Ryan på nynorsk

Det har blitt gjort før, og det vil bli gjort igjen. Men no vil eg og gjere det.

Denne øvinga er ofte morosam og avslørande dersom ein gjer det med Britney eller andre i same gata. Eg vil derimot gjere det med musikk er respekterer og likar svært godt for å sjå kva som skjer. Denne gongen. Så får me sjå om eg finn ein annan song neste gong.

Kirsebærgata – Ryan Adams

Kvar kveld les eg ei roman om deg
Du har roser i handa medan det høljar ned rundt deg
Men slutten er reven sund, du prøver å få tak i ein drosje
Du trur at ingen kan lese, men eg kan

Så me flytta ned til eit hus på Kirsebærgata
Der sat me og såg medan verda glei forbi
Og eg manglar ei side

Eg vil vere den som følgjer deg heim
Som følgjer deg heim kvar kveld
Eg ser inn i augene hennar og freistar forklara det
Men det er skrive på eit språk som er laga for å øydeleggje deg
Og eg kjem alri nær nok
Men eg lyg
Men eg legg meg ned på puta hennar
Og du føler det som om du var på veg bort
Som om du var på veg bort utan å ha nokon stad å gå til
Men tilbake i armane hennar liggjande på puta
Samankrølla med ei bok nede i Kirsebærgata
Glaset treff golvet og du går din veg
Men eg vil vere den som følgjer deg heim
Som følgjer deg heim kvar kveld
Sjå inn i augene hennar og prøv å forklare det
Prøv å bortforklare det
Men den driten øydelegg deg berre
Og eg kjem aldri nær nok
Eg kan aldri kome nær nok
Eg kan aldri kome nær nok
Til deg

(Ryan Adams – Cherry Lane – Cold Roses)

For ei veke sidan stod Ryan på scenen i Oslo. Eg og Anders hadde forsert 50 fotoboksar langs europavegen for å vere der. Han spela i to timar og førtifem minutt saman med bandet sitt. Det var særs mektig. I går kveld då eg ikkje fekk sova i rein irritasjon over at eg ikkje fekk sett Seinfeld fordi parabolen ikkje virka, la eg meg ned og gjekk gjennom konserten på iPod. Konserten voks endå meir for meg. Og eg fekk hug til å sjå korleis Ryan ville greidd seg dersom han var Olav Stedje.

Kanskje det er bra at han held seg til sitt eige språk?

Kva som gjer livet drit

Eg tek alltid imot utfordringar. No har bror min utfordra meg til å skriva om kva som kan gjera livet drit. Og det er ingen dum ide. Eg tek gjerne tips til kva eg skal skriva om på bloggen – det er ikkje av vrang vilje eg ikkje skriv så ofte. Det er berre det at eg ikkje veit kva eg skal skrive om. GI meg tema, så skal eg levere varene.

Og nå: Drit.

TIng som gjer livet drit kan til dømes vera årsaka til at eg sit og skriv no. I likskap med Kjetil S har eg det slik at dersom eg held på med noko som er trøyttande og keisamt, byter eg gjerne dette ut med noko som er hugsamt og gildt. No til dømes, har eg innsett at eg var ein tosk før haustferien. Eg ga elevane mine – alle elevane mine – innleveringsoppgåver i faga eg har dei i. No må eg retta alt i hop. I Religions-faget er dette greit. Her kan eg drita i komma-feil og store bokstavar. Eg gir dei ein kommentar på fagleg innhald og ein karakter som står i forhold til dette.  I engelsken er det mykje verre. Her må det rettast og strekast og rettleiast slik at ein kan få vondt berre av å tenkja på å byrja. Heldigvis ga eg dei klare begrensningar på kor langt dei kunne skrive denne gongen. Men altså: Eg skriv heller blogg. Men retta må eg nok uanesett. Om ei stund. Ellers blir dei sure. Iallefall dei som les bloggen min. Vonar ikkje nokon av dei gjer det.

Andre ting som kan gjera livet drit er:

Når du skal bakke med traktor, er det viktig å køyre mykje lenger fram enn det du trur er naudsynt i utgongspunktet. Slik er det når du skal ta opp huslån også. Huff.

Forkjøling. Når du i utgongspunktet er basjen etter å ha fjosa halve helga, og ligg i senga di og kjenner at sjukdomen kjem sigande. Då er det ikkje lett å ikkje bli bitter. Alt renn. Og samstundes er alt tett. Rart, og utruleg irriterande.

Nettpoker. Eg gir mi fulle støtte til Trond Giske sine forsøk på  å stogga denne styggedomen.

Restskatt. Fjorårets skatteoppgjer vart ei herleg suppe der eg måtte fylle ut sjølvmeldinga etter husken og sende den inn ein månad for seint. Takka for alt arbeidet var at eg måtte ut med over tusen kroner (!!!) i restskatt.

Bytte av fastlege. Eg har fått brev om at eg kan få byta ut fastlegen min. Skal Marc frå Tyskland bytas ut med Vestbøen, Bråtveiten, han nye eller ein turnuskandidat? Kva seier lesarane? Eg vil ikkje ta stilling til slikt. Eg vil gli gjennom livet.

Som om ikkje dette er nok lurte ein av dei nye naboane mine meg til å setja søppelkassa mi nede ved hovudvegen. Der stod den i heile går og gjorde meg til latter for alle som kjørte forbi. For einkvar idiot som bur på Svennastykkjet veit at søppelbilen køyrer heilt opp til husa. Alle idiotar. Utanom meg.

Ting å vera glad for

Midt i all smerten er det viktigt å fokusere på det positive. Her er ti punkt.

1. Eg slepp å betala barnebidrag.

2. Eg kjørte rundt Finnøy med båt i går.

3. Eg fekk pizzaboller då eg kom opp att til Lundeneset i kveld.

4. Eg skal ha 0 undervisningstimar onsdag.

5. Eg hadde ei gild helg heime.

6. Eg har trass alt helsa.

7. Bilen min fungerer utmerka.

8. Eg får internett frå Nextnet på Finnøy.

9. Eg har aldri brukke eit einaste bein i kroppen.

10. Eg skal snart få lov til å leggja meg.

Hus

Sommaren er over. Hausten er over oss. Eg skal byrja å blogga att. Mangt og mykje har skjedd – her er ein kort oversikt over kva som har skjedd dei tre siste månadane:

Juni
Avslutning på skulen, tårer og snørr, tur til Tana, retur til Lundeneset for sommarjobbing og fotball-VM. Ingen laks.

Juli
Heim til Finnøy. Krabbefiske, bryllup, nausthygge, laks på 6,2 kilo, countrykonsert med 90 mann og kvinn på konsert, slekt på besøk,mange hyggelige kveldar i holmar, neset, løa, altanen, plenen, den endelige introduksjon av mine søskens betraktelig bedre halvdeler, smerter over vissleiken om at hausten snart ville kome.

August
Byrja på jobb i Ryfylke LIvsgnist, Tomatfestival, lange dagar, særs hyggeleg, kjøpte hus, byrja på Lundeneset att.

Og for å ta dette med hus, sidan det har blitt seinsommarens store snakkis blant søskna mine.

Eg har altså kjøpt hus. Det skjedde spontant ein laurdagskveld då me sat i nabohuset til huset eg har kjøpt. Tysdagen etterpå vart budet mitt akseptert, og nå går eg og ventar i smerter på å få vita kor mykje eg må betala i månaden i renter, avdrag, straum, vatn, renovasjon, forsikring og all anna vondskap huseigarar må uroa seg over. Eg flyttar inn 1. september. Dersom nokon har lyst til å leige eit rom eller to, ta kontakt. Eg tilbyr særs gunstige betingelsar.

Dette huskjøpet førte til at eg i hui og hast laut flytta ut av husværet mitt på Lundeneset. Det er utruleg kor mykje drit ein liten leilighet kan samla saman på fire år, og det var eit hendelse å få alt ut. No bur eg på eit loft på skuleområdet der eg leiger eit rom i huset der to kollegaer bur.

Ein litt personleg blogg dette, men ein grei oppsummering av sommaren 06.

Til helga skal eg og Kjell Arne begå den årlege hytteturen til Suldal. Dette året blir Nillen og Bleien med, så det kan bli særs festlig.

Til slutt vil eg oppfordre alle til å gi Tore og Kjetil dei største lykkeønskingar med framtida saman.

Fleirbrukshallen

Nå har det skjedd igjen. Eg er engasjert i fleirbrukshalldebatten. Og la det vere klinkande klårt frå byrjinga: Eg uttalar meg ikkje objektivt i denne saka.

Eg var med i det første styret i hallen. Eg vart valgt inn i styret fordi OddvarbrorminiOslo dreiv uvyrdsam påverknad av velgarane på valgmøtet. Då eg var komen inn i styret, vart det ganske fort klart at me hadde tre størrelsar som ikkje ville oss alt vel.

Dei første var Ladstein bygg, fordi me ikkje valgte deira forslag til hall.

Dei andre var Sr-bank, fordi dei ikkje hadde tru på prosjektet, og var nære på å styrta heile hallen i avgrunnen ved å halda tilbake pengar då rekningar skulle betalas. Av denne grunn er eg framleis stolt kunde i Hjelmeland Sparebank.

Den tredje aktøren som me ikkje opplevde for mykje velvilje frå var Finnøy kommune. Eg trur muligens me fekk nokre lånegarantiar og greier, men den generelle stemninga frå kommunestyret var at me måtte ha lykke til med hallen og ikkje så mykje meir. Dei rekna vel med at dei måtte overta drifta etter eit halvt år uansett. Uviljen mot hallen har halde seg i kommunestyret, mellom anna i den famøse asfalt-saka frå eit år eller to sidan.  Det var mellom anna ikkje tale om å leiga hallen til gymtimar på Finnøy sentralskule. Dei skulle nok klara seg der oppe i det trange rommet med dei mugne garderobane, ja. Men me i styret visste at det berre var eit spørsmål om tid før kommunen måtte leiga rom til gym-avvikling.

Men det varte og det rakk. Eg gjekk ut av styret, og det må seiast at min kjennskap til dagens styre og stell begrensar seg til det som står i Øyposten, og det eg får høyra på bygda. I det siste har eg høyrt på bygda at kommunen nå skulle inn i forhandlingar om leige av hallen. På tide, tenkte eg.

Så les eg i siste nummer av Øyposten at formannskapet einstemmig har gått imot avtalen som hallstyret har forhandla fram med kommuneadministrasjonen. Den totale kostnaden pr. år for kommunen ville blitt på omlag ein kvart million kroner. Rådmannen listar opp mange gode argument for å leige hallen – mellom anna at det vil hjelpe på økonomien til hallen når dei nå skal byrje å betale avdrag på lånet. Til Hjelmeland Sparebank, sjølvsagt. Bra, rådmann. Du har forstått det. Etter den dugnadsinnsatsen som vart lagt ned då hallen vart sett opp, vert det meiningslaust at formannskapet klamrar seg til småligheter nok ein gong.

Det er klart at det det er knallhardt å sitja i kommunestyret og måtte velge mellom det eine og det andre. I saksutgreiinga går det klart fram at viss ein skal priorietre hall-leige må noko anna vike. Det går og fram av saksutgreiinga at det som i alle høve ikkje må vike er den gamle gymsalen – fordi dei skal bruke den til dansegrupper, kulturell skulesekk og musikk-skule.

Det er flott at Finnøy kommune har eit levande kulturliv med godt tilbod til dei unge – men det er meiningsløyse at dei skal legge beslag på gymsalen. Den må byggast om til klasserom snøggast råd.

Og kulturungdommen, kvar skal så dei gjera av seg? Fleirbrukshallen, sjølvsagt! Rommet i andre-etasjen der er vel så bra egna til både kulturelle skulesekkar, konsertar og danseopptrinn som den gamle gymsalen. Danse kan ein og gjere i sjølve hallen. Kva er problemet?

Om det så skulle vere tilfellet at Fleirbrukshallen har prisa seg høgt, meiner eg det berre er eit hyggeleg "takk for sist" til dei folkevalde. Frå den kanten har det vore mykje uvilje mot hallen å henta – no er det hallen sin tur til å sitja med dei gode korta på handa. Eg kosar meg.

Knuste eit glas

Eg prøver stadig å overgå meg sjølv i keisame bloggar. No vil eg skriva om då eg knuste eit glas medan eg tok ut av oppvaskmaskina i dag.

Eg har vore eigar av mange glas oppetter. Dei første er eg sikkert ikkje i stand til å hugsa. Det er slike glas eg fekk i dåpsgåve, eittårsgåve, sengmat eller kva det no måtte vera. Desse glasa er no etter alt å døme på Nordre Vignes, der dei har gått inn som ein del av den samla familieformuen. Saman med glasa til Oddvar, Dorrit, Marit og Terje. Dei vil neppe bli ein del av mitt liv att, før me skal skifte etter dei gamle. Lat oss vona det blir ei stund til.

Det første glaset eg kan hugsa eg kjøpte sjølv, var i 1994. Då var me på tur med Bildøy-klassen til London. Der hadde dei Tottenham-glas. Eg kjøpte det eg fann. Og stilte dei ut på rommet mitt. Der hadde dei stått ennå dersom ikkje Dorrit hadde okkupert rommet då eg flytta ut for godt.

Digresjon: Bør eg nå flytte tilbake til gamlerommet mitt, ettersom Dorrit skal gifte seg? Skal me ta ein avstemning på dette?

Uansett. Glas. I åra som kom budde eg med Tor Øyvind i Stavanger. Etter som eg hugsar var glas inkludert i leiga i Granlunden 5B der me budde. Eg kjøpte mest truleg ingen glas i denne perioden, utanom muligens nokre nye Tottenham-glas.

Etter London-opphaldet mitt, klarte eg smugle med meg to Carling-glas som eg og Stian brukte til møse-inntak i Møllegata, når det passa seg slik. Eit av desse glasa vart knust medan Stian vaska det opp ein dag. Eg hugsar ennå frykta i augo hans då han fortalde meg det. Ville eg klikka totalt og slå til han? Frykta var ikkje ugrunna, men eg klarte beherska meg.

Det var i det heile i Møllegata glas-kjøpa mine byrja å bli alvorlege. Eg og Stian gjekk til innkjøp av mange glas på Ikea, og eg arva desse då me flytta frå kvarandre. Etter at eg flytta til Ølen har eg utvida med mange typar glas – ikkje minst har eg ei pen samling Latte-glas etter kvart. I tillegg til diverse stett-glas, små glas til slikt bruk, og framleis faktisk eit Carling-glas.

Men i dag skjedde det altså. Eg knuste eit glas. Eit av meg og Stian sine Møllegate-glas. Det knuste då eg sette eit anna likt glas oppi det. Merkeleg nok er det ofte slik desse glasa har enda sine dagar. Medan eg set andre glas oppi dei. Desse glasa er ekstra velsigna på den måten at dei har mange like horisontale striper, som gjer det til ei enkel oppgåve å bestemme kor mykje som er oppi glaset. Dette kjem særleg til nytte når ein til dømes skal dele innhaldet i ei flaske klinisk likt.

No er altså behaldninga av desse glasa redusert nok ein gong, og eg har neppe meir enn ein fire-fem Møllegate-glas att.

No får eg gå og ta ut resten av kjørla – og lat oss vona at ikkje noko meir vert knust. EG har nemleg ikkje tid til å skrive meir blogg i dag, for Ølen IL – som eg er trenar for – skal spela kamp mot Mastra. Eg vurderer å setje opp ein bomstasjon for bortelaget. Ville det vore å gå for langt? Neppe.

WHAT! KA SÅ SKJER! LISE??????

Med forbehold om at Oddvar har kødda med meg:

KOFFOR I HULESTE FÅR LISE VEDA AT DORRIT SKA GIFTA SEG PÅ LITLA NYTTÅRSAFTEN FØR MEG??????????? Hekkan asså. Og skandalenes skandale – nå får og Oddvar vida det før meg, fordi han har elga seg innpå stakkar Lise. Eg e bitter nå. Og har Dorrit ringt meg? NEI! Eg e ikkje informert. Vinterbryllup? Ka så skjer?

Dagligliv

Dette er slikt som gir meg glede i kvardagen. Eg var inne på ei side for å laste ned noko musikk (heilt ulovleg, ja), og fann følgande kommentarar på ein link der ein kunne laste ned heile 18 Cash-album. Forresten: Har du ikkje sett Walk the Line ennå så få ut alt av fingrar og kjøpt DVD-en.

Eg finn som alle veit stor glede i styggedom og sarkasmer, og denne fall difor i smak hjå meg:

2 comments posted so far

Add your own »

1.On Feb 21 2006 @ 04:49 malisk wrote: Doesn’t even have ‘House of Cash’, which has ‘Man in Black’ in it.

2.On Mar 14 2006 @ 14:43 Deznaj wrote: So? If you’re not retarded you can get it elswhere. Owww…but I guess you are.

Blogg, Våjen, plen, eksamen. Torsk.

Altså. No har eg hatt blogg ei stund. Men eg får ikkje opp entusiasmen. Ein av hovudgrunnane er at eg ikkje veit korleis me får til meny i høyre marg. Eg og vil ha bilde av meg sjølv, oversikt over lenker, bøker, musikk, og så videre og så vidre. For ein som jobbar som webredaktør er det kanskje noko flaut å innrømma dette, men eg finn flaten dra ikkje ut korleis me får det til. Så sei det til meg. Nokon. Takk.

Ellers har eg i dag gjort følgande: Åte frukost med faderen. Lese til eksamen. Tapt 3 dollar på nettpoker. Kokt graut. Den er forresten best når ein legg rosinene ned i tallerkenen før ein tek graut oppå. Dette fordi dei då vert varme og gode, samt meir saftige. Forresten eit triks eg plukka opp i "Danny og den store fasanjakten" av Roald Dahl då eg var ein 10-12 år gamal. Berre at Danny brukte blautlagde rosiner til å fange fasanar med. Men dette var ein gigantisk digresjon. Altså. Så har eg vore i Våjen. Våjen er prega av fleire ting som er nytt og ikkje bra, men i dag var Lilly der i det minste. Det lyser opp kvardagen. Dei har ikkje bensin i pumpene der inne nå, for bensindrift skal bli overteke av dei som skal drive den nye næringsverksemda i det som før heitte Landaloftet som no heiter Steinnesvåg Brygge eller noko slikt. Enihuuuuuuuu – som min bror ville sagt – dei har ikkje bensin. Men dei hadde salt lammekjøt som eg kjøpte og som eg og Terje skal ta oss av i morgon.

Etter at eg i triumf ankom nordre Vignes etter ein vellukka handletur, overtok eg plenklipping frå faderen. Me har ny plenklippar – ein gild Honda. Den var stor og tung og svært flink til å klippe gras. Amen.

Eksamen på tysdag – grei ut om den didaktiske relasjonsmodellen, Piaget og Vygotsky sine tankar om utdanning og så vidare. Eg gler meg svært til å bli ferdig.

Og så torsk. I går reiste faderen på sjøen. Han kom heim med ikkje mindre enn tre torskar. Me åt dei opp. Eg og far. Me er stolte av oss sjølve.

Då var det kubb og straffekonk på nyklipt plen.

Bil

Beklage sygt treige oppdatering. Eg love bot, men ikkje nødvendigvis bedring.

For firå år sidan fekk eg min første skikkelege jobb. I alle høve skikkelege heildagsjobb. Tidlegare hadde eg heilt klart ein del skikkelege arbeidsøkter i fjoset bak meg. Men ingen fast stilling som medførte øve ti tusen i lønning kvar månad. Men så fekk eg altså jobb på Lundeneset. Og då måtte eg ha bil. Og bil vart det. Mine foreldre sin gamle Mitsubishi.

Og no, fire år seinare, må me innsjå at familien Vignes sin første Mitsubishi går mot slutten av karrieren i familiens eige. Når bensintanken lek, giren hoppar ut av fjerde heilt av seg sjølv, hjul-lagera (kva i huleste er hjul-lagera?) må skiftast, og ei dør ikkje går skikkeleg igjen, har ein to val. Ein kan reparera eller selga.

Alle som kjenner meg veit at det lengste eg går når det gjeld vedlikehald av bil er å assistera onkel Ingvar når han skiftar olje på motoren kvar sommar. Ellers fyller eg på diverse fludium som nevnte olje, bensin og spylevatn. Eg ser difor ikkje syn på å skifte gearkasse, lager, bensintank og dør. Og eg ser heller ikkje syn på å finansiera Knapphus Bilverksted sine lønnsutgifter resten av året ved å senda bilen til reparasjon.

Difor er eg no i marknaden for ny bil. Har du ein gild bil med aircondition og sentrallås (dette er absolutte krav etter fire år med varme-helsikke i bilen frå april til oktober og delvis sterke smerter etter å ha brukt halve ferjeturen på å låse bilen).

Men det er jo trist. Ein blir glad i denne bilen. Og han representerer berre den 3. i rekka av bilar i mitt liv. Dei to første var Passatar – grøn og grå. Så ein raud Mitsubishi. Kanskje det blir ein til?