For nokre år sidan dukka ein ny kafè-liknande sak opp i Stavanger. Dette var på tampen av studietida mi i byen, men eg rakk likevel å innleie eit seriøst forhold til plassen. Kva stad eg snakkar om? Ostehuset, sjølvsagt. Ostehuset. Å gå inn der var som å dukka inn i ei verd av nye og spanande matrettar. Ting eg aldri hadde høyrt om før. Lukter som aldri hadde passert nasen min. Smakar som eg tykte var litt rare, men gode, og som etter som tida gjekk vart fast inventar i mi matlaging. Det var her eg lærte å verkeleg setje pris på ein god grøn oliven. Og det var her eg lærte meg velsignelsen i ein god kvitløksmajones.
For kvitløksmajones må vera noko av det beste ein kan tenkje seg. Ein varm baguett med kyllingfilèt og kvitløksmajones på Ostehuset vart for meg symbolet på alt som var godt med Stavanger. Så då eg og Kjetil S. skulle til Stavanger før jul, var det berre sjølvsagt at det første me gjorde var å hive innpå ein av dei utrulege baguettane. Seinare gjekk me tilbake for å ete middag. For ein suksess. For ein dag.
Etter å ha drive litt forskning på området kvitløksmajones, har eg etter kvart kome fram til ei enkel, men likevel genial løysing. Eg skal no dela eit av dei nyaste matlagings-triksa mine med lesarane av bloggen min. Det vil seie eit par Kjetilar, ein Tore og ein Oddasat.
Du treng:
Ein baguett
Ein pakke ekte majones frå Mills. Denne MÅ vere ekte.
Ein kvitløk
Ein kyllingfilèt
Eit par-tre cherrytomater
Agurk
Eventuelt noko anna salat-greier
Eventuelt Tine Seter-smør
Pepparkvern
Du gjer følgande:
Steik kyllingfilèten, og del denne opp i skiver på ca. 0,5 centimeters tjukkleik. Varm baguetten. Press ut ein halv pakka majones. Ta ein fem-seks fedd kvitløk, skrell dei og hakk dei opp i små, men ikkje for små, bitar. Bland dei godt inn i majonesen. Del baguetten i to på langs. Smør eventuelt smør på først (eg tykkjer eigentleg denne retten er best utan smør). Smår så på eit godt lag kvitløks-majones på over- og underetasjen av baguetten. Fordel kyllingkjøtet over det heile. Kvern litt peppar over. Legg på eventuell agurk, cherrytomat eller anna grønt.
Et.
Dette er heilt fantastisk. Eg lovar.