Kva er ein bror?

Kva ER ein bror? Er han langt borte? Er han nær? Kven var han? Kva var dei siste tankane som gjekk gjennom hovudet hans før han ikkje hadde meir liv?

Eg slepp å tenkje på dette. Eg kjenner bror min. Og eg har folk som kjenner han betre enn meg. Folk eg kan gå til for å spørje dei kven han var, kva han tenkte, kva som var viktig for han. Om eg er heldig, og ting går slik naturen er, kjem eg til å sleppe å ha noko med det å gjere når han døyr. Til no har eg vore heldig.

Fram til i går hadde og far min sluppe unna dette med at brør døyr. Men så, plutseleg, hadde han ikkje det lengre.

Folk døyr. Brør døyr. Fedre døyr. Onklar døyr. Og no er onkel Torbjørn ikkje meir. Eg har aldri mista verken bror eller far, og fram til i går hadde eg ikkje mista onklar som ikkje var filleonklar, men kom an, filleonklar kan vere vel så gode som ikkje-fille-onklar (onkel Arne, eg ser på deg). Onkel Ole pakka saman for ei stund sidan. Han var ein fin fyr, onkel Ole, men eg vart aldri kjend med han. Men kjende eg han betre enn onkel Torbjørn? Kanskje ikkje. Men truleg litt. Onkel Torbjørn var far min sin yngste bror. Han vart 75 år, og døydde åleine i huset sitt i Trysil

Det er langt frå Finnøy til Trysil. Han berre budde der, onkel Torbjørn. Han gifta seg aldri. Han jobba på den same skulen i alle år. I alle år fram til han vart pensjonist. Det er nokre parallellar her til han som skriv desse orda.

Det er likevel såpass mange ting som er ulike at eg ikkje skal gå heilt i Eg er onkel Torbjørn-modus.

Eg ser ikkje føre meg at onkel Torbjørn hadde besøk av Trysil sine svar på Leffy og Kjell Morten ein torsdagskveld og vart sitjande og drøsa utover og så byrja han å blogga om livet sitt. Det var ikkje onkel Torbjørn. Kan ikkje ha vore. Eg blir ekstremt overraska om det er det som kjem ut av undersøkingane som skal gjerast neste veke.

For det skal gjerast undersøkingar.

Medlemmer av familien skal ta turen til Trysil og undersøka saker og ting. Kanskje me får svar på kven onkel T. var. Truleg gjer me ikkje det. Kanskje kjem nokre av dei han kjende i gravferd til Finnøy. Truleg gjer dei ikkje det. Men om dei gjer, tippar eg dei blir litt overraska over å møte oss som dei må ha trudd at onkel Torbjørn flykta frå. Me er faktisk ikkje total psyko. Me er nok noko for oss sjølve, men absolutt psyko og i stand til å få folk til å flytte til Trysil, det er me faktisk ikkje. Og ja, eg innser at dette er noko folk som er aldeles psyko ville sagt, men kom an. Me er ikkje aldeles og ravande spinngalne, det er me faktisk ikkje. Me er. Ikkje.

Det må ha vore noko inne i onkel Torbjørn sjølv som fekk han til å stikke av. No er det jo slik at mange i slekta framleis er i live, og dei kan lesa, og dermed er ikkje denne bloggen rett medium til å henta fram dei inste tankane ein kan ha om kvifor han stakk til noko av det indraste av Austlandet ein kan stikka til. Spør meg gjerne ein sein, sein kveld, og eg skal kome med nokre teoriar.

Men kom igjen, onkel T. Du elska jo havet. Du måtte alltid stoppa opp når me kom over haugen på Leikvoll og du såg utover fjorden. Du måtte pusta litt då. Ut og ta bilete, måtte du. Det var dette som var Sakene.

Og så døydde du der borte i skogen. Åleine.

Mange er redde for å døy åleine. Eg er ikkje det. Kor ille kan det eigentleg vere å døy åleine? Den siste tanken som går gjennom hovudet er at no, no får eg inderleg vona at dei hugsar på meg, dei eg stakk frå. Eg vonar dei tenkjer på meg der dei sit der borte på Vestlandet. Kanskje dei skriv noko om meg. Kva skal dei skrive? Dei veit ikkje ein drit om meg. Kven eg var (yngste bror til Terje Vignes), kva eg likte (å fiska lyr frå Klubben), kva eg ville (bu i Trysil og gå på ski om vinteren). Ikkje ein drit visste dei.  

Om eg skulle døy åleine, har eg tankane mine klare. Det blir truleg noko slikt: «Meeen i heeeelsikket! Er det NO det skjer? Det var jo som berre. Jæjjæ».

Og no får me ikkje vita så mykje meir om Torbjørn Arnkjell VIgnes. Med mindre det viser seg at han var ein kjend og kjær figur i Trysilbygda, hadde quizkveldar på eitt av dei mange hotella der, dreiv rundt i barane og snakka med alle og var ein alle følte dei kjende.

Om så skjer, kjem det fram i Undersøkingane som skal skje neste veke. Eg er redd dei kjem til å konkludere med at følgande er det me veit om onkelen vår:

  • Han var mattelærar på Trysil vgs all sin dag
  • Han likte å gå på ski om vinteren
  • Han hadde aldri eigen familie
  • Han reiste av og til til Finnøy om sommaren
  • Dei siste åra ringte han nevøen sin, Kåre, på fødselsdagen 16. juni. Utanom dei åra då han ringte Kåre den 25, fødselsdagen til bror hans, Oddvar.
  • Han dreit truleg i at nevø Kåre hadde eit alvorleg problem med a- og e-infinitiv, fordi Torbjørn var mattelærar, og dei driv jo ikkje med slikt.

Kanskje dette her med onkel Torbjørn og at han stakk til Austlandet og levde livet sitt der og at me veit så lite om han kan seie meg noko om kva det er å ha søsken. Men eg orkar jo ikkje å gå inn i alt dette med dynamikk mellom søsken og kvifor me er  og korleis me er med dei og plutseleg har ein av dei flytta til Trysil og blir der til han døyr. Eg konkluderer med at eg trur at det er kjekkare å ha ein bror på Vignes og ei søster på Judaberg, som ein har temmeleg grei kontroll på, enn ein mystisk bror i Trysil som ein eigentleg lurar på kva som skjedde med. Heilt til han ein dag ikkje er meir.

Me vonar at du får kvila, onkel Torbjørn. Og at det er mengder med lyr der du er.

Legg igjen en kommentar