Det nærmar seg jul, og i dette høve ser eg det som naudsynt å koma med ei tilråding når det gjeld det musikalske innhaldet i jula.
I fjor var det The McGarrigle Christmas Hour som stakk av med min pris for beste julealbum. Eg tenkte at eg skulle plukka den plata fram att no når det nærmar seg advent. Og det kan det godt vere at eg gjer. Den er på alle måtar glimrande.
Men så skjer det då, at denne lågmælte og stillfarande – og samstundes høgtropande og merksemdssøkjande amerikanaren Sujfan Stevens bestemmer seg for å gi ut juleplate.
Eller rettare sagt fem juleplater. På ein gong. I ein boks. O lykke. Songs for Christmas er det samlande navnet på platene. Og her sit eg – nett heimkomen frå julebord – og kan ikkje leggja meg før eg har høyrt gjennom alle fem platene. Heldigvis er ikkje alle fem søttiminutterar. Men eg kan allereie høyre at her får me mykje musikalsk juleglede.
Me kjenner att den karakteristiske Stevens-banjoen, harmoniane og dei mange rare uidentifiserte instrumenta frå tidlegare plater. Han tolkar kjente julesongar, og han har laga eigne songar som passar ekstra godt til høgtida. Som til dømes den alvorleg djuptgripande "That Was The Worst Christmas Ever". Nesten som om at bror min skulle ha skrive ein song om den jula han måtte fjosa utan lønn ei veke. Men i motsetnad til eit slikt scenario har visstnok songen på plata ei rot i røynda.
Eg sit her på det kalde rommet mitt og klarer ikkje anna enn å vera takksam for at me har folk som Sufjan Stevens vandrande mellom oss. Han er eit oppkome av vakker og gripande musikk, og han maktar setje ord på tankar kring tru og tvil som få andre eg veit om. Han kan skriva om kjensla av avmakt når ein ven døyr i kreft, han kan skriva tøysesongar om zombiar som kjem for å ta oss alle. Og han kan skildra vare barndomsminner om då broren vart stukken av ein veps ein sommardag.
Og no er han altså her med fem juleplater. Det er berre å bestille, ungdom. Eller gå og kjøpe, dersom du ulikt meg bur ein stad der ein faktisk har platebutikk.







