Gull

Det er siste fredag i sommarferien. Ein dag med eit visst press. Ein dag der ein bør gjere noko ein hadde tenkt å få gjort denne sommaren, men som av ulike grunnar ikkje har blitt noko av. Komme seg på tur. Sende melding til det mennesket og spørje om me skal møtast før det er for seint. Lese den boka.

Og det er akkurat det eg har gjort. Altså lese den boka. Eg byrja på boka Vi er brødrene Eikemo. Eg har kome til side 250. Eg innser at eg ikkje blir ferdig i dag, men det er ikkje så farleg. For denne bloggen skal ikkje handla om å lesa ei bok eller gjera det du ikkje har fått gjort eller noko slikt inspo-drit som eg vanlegvis syslar med. I dag skal eg hylla foreldra mine. Utan å vera ironisk. Det blir krevande greier.

Men det har litt med boka å gjera, for ho fekk meg til å tenkja, slik gode bøker ofte gjer. Vi er brødrene Eikemo handlar kort og godt om fem brør. Det er dotter til den eine broren, Marit, som skriv, og boka handlar om livet til dei fem brørne sett frå hennar perspektiv. Det er gode historier, vonde historier, små historier, store historier. Og det er ein varme og ein kjærleik i alt som vert skrive. Ein blir varm inne i hjarta av å lesa denne boka, sjølv om ikkje alt som skjer er bra. Folk går frå kvarandre, dei oppfører seg dårleg mot kvarandre, det skjer ulukker og naturkatastrofar.

Å ha to foreldre som er oppegåande, temmeleg velfungerande og ved nokså god helse er ikkje noko ein skal ta for gitt. Foreldre har ein tendens til å ikkje orka å snakka med kvarandre, til å bli sjuke, til å døy, til å trenga kommunale tenestar for å klara seg gjennom kvardagen. Eg har vener som har foreldre som ikkje kan vera i same kommune utan å kjenna på ubehag, eg har vener som ikkje fekk ha foreldra sine i nærleiken av så mange år som eg har hatt, og eg har vener som berre i lita grad orkar å ha så mykje med foreldra sine å gjera. Og så har eg foreldra mine. Desse to menneska som trefte kvarandre tidleg på syttitalet, og som av grunnar me ikkje heilt forstår fann ut at det skulle bli dei to. Foreldra mine, som er årsaka til at du les denne teksten no. Desse som har halde saman sidan 1974.

Dei har vore gifte i femti år i morgon.

Gullbryllup.

Det er noko.

Eg hugsar då mormor og morfar hadde gullbryllup. Eg jobba på KFUK-heimen i London, og mor og Dorrit var på besøk. Me kjøpte ei te-kanne som gåve. Eg trur eg var heime på feiringa. Så å seia at eg hugsar det er kanskje ei overdriving. Eg hugsar ikkje. Men eg hugsar at eg såg på mormor og morfar som svært, svært gamle. Og at det hadde vore gifte i uminnelege tider. No er det mor og far. Dei har vore gifte i femti år. Neste år er eg femti år. Det merkelege er at mor og far ikkje er like gamle som mormor og morfar var. Mor mi går på jobb framleis. Far min er like mykje ute på garden og putlar på med ting som han er inne i godstolen og ser på ipaden.

Korleis me skal feira dette, spør du?

Vel.

Oddvar har teke med seg Niese 2 til London. Kona hans har teke med seg ungane til Karmøy for å feira mor si som fyller år. Niese 1 er på Lyngdal-cup og har det heilt strålande. Dorrit er sjuk, så sjuk at det ikkje er sikkert ho kan transportera meg til Rennesøy brannstasjon i morgon, der eg planlegg å ta buss til Stavanger for å sjå Viking tapa mot Bodø/Glimt.

Og kva med mor og far?

Dei skal sitja heime og neppe ha den store feiringa.

Kva feilar det oss? Er me ikkje glade i foreldra våre? Set me ikkje pris på at dei har slete seg gjennom femti år for å gjera det triveleg for oss i livet?

Eg trur me trygt kan seia at dette er Oddvar sitt ansvar. Det var han som var først ute med å stikka vekk på sjølve dagen. Me skal til London, sa han. Eg og Ane. Å, ska dokke deeet, sa mor mi. På bryllypsdajen vår, sa ho, mor mi. Det er av og til vanskeleg å vita om mor mi køyrer samvits-trikset eller ei. Men uansett, det var klart at det var Oddvar som gjorde at det ikkje kunne bli samla flokk på gullbryllupsdagen.  Og det er litt fint at det er Oddvar sitt ansvar. Han er no den eiaste i søskenflokken som held ekteskapet såpass heilag at han vel å delta i det sjølv.  

Men me feira dei på ein måte sist søndag. Litt utav det blå hadde me grilla eit par entrecotar, tante Alma og onkel Ingvar og Tante Kari og Fetter Tore var rundt bordet saman med Oddvar og Marie og Agnes og Johan og Dorrit og Erle og Ane. Me var der alle saman. Dorrit hadde organisert innkjøp av eit tre til å planta i hagen. Det var fint. For du verda me set pris på desse folka. Marit og Terje.

Og dessutan: Kven feirer eigentleg gullbryllup no for tida? Eg kan ikkje koma på å ha vore i eit einaste gullbryllup dei siste 20 åra. Folk har slutta med det. Det er ikkje kult lenger. Dette heng kanskje saman med skilsmissestatistikken, men la oss ikkje dvela ved triste ting. Gullbryllup er noko gamle folk dreiv med før i tida. Mor og far er ikkje gamle. Dei ser framover. Dei har to barnebarn i huset sitt no, barnebarn som kjem til å ha veldig rørande talar i jernbryllupet om 20 år. For då blir det stor feiring. Oddvar skal i alle fall ikkje til London.

Så me hyllar dykk,Marit og Terje. De har lært meg at å vera raus og god mot andre er det viktigaste du kan gjera i livet ditt. De har lært meg at det er viktig med god mat. De har lært meg at det er ekstra viktig å gå i kyrkja når mange andre sluttar å gjera det.

Gratulerar grevleg med gullbryllupet, og beklagar at me stikk vekk på sjølve dagen, alle saman. Men me er der jo stort sett kvar dag utanom. Me er jo det. Kvar skulle me elles vera?

Legg igjen en kommentar