Sommarbåten

I morgon kjem NRK sin sommarbåt til Finnøy. Dette er ei hending som har prega samfunnet eg bur i i nokre månadar no. Sommarbåten kjem. Me får vist oss fram. Me skal på fjernsyn, heile gjengen. Og du og du så gildt det er. 

Eg har vore, ikkje uventa for dei som kjenner meg, noko avmålt. Eg tykkjer det er pinleg å sjå folk som står og hoppar opp og ned bak kamera når journalistar intervjuar gjester. Og endå verre må det jo vera om eg faktisk kjenner hopparane. Eg tykkjer det er skrekkeleg når folk frå Finnøy er på fjernsynet og seier nautne ting dei aldri skulle ha sagt. At NRK bestemte seg for å leggja turen til Finnøy, tykte eg såleis høyrtes temmeleg skremmande og farleg ut, både for mitt og kommunen sitt omdømme. Me driv trass alt og prøver å gjera oss lekre for andre kommunar som me skal bli slegne saman med. 

Første del av sommaren 2011 vart i Norge prega av at NRK sende Hurtigruta minutt for minutt. Eg var ein stor tilhengar av dette, og såg så mykje eg kunne. Særleg etter at Polarsirkelen var kryssa, tykte eg dette var spektakulært triveleg å sjå på. Folka som stod på knatt og knaus og vinka til båten. På stader ikkje ein gong Oddgeir Bruaset har laga TV-program frå. Det hender faktisk at eg grev fram nokre klipp frå arkivet frå denne turen, og tek ei ilta reise tilbake til ei tid då nokre ting var mindre kompliserte i landet vårt. 

Så det er ikkje det at eg var skeptisk til konseptet i utgongspunktet. Slett ikkje. Sjølv om det alltid kan bli for mykje av det godt. Men der Hurtigruta haldt seg heilt ute ved kysten, kunne Sommarbåten ta avstikkarar og helsa på stader som slett ikkje får hurtigruteanløp og andre staselege vitjingar. Så det er jo ikkje rein kopi. Sjølv om ein knaus stort sett er ein knaus, og eit flagg eit flagg. 

Men det var altså noko med hoppande folk, båtar som køyrer med piratflagg, toskar som tøffar seg på vannscooterar og slikt eg var skeptisk til. For eg kan leva med det når folk andre stader gjer dette. Dei oppfører seg jo berre slik eg forventar framande skal oppføra seg. Men vissleiken om at også finnøyfolk kom til å toska seg til på riksdekkande fjernsyn, var ikkje noko eg var overveldande begeistra for. 

Så, i kveld, såg eig ei melding på Twitter. Der var det eg har skrive til no omtrent oppsumert i eitt enkelt spørsmål: 

Er jeg alene om å synes Sommerbåten er et pinlig og fryktelig kjedelig konsept? (@BNmarit)

Meldinga vekte engasjement, og det var fleire som ytra seg med meininga si. 

Og det fekk meg til å tenkja litt. 

Dei siste dagane har det nemleg hendt eit par ting som har gjort at eg nok ser litt annleis på sommarbåtvisitasen på Finnøy i morgon. 

I føremiddag sat eg og såg på direktesendinga på veg mot Utsira. Eg har ikkje sett eit einaste minutt av direktesendinga til nå i år, så eg veit ikkje om det var spesielt i dag, men for meg blei det akkurat som å oppleva den lyse og lette stemninga frå tidleg juli 2011 om att. Eg fekk, til mi store overrasking, klump i halsen. Folk på svaberg og knausar, viftande med flagg og plakatar med helsingar. Det var noko vakkert og gripande over det heile. 

Og så: Finnøy kommune legg opp til stormønstring i morgon. Dei har verkeleg grepe tak i at Sommarbåten kjem, og arrangerer folkefest. I same slengen har dei slege seg saman med ein av misjonsorganisasjonane på Finnøy – me har trass alt haugevis med kyrkjer og bedehus på øyane våre – og laga det slik til at heile dagen blir ein gigantisk innsamlingsaksjon til eit sjukehus i Nepal. Det byrjar å bli nokre månadar sidan jordskjelvet no, og verda si merksemd har flytta seg langt vekk frå folk som framleis lid og treng hjelp. Ikkje ein gong den suraste humanetikar bør kunne klara å irritera seg over dette. Men eg har teke feil når det gjeld humanetikarar før.

Det blir basar, det blir matsalg, det blir nesten som ein liten festival. Eg har som sagt vore temmeleg avmålt til heile sommarbåtbesøket, og har nok ikkje gjort ein god nok jobb med å setja meg inn i kva kommunen planlegg. Eg har vore mest konsentrert om å svara «nei» til å vera med og ta ansvar for ulike ting som skal skje denne dagen. Det er laksesesong, trass alt. Og ein veit aldri når regnet kjem. Men dei siste par dagane har det for alvor gått opp for meg kor imponerande innsatsen denne dagen faktisk er. Det skulle ei mild utskjelling frå ein kompis til  for å få alvoret til å gå opp for meg. «Dersom du tykkjer dette er flaut og pinleg, er du ein større tosk enn eg trudde», sa han. Og han har sjølvsagt rett. 

Eg kjem neppe til å stå på spissen av Vignes-neset og hoppa med eit flagg, men eg har tenkt meg ut og setja teinene ein gong på føremiddagen. Og når båten kjem til Judaberg, er det ein viss fare for at eg har teke turen inn for å treffa kjende, sjå mor mi bli intervjua av Tore Strømøy og støtta Nepal-innsamlinga. 

Men eg skal ikkje stå og hoppa bak kamera når mor mi snakkar om tomatsyltetøyet sitt. Eg lovar. 

 

 

 

Prosjekt

Eg nevnte i novemberinnlegget mitt at eg har hatt eit anna skriveprosjekt gåande, som har gjort at bloggen har blitt skadelidande. Dette prosjektet var ei julegåve med tektstar frå året som ligg bak oss, som eit lite utval nære og kjære fekk til jul. Eg lova å vurdera å publisera nokre av tekstane, og det skal eg halda. Eg skal publisera ein av tekstane no. Kanskje blir det fleire utover året. Kanskje ikkje. Me får sjå.

Fjorårets februar var eit snøhendelse utan like. Eg er glad for at februar er noko mildare stemt dette året, sjølv om det nå trugast med snø både på Yr og Storm, er me nærmare sommar og vår enn me var på denne tida i fjor. Og hekken, den overlevde. Så då er eg nøgd.

 

Februar

Eg kava meg ut i snøen. I fjos-støvlane tenkte eg at eg var trygg for å få snø i buksa. Eg tok, ikkje for første gong i livet, feil. Ut mot løa var det ikkje problem. Heller ikkje ned til det jernleet. Så entra eg dyrka mark.

Midvegs ute på marka byrja eg å trø i djupare og djupare snø. Midtvegs ute til haugen med trea som onkel Ingvar har truga med å motorsaghandsama, gjekk snøen til knes. Støveltaktikken hadde slege feil, og eg tenkte at dette var då fæle greier. Resten av vegen ut til haugen blei eit kav. Det var hardt arbeid å koma seg gjennom snøskavelen, og tankane gjekk til ein gong far min nesten vart sitjande fast i nokre snøfenner oppe i Stranddalen. Var det slik han hadde hatt det, mon tru?

Det var dagen då februar møter mars. Snøen hadde lege i to og ein halv månad, eit kvitt lokk over både Kvelvå og Kregjen. Her skulle det slåast gras om tre månadar. Eg fekk meg ikkje heilt til å tru det der eg stod og tok bilder med det vesle kompakt-kameraet mitt. Eit kamera som eg må sei leverer varene på ein framifrå måte. Eg har trudd det var blitt offer for tjuveri då eg hadde innbrot i bilen, og fekk 200 kroner i erstatning på reiseforsikringa fordi eg trudde det låg i datasekken.

Då eg støvsugde under sofaen og fann det att nokre månadar seinare, vart eg svært glad. Ikkje berre fekk eg berga bileta frå Finnmarksturen det året, eg slapp og å kjøpa nytt kamera. Ny ladar måtte eg kjøpa, den gamle hadde eg sendt til forsikingsselskapet som bevis på at eg hadde vore eigar av eit kamera i det heile. Og den nye kosta 500 kroner, etter kva eg hugsar. Eg anser meg difor ikkje som forsikringssvindlar.

Eg har mange gonger irritert meg over vinteren og snøen dette året. No kokar det ned til at dersom berre hekken min er spart, så skal eg heller tilgi kulden og snøen. Berre hekken spirar og får grøne blokker, skal eg tilgi snø i støvelen, bil fast i grøfta og frost i nasen om morgonen.  Berre hekken blir spart. Og får spira.

 

Haustslepp

Eg har jaga kalvar i dag. Med mor, Dorrit og Oddvar. Frå tredje neset til Krossnes. Alt gjekk bra, heilt til me kom til slutten av første neset. Då skar eit par kalvar ut, og Dorrit og Oddvar, som haldt teten, mista kontroll. Ja, Oddvar. De mista kontroll. Eg veit at du prøver å legga skulda for dette på Dorrit, sekundært meg, og tærtiært mor, fordi me ikkje fulgte med, men faktum er at du og Dorrit var nærmast då det skjedde. Kalvane skar ut. Og du og Dorrit var nærmast.

Frykta for at dei skulle gå over til Trond var det verste for meg.

Hadde dei gått over til Trond, hadde me hatt eit hendelse med kalvejaging i timesvis. Det har aldri skjedd meg at kalvarne har gått over til Trond. Det hadde vore typisk om det skjedde i kveld, når bonden sjølv ikkje var med.

Det heile er under kontroll. Dorrit (iført mi bukse for høvet) og Oddvar styrer kalvane mot Krossnes. Leif Endre  er litt for seint ute tpå sin ATV til å få med seg dramaet eit par minutt tidlegare.

Vel, det vart ikkje så dramatisk. Oddvar og Dorrit fekk geleida kalvane opp, dei gjekk heilt fint inn i jernleet, og då hadde me dei. For dei av mine lesarar som ikkje er kjende med geografien: Når du jagar dyr heim frå neset, er det alfa og omega å få dei gjennom jernleet. Då er dei heime. Og når kalvane var komne gjennom, var det berre eit spørsmål om tid før me hadde fått flytta dei dit dei skulle.

Me hadde fullført oppdraget.

Fullført oppdraget såpass bra at eg lot resten av familien ta kalvane dei siste par hundre metera utan mi hjelp. Eg stakk heim for å klippa hekken for siste gong i år. Og for å rydda vekk Oddvar sitt fantastiske kanalsystem som redda huset mitt for å bli tatt av flaum for eit par veker sidan.

Vel vel.

Det er haust.

Det er på tide å få gang på bloggen att. Nok ein sommarferie er over. Og det på den første kvelden i 2010 der eg har vore ute heile kvelden og ikkje fått frost i meg. Ein flott kveld på Judaberg med Trygve og Gisle. No kan hausten byrja. Sjølv om eg mislikar han sterkt, har han nok eit par gode ting å by på.

Eit avslutta prosjekt

No er det gjort. Eg er ferdig. Huset er nymåla. Siste strøk gjekk i dag. Ironisk tusen takk til alle som har vore med og hjulpe. Eller eigentleg ikkje til dei som faktisk HAR vore med – for det skal seiast at eg har hatt malehjelp i til samen åtte timar. Så takk skal de ha, Terje, Bjarne Håvard og Tone. Utan dykk hadde eg faktisk ikkje blitt ferdig i dag. Kor lenge varer beis? Fem år? Huset vart vaska tidleg i vår, første glaskarm måla i slutten av april. Den 17. september var det ferdig. Eg hadde først som mål å bli ferdig til sommarferien. Då sommarferien kom fekk eg som mål å bli ferdig i løpet av dei to første vekene. Etter at dei to første vekene var over, vart det eit naturleg mål å bli ferdig til Tomatfestivalen. Når den kom, innsåg eg at det skulle bli knallhardt å få malt noko særleg før langt uti september. Eg byrja til og med å leike med tanken på å ta siste strøk neste år. Men no er eg altså ferdig. Steike eg har mast mykje om denne husmalinga. Mange trur eg har dreve på i to år. Det er altså feil. Rett svar er fem månadar. Faktisk. Sjukt.

dsc03106

Hus pre maling. Nyklippa hekk. Midt i juni.

dsc03198

Gammal beis pussa vekk. Plen brun.

dsc03329

Ferdig!

dsc03330
Det vart straks meir presentabelt.

Kva har eg lært i denne prosessen?

1. Dei som seier dei vil vera med og mala meiner det sikkert, men meiner det ikkje NOK
2. Det er alltid mange ting som er kjekkare enn å mala. Då eg dreiv på, vart det med eitt kjekkare å luka ugras i plenen enn å mala, til dømes.
3. Det tek flaten meg tid.
4. Malarhue er påkrevd.
5. Eg er ikkje spesielt redd for høgdar.
6. Eg er ganske flink til å mala.
7. Det er lurt å ha eit strategisk forhold til korleis ein gjer innkjøp.
8. Sprosser er noko drit.
9. Zalo er whitesprit overlegen som malingsfjernar. Takk, fetter T.
10. Det tek slutt til slutt. Sjølv om ein ikkje skulle tru det.

Eiga avling

Det første året eg hadde hage, kan eg ikkje minnast at eg hadde epler i det heile. Treet var der nok, men eg mistenkjer at dei tidlegare eigarane anten mishandla det slik at det ikkje bar frukt, eller stakk av med frukta før eg tok over huset 1. september. Begge deler er dårleg gjort. Dersom de les denne bloggen, kan de kanskje hjelpa til med å fortelja kva som skjedde med avling 06?

Avling 07 bar bod om eplepai. Eg hadde bunde treet opp, og det var minst 15-20 epler på det. Eg var optimist. Heilt til Trygve snubla i oppbindinga mi ein gong han hadde dårleg tid til ferja. Treet mista alle epla før dei var mogne. Eg ber framleis eit lite nag til Tryge for dette.

Avling 08 vart det ikkje noko av, rett og slett. Treet blømde, men ein stygg tørkeperiode utan vatning gjorde at det ikkje vaks fram eit einaste eple.

Avling 09 derimot. I 2009 har eg ete mine første eigenproduserte epler. Sjølv om eg maltrakterte treet stygt då eg måtte foreta eit valg om å mista ein fallande stige på bilen eller på treet då eg mala huset tidlegare i sommar, har det bore store mengder frukt. Naboane på begge sider er sterkt misunnelige. Det gir meg – ikkje uventa – stor glede.

epler1

Epletreet i slutten av mai. Bløminga har byrja å avta. Eg har eit bilete av treet i full blomst, men det er frå 2008, og vil såleis bli beteikna som juks.

epler2


Treet før hausting i dag. Legg merke til den fine hekken i bakgrunnen.

epler3


Ferdig ribba. Hausten er her.

epler4


Ei bøtte full av glede. No står ho i bilen min på veg til Lundeneset der eg skal dela ut epler til gjengen som skal ha prøve i morgon. Dei bør bli glade, ellers blir eg temmeleg gretten og sur.

I det siste…

…har eg:

dsc02648
Vore på fisketur med far og Olemann. I vinterferien stakk me til sjøs på fredagen og sette utlegg. Og me fekk fisk. Ganske bra med fisk, tykte eg. Men Olemann var ikkje imponert, og fortalde om gamledagar. Då vart eg og litt bitter. Før i tida var det visstnok noko heilt anna. Det bugna med fisk. Over alt. Kven har skulda for dette? Oppdrettsindustri og folk som set garn på gyteplasser. Samt havtrålarar og anna styggeskap. Dette ifølge far og Olemann.

dsc02675
Slåss med barn. Dette er Daniel, som nesten er naboen min. Han er den sterkaste guten på Hesby skule. Han er dessutan meister i alt som har med Wii å gjere.

dsc02724
Gått tur-retur Olalia på ski. På ski. Over ei mil. Eg. På ski. Over ei mil, altså. Me gjekk inn, fyrte opp bål, grilla pølser, åt snop, gjekk heimover i måneskin. Det var magisk. Heilt til månen forsvann bak skyer, det vart mørkt, snøen vart hard, eg datt annakvar meter, og blei sur og tok av skia den siste kilometeren. Eg har ennå vondt eit par stader, og det er over ei veke sidan turen. For ein tur!

dsc02728
Vore på to basarar. På den første vann eg seks gevinstar, og folk byrja murra i salen og trudde eg hadde fiksa trekkemaskina. At det var mor mi som var primus motor for basaren, gjorde ikkje saka noko betre. Eg vann tre fruktkorger, ein leikeracerbil og to hengekøyer (!). Nokon som har ein god stad å henga dei opp? Eg har berre eit epletre med stamme som ikkje er eigna til å halda verken meg eller nokon andre hengande i køy. På den andre basaren vann eg ikkje ein drit. Det var heilt ok.

dsc02733
Vore på personalråd. Her ser me Solfrid Miljøarbeidar og Andreas Medbuar i forgrunnen.

dsc02742
Hatt besøk og spelt Mattis. Eg tapte ikkje ein einaste runde. Etterpå innleia me grillsesongen med kyllingfilet. Trikset med å få saftig kyllingfilet på grillen er forresten å berre ha grillkull på halve grillen. Men det kan eg blogga meir om seinare dersom nokon etterspør det. Dersom eg kjenner meg sjølv rett, kjem eg til å blogge meir om det uansett. Eg bloggar trass alt mest for mi eiga skuld.

dsc02749
Vaska eine sida av huset samt klippa hekken. Hekken min fyller snart to år. For eitt år sidan hadde me hekkedugnad, og du kan sjå korleis den såg ut då her. No har eg skamklipt han, ifølge Kjell Morten. Så får me sjå om det blir suksess eller skandale. I morgon skal resten av huset vaskast med onkel Ingvar si spesialblanding – klorin og vatn. Målet er at det skal vera ferdig mala til skulen er slutt. Og fargen? Eg trur eg går for noko blåaktig…

På veg til skulen

Dei står der ennå. Små, samankropne kroppar som stør seg på kvarandre eller eit skur. Dei ventar.

Eg og har venta slik. Eg måtte først gå eller sykla til svingen. Langt til svingen. Nesten ein kilometer. I allslags vær. Av og til vart eg kjørt. Men då måtte det vera gale. Eg hugsar utruleg lite av denne gåinga og syklinga. Det må bety at det gjekk ganske fort og smertefritt. Utanom dei gongene eg kom for seint. Då måtte bussen venta, heldigvis visste dei at eg kom.

Eg lurer på om dei som står og ventar no har det slik som me hadde det. Om dei må kjempa seg oppover i busshierarkiet. Om dei må passa seg for dei tøffe i baksetet. Dei tøffe, som no anten syslar med sau og ku, mekkar på bilar, har flytta av øya. Og som no liksom skal vera heilt vanlege folk. Om dei må setja seg ned, helst med nokon andre, så dei slepp å bli sitjande åleine. Eg lurer på om dei har det bra, der dei står og ventar. Eller om dei gruar seg for det som kjem.

Gunnar køyrer ennå. Eli og Frank er borte. Sårt.

Slike tankar kjem når ein køyrer innover til ferja ein tidleg tysdagsmorgon. Då sig det på. Det som og sjølvsagt er plagsomt, er at det no er ungane til dei eg tok bussen med som står der. Og ventar.

Mor sitt julebrev

Eg tenkte eg skulle gjera mor mi ei stor teneste. Kvart år stressar ho med å sende rundt julebrev, og nokre år får ho ikkje tid. Det resulterer i dårleg samvit, stress, og kva veit eg – tap av vener? Ho får uansett ein haug med julebrev sjølv. For å avhjelpa situasjonen skal eg no skriva mor sitt julebrev. Kanskje litt tidleg – me er trass alt berre i oktober – men då får eg jo i tillegg høve til å komma med eit par profetiar om kva som skjer i familien vår dei neste to månadane.

Ok. Lat oss byrja.

Kjære alle saman.

Her kjem julebrevet frå familien Vignes. I fjor vart det visst ikkje til at eg sette meg ned for å skriva – eg skal ikkje prøva å koma med andre orsakingar enn at det plutseleg var for seint. Dagane mine går med arbeid, husarbeid, tomatsyltetøy og gongkaker. I tillegg er eg framleis engasjert i menighetsarbeid, noko som jo og gjer at eg har nok å fylla tida mi med.

Året som ligg bak oss har vore eit ganske roleg år i familien. Ingen har flytta, ingen har gifta seg, ingen har funne på store sprell. Eg jobbar framleis på Finnøy sjukeheim, og trivst der. Sjølvsagt skulle me gjerne hatt fleire å fordela jobben på. Det er ikkje alltid like lett å fylla opp vaktlistene, noko som er ei av mine arbeidsoppgåver. Slik er situasjonen i kommune-Norge. Ein får ikkje alltid dei ressursane til rådighet som ein gjerne skulle hatt.

Terje putlar på med sitt, sauer og kyr opptek store deler av tida hans. Etter å ha vore fast på old boys-fotball dei siste åra, har han no slutta av med dette på grunn av eit kranglevorent kne. Han har vore hjå doktoren, og det er god von om å sleppa amputasjon.

Det er snart to år sidan Dorrit gifta seg med Even, og dei bur framleis på Tasta i Stavanger. Det er alltid triveleg å stikka innom dei når eg er på bytur. Dorrit har endeleg megt seg til å ta sertifikatat, og når Finnfast står ferdig om eit snaut år, kan ho setja seg i bilen og vera heime på ein halvtime. Det blir triveleg.

Oddvar bur framleis i Oslo, der han arbeider i Vårt Land. Sambuar Lise har teke seg eit studieopphald i Frankrike, og me hadde ei triveleg veke saman med dei der i oktober, sjølv om dei sneik seg vekk heile vegen. Me trur dei var ute og drakk ein del vin, men me har ingen klare beviser for dette . Godt humør var dei i, uansett. Terje likte Frankrike svært godt, og vurerer nå å selgja garden og kjøpa seg ein liten bungalow i sør i landet og leva på rentene.

"Odelsguten" Kåre er vel den me ser mest til av ungane, sjølv om me tykkjer han er mykje ute og rek på alskens. Han jobbar på Lundeneset som lærar i 60%, resten av tida si brukar han i Ryfylke Livsgnist. Me har ikkje heilt fått med oss kva han driv på med i Ryfylke Livsgnist, men me trur han får lønn iallefall. Det er jo det viktigaste. Når han er på øya, kjem han ofte heim og et middag med meg og Terje.

Som sagt har året vore roleg og fredeleg, me har vore ein tur i Frankrike, ellers er det vanskeleg å få Terje med på så mange sprell. Eg var i Bergen ei veke juli, men der fekk eg han ikkje med.

Jula blir feira med Dorrit, Even, meg, Terje og mor. Oddvar feirar med LIse sin familie i Stavanger, medan Kåre skal jobba på eit suppekjøken i Stavanger på julaftan. Eg skal jobba på julekvelden, så det blir nok Dorrit som må laga pinnekjøt i år. Det går sikkert bra.

Eg vil ynskje dykk alle ei god jul, og eit så godt nyttår som mogeleg.

– Marit

Ok. Værsågod, mamma. Her er det berre til å markera, kopiera og lima inn.

Lovlause tilstandar på Finnøy…

… er overskrifta i denne artikkelen i Aftenbladet i dag. Det er Texas på Finnøy. Det er vilt. Det er pigede nesten som ein skulle tru det er ein fognabu på desken i Aftenbladet.

Kva er det som skjer på Finnøy? Skyt dei kvarandre og stikk med kniv? Slår dei kvarandre ned på kaien? Ravar trettenåringar rundt fulle utforbi Handelslaget medan valdtektsmenn luskar i buskane?

Nei. Ein mann har drukke øl på ferjekaien. Nokon har kjørt utan førarkort medan andre har hatt med seg eit par kompisar i traktoren.

Det gjekk hardt for seg på Finnøy i helgå? Herlighed. Og ærligt talt.

I slutten av artikkelen står det at det ein mann i Stavanger stakk av frå politiet med narkotika på ein motorsykkel han hadde knabba.

Me skal ikkje underslå at Finnøy har kriminalitet og at ikkje alt er som det burde vere. Men eg finn meg ikkje i at me blir framstilt som om me sko ver Jørpeland. Der får vera grenser.

Kva veit eg eigentleg?

Eg vil starta ein ny miniserie på bloggen min, ikkje minst for å komma meg gjennom denne perioden der eg på ingen måte veit kva eg skal skriva om. Eg skal ta føre meg dei andre bloggarane på sevheim.no og laga ei liste over kva eg veit om slekta deira. På den måten skal eg finna ut kven av dei eg kjenner best. Dei har og høve til å stoppa denne miniserien dersom dei ser at dette fører på ville vegar. Kanskje eg veit ting dei ikkje vil skal komma ut? Sjå gjerne på det som ei straff for manglande bloggoppdatering. Me startar med Tore.

Tore Sevheim:

Far Oddmund, mor Kristin. Oddmund er bonde, og har ein av dei største (om ikkje den største) garden på Vestsida og kanskje heile Finnøy. Kristin jobbar på Rygjabø vidaregåande skule. Dei er glade i sjøliv, og har ein båt dei reiser på tur med ganske ofte. Kristin kjem opphaveleg frå Stavanger.

Søster Gro, bror Ole. Gro har sambuar og ein son, Gustav. Gro gjekk i klassen under meg på skulen, så me tok same skulebuss. Gro har budd lenge i Bergen. Ole har dame. Kanskje dei bur saman, eg veit ikkje. Ole studerte i Trondheim. Det gjer han ikkje lenger. Han er flink å skyta straffespark. Og så var han redaktør i Vignes-nytt, ei bygdeavis som kom ut på midten av nittitallet. Kvifor ingen har teke arven opp etter han, veit eg ikkje.

Tore si farmor kjøpte alltid lodd då eg var mindre. Ei gild dame. Sjølv om ho visstnok skal ha uttalt til Tore at ho ikkje trudde eg kom til å bli gift nokon gong. Kvifor ho ytra slike profetier, veit eg ikkje noko om. Det får vera ei trøyst at ho lyste same dom over bror min.

Og så har eg vore lærar for eit søskenbarn til Tore. Gry. Ho kom frå Rosendal eller noko. Så då må Tore nødvendigvis ha noko slekt der inne. No bur ho på sunnmøre og jobbar i NLM, nett som meg.

Tore budde på hybel hjå ei tante og ein onkel i Stavanger. Dei budde like ved gamle Stadion. Eg veit ikkje kva dei heiter.

Dette er faktisk alt eg veit om Tore si slekt. Eg trur ikkje eg kan gi meg sjølv meir enn fire av ti poeng for slektskjennskap. Eg veit jo ikkje navnet på ein einste onkel eller tante. Skandaløst. Men pluss for at eg visste kva guten til Gro heiter. Her må det knallhard kursing til.

Kva med ei slektsinnføring på bloggen din, Tore?