Veldig lenge sidan forrige mat-blogg, og no som det nærmar seg jul vil eg seie at det er på sin plass at eg gir tips til eit alternativt julemåltid. Rett nok er lam involvert, men ein del andre juleingrediensar manglar. Men du så godt.
Eg testa dettte her ut på eit test-panel på fredag. Dei var nøgde.
Ein tek eit lår av eit lam. Tin det opp dersom det er frose. Eit lammelår treng noko nær eit døger på å tine i kjøkkenbenktemperatur. Ta så ein liten, skarp kniv. Skjær av alt av bein. det er tre hovudbein på eit lammelår. Før kniven langs beinet, og ta ut eit av gongen. Då får du til slutt eit tjukt stykke kjøt dersom du legg det saman. Skjer så litt i kjøtet slik at det blir to ganske like stykker. Strø rike mengder salt, pepar og rosmaring på den eine sida. Ta så to kvitlauk. skrell, og kløyv i ganske store bitar. Legg kvitlaukane oppå resten av krydderet. Ta den andre delen av låret og legg oppå. Finn fram hyssing, og surr steika godt saman.
I mellomtida har du varma opp omnen til cirka 175 grader. Sett inn steika eit par timar. Dersom søster di ikkje knuser steiketermometeret rett før steika skal i omnen, kan du gjerne gjere deg bruk av eit slikt instrument.
Skrell så eit ønska antall poteter, kålrabi, gulrot, rotselleri, jordskokk etc og skjær i små firkantar. Ta ein fem-seks kvitløk og skrell av fedda. Hiv heile fedd oppi ei ildfast formn saman med dei oppkutta rotgrønnsakene. Hell på olivenolje. steik i ca. tjue minutt ved 200 grader.
Når steika er cirka ferdig, tek du ho ut av omnen. Medan den kviler, kan du steike grønnsakene.
Ta så eit par sitroner, og rasp av skallet. Hakk opp ein persilledusk og bland saman med sitronskalet og ein fire-fem finhakka kvitløksfedd. Trykk det oppå steika, og sett inn i omnen femten, tjue minut til.
Steikekrafta tek du i ei gryte, saman med ein pakke Snøfrisk og ein boks Creme Fraiche. Det vert ein framifrå saus. Spe eventuelt på med litt buljong.
Såh. Spring og kjøp dykk eit lår.