byrjar etter kvart å følgje med på kva tid eg kom til å nå 100 dagar på rad med alle ringane fulle. Det viste seg å vera den 6. desember som var dagen. Den første dagen etter at eg sette meg som mål å gå minst 10 000 skritt der eg ikkje gjekk 10 000 skritt, var ein dag i sommar der eg var på restaurant med Bacon-Tore. Og gjett kva eg skulle den 6. desember? Eg skulle på restaurant med Bacon-Tore.

Klok av skade, hadde eg gjort unna gåinga før eg traff han. Alle ringane i havn. 100 dagar på rad. Eg åt kake til dessert. Då eg kom heim og målte blodsukkeret, var det 5,5. Dei som veit, veit at det er heilt eineståande bra.

Eg vart ikkje skada av fallet mitt, og eg nådde 100 dagar på rad. No er eg oppteken av det alle seier skal vera det aller vanskelegaste når ein har gått ned i vekt: Å halda seg nede. Heldigvis er det ikkje snart jul og enorme mengder mat i vente.

Men det går fint.

Legg igjen en kommentar