Ferjeturen er mørk i januar. Om sommaren er dette ei reise mellom små øyar, havet der ute, høgfjellet i aust. No er det berre svart. Eit og anna lys. Umogeleg å seie kvar det er. Eg gler meg til mars.
Kategori: Finnøy
Jol
Første juledag. Oddvar og Dorrit er reist til Stavanger for å gå i familieselskap. Me skal ha besøk av Solveig og Olav. Ei kalkun skal etast opp. Ute er det eit vær som ein ikkje skulle tru eksisterte lengre. Sola skin. Det er åtte-ni varmegrader. Snøklokkene vil opp. Ein har vore til kyrkje, og har denne gode kjensla det gir å ha vore til høgmesse på ein høgtidsdag.
Jula har til no vore gild. Eg skal illustrere med eit par bilete. På fredag snudde sola. I gamle dagar vart dette feira med mjød og ofring av hestar. Mest truleg føregjekk dette også på Nordre Vignes. Det er lenge sidan den siste hesten flytta frå gards, og me måtte difor ta til takke med å spidde julepølser på pinnar. Men du kor gildt det var! Me avslutta kvelden med å synge Viking- og julesongar runt bålet. Så gjekk me heim.


Mulig Bjørnar Bleie vert overeksponert på desse bileta, men det får så vere. Han har knapt nok vore nevnt på bloggen før, og fortener sin augneblink i lyset frå blitzlampane. Fleire jole-bilete frå Finnøy dukkar noko opp utover romjola.
Då nærmar kalkuna seg. Ein vakker dag, dette.
NB: Eg har fått ein juleduk og ein juleløpar til jul. No skal det pyntast.
Natt
Det er natt ute, eg er i huset mitt og har vore hjå naboane mine og ete alskens mat som eg ikkje var førebudd på at eg ville få servert. Det er alltid kjekt når ein får meir enn ein forventar. Og eg er velsigna med gilde naboar.
Netter er strengt tatt ikkje ei god tid å blogge på. Ein veit aldri kva ein kan koma til å skriva. Kanskje det beste hadde vore å gjere som min faste blogg-kommentator L – som snik seg som ein mystisk, anonym skugge rundt på nettet på Kvitveis-sida si. Kvitveis sin blogg er heilt fantastisk. Her har me eit menneske som veit mykje om viktige ting i livet. Smerte, glede, venskap og kjærleik. Som mislikar Frp og nyttar hovudmål som kommunikasjonsmetode. Og likevel – etter å ha lese bloggen hennar har ein ikkje peiling på kven ho er. Beundringsverdig. Og mystisk. Og litt frustrerande.
Men eg kan ikkje gjere som Kvitveis, eg har søsken som vil bruke alt eg skriv mot meg på dei nært foreståande famileselskapa. Eg lyt halde meg til tema som ikkje vekkjer uønska reaksjonar hjå tanter og anna slekt.
No som det er natt, dukkar stadig nye behov opp i denne boligen min. Tre ting eg MÅ skaffe snøggast råd:
– Rørslevàr sensor til lyset i trappa
– Hyller og skuffer i skapa på soverommet
– Ei planmessig kunstnerisk utsmykking i første etasje av huset
Alt dette får høgste prioritet etter jul.
I dag vart eg forresten merksam på ei heilt ny problemstilling. Eg var på butikken, og der sat Else-May og selde juletre. Ho spurde om eg skulle ha. Eg vart heilt satt ut. Skal eg ha juletre? Forventar Finnøy-samfunnet at eg skal ha juletre, og pynte huset mitt til jul?
Eg har ikkje lyst! Eg fekk rett og slett litt panikk, der eg stod i butikkdøra. Eg sneik med unna ved å seie at dersom eg bestemmer meg for å kjøpe tre, skal eg kjøpe av henne. Men eg kan aldri tenkja meg at eg kjem til å kjøpe noko tre. Eg eig to ullhjarte og ein engel. Det er alt eg har av julepynt. Og det er eg komfortabel med. Er det sjukt?
Liten storm
Eg er hjå Marit og Terje. Me skal lage julekaker. Sidan mine søsken ikkje tek seg tid til å reisa heim for å delta i denne aktiviteten, tek eg som odelsgut ansvar for krumkakene dette året. Eg har sett som betingelse at Terje klyppar neglene sine før han får lov til å rulla kaker, så slapp av alle som skal heim til jul. De vil ikkje finna rester av stut i julebaksten.
Men det eg skal skrive om her no er været. Det stormar. Det bles. Veldig. Og eg skal ut på ferjetur i dag. Ein time og førti minutt med ferje over Nedstrandsfjorden. Det vil bli veldig interessant. Så det eg lurer på, er om nokon av de som les bloggen min har forslag til kva eg skal gjera på ferja, sidan min faste avislese-aktivitet mest truleg blir vanskeleg å gjennomføra. Kom med forslag.
No er det krumkakebaking.
Etter middag
L: Pappa, hu trykke håvet mitt neri ein kopp
E: Ææææææææææh
Pappa: Viss dokke ikkje e rolige nå, komme Kåre og låse dokke inn på do!
Roa og freden senkar seg atter i stova. Etter at pappa har kome med trugsmål som involverer meg. Dette fungerte altså.
Bør eg vera uroa over dette? Eller skal eg ta det som eit kompliment at eg på denne måten blir involvert i oppdragelsen av ungar?
Fleirbrukshallen
Nå har det skjedd igjen. Eg er engasjert i fleirbrukshalldebatten. Og la det vere klinkande klårt frå byrjinga: Eg uttalar meg ikkje objektivt i denne saka.
Eg var med i det første styret i hallen. Eg vart valgt inn i styret fordi OddvarbrorminiOslo dreiv uvyrdsam påverknad av velgarane på valgmøtet. Då eg var komen inn i styret, vart det ganske fort klart at me hadde tre størrelsar som ikkje ville oss alt vel.
Dei første var Ladstein bygg, fordi me ikkje valgte deira forslag til hall.
Dei andre var Sr-bank, fordi dei ikkje hadde tru på prosjektet, og var nære på å styrta heile hallen i avgrunnen ved å halda tilbake pengar då rekningar skulle betalas. Av denne grunn er eg framleis stolt kunde i Hjelmeland Sparebank.
Den tredje aktøren som me ikkje opplevde for mykje velvilje frå var Finnøy kommune. Eg trur muligens me fekk nokre lånegarantiar og greier, men den generelle stemninga frå kommunestyret var at me måtte ha lykke til med hallen og ikkje så mykje meir. Dei rekna vel med at dei måtte overta drifta etter eit halvt år uansett. Uviljen mot hallen har halde seg i kommunestyret, mellom anna i den famøse asfalt-saka frå eit år eller to sidan. Det var mellom anna ikkje tale om å leiga hallen til gymtimar på Finnøy sentralskule. Dei skulle nok klara seg der oppe i det trange rommet med dei mugne garderobane, ja. Men me i styret visste at det berre var eit spørsmål om tid før kommunen måtte leiga rom til gym-avvikling.
Men det varte og det rakk. Eg gjekk ut av styret, og det må seiast at min kjennskap til dagens styre og stell begrensar seg til det som står i Øyposten, og det eg får høyra på bygda. I det siste har eg høyrt på bygda at kommunen nå skulle inn i forhandlingar om leige av hallen. På tide, tenkte eg.
Så les eg i siste nummer av Øyposten at formannskapet einstemmig har gått imot avtalen som hallstyret har forhandla fram med kommuneadministrasjonen. Den totale kostnaden pr. år for kommunen ville blitt på omlag ein kvart million kroner. Rådmannen listar opp mange gode argument for å leige hallen – mellom anna at det vil hjelpe på økonomien til hallen når dei nå skal byrje å betale avdrag på lånet. Til Hjelmeland Sparebank, sjølvsagt. Bra, rådmann. Du har forstått det. Etter den dugnadsinnsatsen som vart lagt ned då hallen vart sett opp, vert det meiningslaust at formannskapet klamrar seg til småligheter nok ein gong.
Det er klart at det det er knallhardt å sitja i kommunestyret og måtte velge mellom det eine og det andre. I saksutgreiinga går det klart fram at viss ein skal priorietre hall-leige må noko anna vike. Det går og fram av saksutgreiinga at det som i alle høve ikkje må vike er den gamle gymsalen – fordi dei skal bruke den til dansegrupper, kulturell skulesekk og musikk-skule.
Det er flott at Finnøy kommune har eit levande kulturliv med godt tilbod til dei unge – men det er meiningsløyse at dei skal legge beslag på gymsalen. Den må byggast om til klasserom snøggast råd.
Og kulturungdommen, kvar skal så dei gjera av seg? Fleirbrukshallen, sjølvsagt! Rommet i andre-etasjen der er vel så bra egna til både kulturelle skulesekkar, konsertar og danseopptrinn som den gamle gymsalen. Danse kan ein og gjere i sjølve hallen. Kva er problemet?
Om det så skulle vere tilfellet at Fleirbrukshallen har prisa seg høgt, meiner eg det berre er eit hyggeleg "takk for sist" til dei folkevalde. Frå den kanten har det vore mykje uvilje mot hallen å henta – no er det hallen sin tur til å sitja med dei gode korta på handa. Eg kosar meg.