Årets juleplate

Det nærmar seg jul, og i dette høve ser eg det som naudsynt å koma med ei tilråding når det gjeld det musikalske innhaldet i jula.

I fjor var det The McGarrigle Christmas Hour som stakk av med min pris for beste julealbum. Eg tenkte at eg skulle plukka den plata fram att no når det nærmar seg advent. Og det kan det godt vere at eg gjer. Den er på alle måtar glimrande.

Men så skjer det då, at denne lågmælte og stillfarande – og samstundes høgtropande og merksemdssøkjande amerikanaren Sujfan Stevens bestemmer seg for å gi ut juleplate.

Eller rettare sagt fem juleplater. På ein gong. I ein boks. O lykke. Songs for Christmas er det samlande navnet på platene. Og her sit eg – nett heimkomen frå julebord – og kan ikkje leggja meg før eg har høyrt gjennom alle fem platene. Heldigvis er ikkje alle fem søttiminutterar. Men eg kan allereie høyre at her får me mykje musikalsk juleglede.

Me kjenner att den karakteristiske Stevens-banjoen, harmoniane og dei mange rare uidentifiserte instrumenta frå tidlegare plater. Han tolkar kjente julesongar, og han har laga eigne songar som passar ekstra godt til høgtida. Som til dømes den alvorleg djuptgripande "That Was The Worst Christmas Ever". Nesten som om at bror min skulle ha skrive ein song om den jula han måtte fjosa utan lønn ei veke. Men i motsetnad til eit slikt scenario har visstnok songen på plata ei rot i røynda.

Eg sit her på det kalde rommet mitt og klarer ikkje anna enn å vera takksam for at me har folk som Sufjan Stevens vandrande mellom oss. Han er eit oppkome av vakker og gripande musikk, og han maktar setje ord på tankar kring tru og tvil som få andre eg veit om. Han kan skriva om kjensla av avmakt når ein ven døyr i kreft, han kan skriva tøysesongar om zombiar som kjem for å ta oss alle. Og han kan skildra vare barndomsminner om då broren vart stukken av ein veps ein sommardag.

Og no er han altså her med fem juleplater. Det er berre å bestille, ungdom. Eller gå og kjøpe, dersom du ulikt meg bur ein stad der ein faktisk har platebutikk.

Ryan på nynorsk

Det har blitt gjort før, og det vil bli gjort igjen. Men no vil eg og gjere det.

Denne øvinga er ofte morosam og avslørande dersom ein gjer det med Britney eller andre i same gata. Eg vil derimot gjere det med musikk er respekterer og likar svært godt for å sjå kva som skjer. Denne gongen. Så får me sjå om eg finn ein annan song neste gong.

Kirsebærgata – Ryan Adams

Kvar kveld les eg ei roman om deg
Du har roser i handa medan det høljar ned rundt deg
Men slutten er reven sund, du prøver å få tak i ein drosje
Du trur at ingen kan lese, men eg kan

Så me flytta ned til eit hus på Kirsebærgata
Der sat me og såg medan verda glei forbi
Og eg manglar ei side

Eg vil vere den som følgjer deg heim
Som følgjer deg heim kvar kveld
Eg ser inn i augene hennar og freistar forklara det
Men det er skrive på eit språk som er laga for å øydeleggje deg
Og eg kjem alri nær nok
Men eg lyg
Men eg legg meg ned på puta hennar
Og du føler det som om du var på veg bort
Som om du var på veg bort utan å ha nokon stad å gå til
Men tilbake i armane hennar liggjande på puta
Samankrølla med ei bok nede i Kirsebærgata
Glaset treff golvet og du går din veg
Men eg vil vere den som følgjer deg heim
Som følgjer deg heim kvar kveld
Sjå inn i augene hennar og prøv å forklare det
Prøv å bortforklare det
Men den driten øydelegg deg berre
Og eg kjem aldri nær nok
Eg kan aldri kome nær nok
Eg kan aldri kome nær nok
Til deg

(Ryan Adams – Cherry Lane – Cold Roses)

For ei veke sidan stod Ryan på scenen i Oslo. Eg og Anders hadde forsert 50 fotoboksar langs europavegen for å vere der. Han spela i to timar og førtifem minutt saman med bandet sitt. Det var særs mektig. I går kveld då eg ikkje fekk sova i rein irritasjon over at eg ikkje fekk sett Seinfeld fordi parabolen ikkje virka, la eg meg ned og gjekk gjennom konserten på iPod. Konserten voks endå meir for meg. Og eg fekk hug til å sjå korleis Ryan ville greidd seg dersom han var Olav Stedje.

Kanskje det er bra at han held seg til sitt eige språk?

Dagligliv

Dette er slikt som gir meg glede i kvardagen. Eg var inne på ei side for å laste ned noko musikk (heilt ulovleg, ja), og fann følgande kommentarar på ein link der ein kunne laste ned heile 18 Cash-album. Forresten: Har du ikkje sett Walk the Line ennå så få ut alt av fingrar og kjøpt DVD-en.

Eg finn som alle veit stor glede i styggedom og sarkasmer, og denne fall difor i smak hjå meg:

2 comments posted so far

Add your own »

1.On Feb 21 2006 @ 04:49 malisk wrote: Doesn’t even have ‘House of Cash’, which has ‘Man in Black’ in it.

2.On Mar 14 2006 @ 14:43 Deznaj wrote: So? If you’re not retarded you can get it elswhere. Owww…but I guess you are.