Nyttår

Ja det er snart jul. Straks jul. Jul med glede og pakkar og trær i stovene. Jul med reising til Hjelmeland og feiring med folk eg set stor pris på å vere saman med. Familiehygge og god mat og drøs og hygge og seine kveldar.

Så er det romjul med haugar og lass med folk heime og fest og glede. Det blir hyggeleg det. Romjul. Ingen grenser for kor gildt det blir.

Men så kjem nyttår.

Nyttår.

Denne bautaen av ein kveld i året. Ein kveld der alt skal vera kjekt og fantastisk og strålande festleg og sprudlande. Det var slik det var, iallefall. Hugsar eg. Frå før i tida. Då me var på Utsyn og ingen stilte spørsmål ved kva me skulle ta oss til. Me skulle vera på Utsyn og eta svinekam og ha underhaldning og rista på hovudet over Kjetil og Tommen som hadde på seg redningsvestar og forventa at det var nok til å folk til å le dette året også.

Så var det brått slutt. Og me byrja å ha private tilstelningar. Det var hyggeleg, og etter at det var hyggeleg og litt rart vart det berre hyggeleg.

Så kom brotet med den tradisjonen også. Eg reiste til Oslo for å feira nyttår. Privatfest i Oslo. Kor kult er ikkje det frå ein odelsgut frå ytre Rogaland? Ganske kult. Og det var ganske kult. Fulle folk skyt rakettar dei held i hendene vassrett inn i folkemengdar i Oslo også.

I fjor tok eg saka i eigne hender og inviterte på nyttårsfest. Eg inviterte Tore og Anders. Me åt pinnekjøt i timesvis medan me filosoferte over kva mon kan vera betre enn dette?

No er det to veker til nyttårsafta. Eg har ikkje peiling på kva eg skal finna på. Anders og Tore har ikkje sagt noko om at dei vil gjenta fjoråret. Anders har fått seg dame og har mest truleg anna å ta seg til. Tore har ymta frampå om å feira nyttår i ei håle i bakken saman med Bjarne Håvard. Men Bjarne Håvard får eg ikkje tak i for å klargjera desse planane, og eg veit ikkje om eg er klar for håle i bakken-feiring heller.

Det var om ein rett og slett skulle reist utanlands?

Merkelege sug

Eg er 32 år gamal. Eg burde konsentrert meg om slåing til ro, finning av sjølv, stifting av familie og roing ned.

Difor er det frustrerande å merka merkelege sug. Sug eg aldri hadde trudd at eg skulle oppleva.

Sug etter å bu eit år eller to i Oslo, til dømes. Ein absurd og framand tanke, heilt til førre helg. Kanskje eg hadde hatt godt av eit år i det multikulturelle Norge som eg har høyrt og lese så mykje om, men aldri opplevd? Eg ville vakse på det som menneske. Men du verden så dyrt det hadde blitt. Dette Oslo er jo på Reykjaviknivå i forbruksaukande tiltak.

Sug etter år reisa langt vekk ei heil stund. Mange eg kjenner opplever verdensdeler eg berre har sett i Atlas. Eg har utferdstrang. Eg vil sjå verda. Og det er ikkje for seint?

Oddvar har foreslått bytte av hus og leilighet eit år.

Cocacolsk irritasjon

I går tok eg gassferje. Det var få veg opp til Ølensvåg for tredje gong denne veka. Klokka var halv elleve, og det var ikkje spesielt mange folk på ferja. Eg hadde ein time med kjøring føre meg. Eg var trøtt. Eg trengte ein oppkvikkar.

Av ein eller annan grunn stenger dei kiosken like før halv elleve-ferja går. Kiosk-damene dassar rundt der inne og et opp maten ingen har kjøpt, vaskar litt golver og kastar litt gamle aviser. Mat- og drikkebehovet til passasjerane skal bli ivaretatt av automatar etter klokka halv elleve.

Det er meiningslaust. Kunne dei ikkje hatt kiosken åpen i ti minutt iallefall, så me kunne fått oss brus utan å måtte gjennomgå det eg måtte i går?

Brusautomatane på ferja er ikkje som andre brusautomatar. Dei er eigentleg laga for chips og sjokolade. Så har ein eller annan løk funne ut at det går an å putte colaflasker i dei også. Brusen går i fritt fall ut av automaten og ned i ei plukkeopp-skål. Alle veit kva som skjer med brus som nett har vore i fritt fall og som har fått ein brå stopp.

Alle veit det. Eg og. Likevel fall det meg naturleg å vri av korken på vanleg vis då eg sette meg ned på plassen min. Det var som å sprenga ei demning. Colaen erupterte over heile bordet. Då det hadde roa seg, sat eg att med ei halv flaske brus i flaska, og ei halv på bordet, på jakken, på hendene, i fjeset.

Eg vonar dei tek hintet no, kioskdamene. Hadde dei hatt ope i ti minutt til, hadde dei sluppe å bruka ein halvtime på å tørka opp på bord og golv etter cola på avvegar. Eg vonar dei lærer. For eg hadde sjølvsagt ikkje tid til å tørka opp etter meg. Ikkje tid. Og ikkje lyst.

Kjære Falck

Eg har fått betalingspåminnelse frå dykk. Det er jo fint at de minner meg på det som skjedde i sommar, sjølv om eg helst hadde sett at me alle gløymde det.

Eg var på fisketur. Det er eg ofte om sommaren. Eg stod i elva og fiska etter laks. Med flåge. Det er ingen enkel kunst. Så ringde telefonen. Det var ei dame. Når damer ringer til meg – det er ikkje så ofte – plar eg prøva å vera høfleg og hyggeleg. Så og denne gongen. Sjølv då det gjekk opp for meg at ho ville selje meg noko. Medlemskap i Falck.

Eg prøvde å forklara at eg er NAF-medlem, og at det mest truleg var greiast for meg å fortsetja som dette. Dama insisterte på at dette tilbodet var så godt at eg ville enda opp med å få pengar tilbake frå forsikringselskapet mitt, men eg prøvde å forklara at eg ikkje var så interessert.

Når ein fiskar laks med flåge er det uhorveleg strevsamt å snakka i telefonen. Ein må klemme telefonen mot øyret med overarmen. For flåga må flyte for ikkje å setje seg fast i steinane i elva. Så der stod eg. I elva. Med flåge i vatnet og dame i øyret. Og det er klart at ein er ikkje heilt medveten i slike stunder. Så då eg til slutt gjekk med på at ho kunne få senda meg ting i posten, vona eg at eg berre kunne kasta brevet og lata som ingenting.

Det kunne eg altså ikkje. Eg har fått betalingspåminnelse. Det gjer meg litt lei meg, men ikkje sur. Ikkje så lenge me berre kan gløyme dette og gå vidare i liva våre. Med og utan laks. Og med og utan Falck-medlemskap.

Med venleg helsing

Kåre Vignes
NAF-medlem

Sigur

I helga kunne eg reist til Bergen på minikonsert med ei samling menneske som lagar den vakraste musikken i verda. Eg har ikkje høve. Det eg har høve til er derimot å leggja ut musikken deira. Ta på dei beste hovudtelefonane dine, len deg tilbake og skru på full skjerm på dette youtube-klippet:

http://youtube.com/watch?v=okLCurB1lJw

Dersom nokon har vore i Reykjavik og har køyrt til Islands nordvestre hjørne, kjenner dei seg kanskje att?

Det enkle liv

I dag kjenner eg eit sterkt behov for det enkle liv. Eit liv høgt oppå fjellet med ei fiskestang og ein god peis og masse ved. Ikkje gjere noko, ikkje forhalde seg til noko eller nokon. Berre sitje og fyre.

I dag kjenner eg at det hadde vore godt dersom me ikkje hadde teknologi. At me dreiv med hest. At me ikkje måtte brekke og bende og problematisere. At eg slapp å tenkje på ting som skal skje. At eg slapp å tenkje på ting som kan skje. At eg slapp å tenkje på ting som har skjedd.

Blanke ark og fargestifter fins ikkje.

Eg vil ha ein dag der eg kan ro. Og ikkje noko anna.

Depressiv? Nei. Sur? Ja. Optimistisk? Ikkje spesielt.

Det vart berre litt for mykje på ein gong og på kort tid.

Microsoft

Eg har alltid likt Microsoft. Dei har gjeve meg det livet eg kjenner i dag. Dei har gjeve meg datamaskin og internett og nettspeling. Det kan henda at dette er ei forenkling og fordreiing av sanninga, men eg har diverre ikkje betre greie på det. Microsoft var der då eg skrudde på den første datamaskinen på Vignes. Me spela Wintergames og Wolfenstein. Rett nok brukte me Word Perfect. Var det Microsoft? Neppe, for det finst ikkje lenger.

 

For eit par, tre månader sidan skulle Livsgnist utvida med fleire medarbeidarar. Eg kjøpte ny datamaskin og programvare til vedkomande. Me kjøpte Office-pakken. Online. Me kryssa av for at me ville ha ekstra nedlastingservice i tilfelle datakrasj. Me betalte mykje pengar.

 

Då det vart klårt at maskina kom med Vista, måtte me senda ho inn att og få inn XP, grunna eit problem med rekneskapsprogrammet. At alle program som låg inne vart fjerna, gjorde jo ikkje noko. Me hadde jo kjøpt Digital Lock Box.

 

Undringa var difor stor då eg prøvde å finna denne virtuelle tryggleiksboksen. Den var ingen stad å finna. Eg ringde support, og dei hjalp meg. Me fann boksen. Der var der ikkje noko som helst å sjå.

Eg sende inn kvitteringa eg hadde motteke i mailen. Der stod det at me hadde brukt hundrevis av Euro på dette programmet. Jaudå, dei måtte innrømma at det saktens kunne sjå slik ut, sa dei. Men eg måtte sendast vidare til det europeiske hovudsupportkontoret.

 

Derfrå fekk eg ei lang liste med ting eg måtte gjera. Eg kom ikkje lenger enn til punkt to. Der skulle eg klikka på ordrenummeret på ei side. Det nummmeret fanst ikkje.

 

Eg byrja tenkja på sure epler som snart måtte bitast i, men sende ein mail til dama som er sjef for kundekontakt med små bedrifter. Der skreiv eg hyggelege ting om at no måtte me få orden i dette, og ja eg forsto at det var klussete, men me har altså betalt og eg har lagt ved kvitteringa og kan du ikkje vera så grei å berre senda oss ein ny nøkkelkode så me får konvertert prøveversjonen til ein full versjon?

 

Eg fekk svar.

 

Ho sa at ho måtte senda meg vidare til dei som sysla med nye nøkkelkodar.

 

Eg fekk svar frå dei og.

 

Der står det, utruleg nok, følgande:

 

Hei Kåre!

 

Jeg har fått mailen din fra (?). Slik jeg forstår det er det følgende spørsmål du lurer på:

 

Hvor kan du finne en nettbutikk som selger Office-pakken?

 

Vennlig hilsen

 

Og så videre

 

Eg innser med dette at eg må vera totalt idiot og utan evne til å kommunisera problema mine med omverda. Eg gir opp. Eg sluttar i jobben. Eg skal bli sauebonde i Vignesholmane.