Eg er ikkje overtydd om at denne overskrifta stemmer heilt med det eg skal skriva om, men skitt la gå. Eg skal lova å koma innom Messenger før eller seinare.
Det siste døgnet har vore eit rart døgn. Mange trur kanskje dette dreier seg om gårsdagens bloggtema, men den hendinga er no berre ein litt nummen flekk langt bak i hjernen. Nei, plutseleg har tre ting som har mangla i livet mitt kome på plass, slik heilt plutseleg. Desse tre tinga burde strengt tatt kome på plass for lenge sidan, men men.
Eg har fått installert ovnen eg fekk i innflyttingsgåve av foreldra mine. Dette var før jul. I fjor, altså. Den har stått i stova mi utan å vere kobla til pipa. Sidan hausten kom første veka i juli i år, vart det ikkje til at me mota oss opp til å gjera noko med han i sommar. Men her ein dag vart det fortgang, og no kan eg fyra. Med mine semi-pyromanske tendensar (eg sette fyr på veaskuten heime på mor sin førtiårsdag), kan det bli godt og varmt utover vinteren.
Dessutan har far min, som eg må få takka på det aller varmaste, lokalisert avløpsrøyret for fossen eg har i fjellet utforbi huset mitt. No renn ikkje vatnet gjennom singelen min og dreg han med seg utover asfalten og lagar hol i oppkjørsla mi lenger. Takk, Terje.
Så fekk eg og endeleg straum i badekaret. At ein sikring rauk, og at det ikkje lenger fungerer skikkeleg, tek eg som ei naturleg forlenging av min ulukkesmånad utanom det vanlege.
Men MSN Messenger, ja. Eg kom til å tenkja litt over denne tenesta i kveld. Eg har vore på Messenger sidan hausten 1999. Eg sat på språklaben på dåverande høgskulen i Stavanger. Med andre ord åtte år på Messenger, nå. I løpet av desse åra har eg hatt ein del folk på lista som eg ikkje har kontakt med lenger. I kveld logga ein av dei seg på, og eg lurte på kvifor i huleste eg framleis har denne personen der.
Eg sjekka innstillingane mine, og fann ut at eg faktisk har blokkert ein del folk oppigjennom. Årsakane til at folk blir blokkerte er todelte hjå meg. Anten er det fordi eg aldri har kjent dei og ikkje vil kjenna dei, fordi dei har nick som fuck_the_world@hotmail.com. Men eg må liksom alltid godta alle som legg meg til som venner, sjølv om nicka er teite. Det kan jo vera at det faktisk er nokon eg kjenner. Bror min, til dømes. Han har kanskje det verste nicket av dei alle.
Den andre gruppa er elevar som har lagt meg til som MSN-venner, og som det har vore ok å ha på lista så lenge eg traff dei på skulen. Så slutta dei, og eg fann ut at no får det vere nok og vips vart dei blokkerte.
No har eg plutseleg femti stykk her som eg strengt tatt aldri treff, strengt tatt aldri snakkar med, strengt tatt neppe kjem til å treffe utanom sporadiske og tilfeldige møte på Megaen på Ålgård og liknande stader. Og ikkje misforstå: Dette er folk eg gjerne snakkar med om eg treff dei, det er til og med folk eg vil setja pris på å treffa. Men eg snakkar aldri med dei på Messenger. Nokre av dei har eg kjent i årevis, nokre av dei har til og med vore med meg sidan 1999. Men me snakkar aldri saman. Kanskje det er best å gjere det slutt? Slette dei? Men er det tilrådeleg å slette utan å blokkere? Då ser jo dei meg, og trur eg berre overser dei. Medan eg faktisk har sletta dei.
Ikkje lett, dette. Eg trur eg må blokkera. Eg kan ikkje ha alle desse folka som eg aldri snakkar med lenger. Det må gjerast noko.
Ein kunne sagt så mykje om Messenger, men eg har på mange måtar sagt nok her no. Ein har jo kategoriar i heilt andre enden av skalaen. Folk ein så gjerne vil snakke med, og som av ein eller annan grunn har funne det for godt å leggja deg til på messengeren. Men så er det grenser for kor ofte ein kan innleia til ein samtale utan å verka påtrengande, det er grenser for kor ofte vedkomande finn det interessant å snakke med ein, det er grenser for alt. Eg har til dømes ein gong, heldigvis for mange år sidan, blitt sitjande, stirrande, på Messenger-vindauget i ein halv time i von om at ein person skulle dukka opp. Då ho kom, sat eg ein halvtime til og venta på at ho skulle seia noko til meg.
Sjølvsagt gjorde ho ikkje det. Det får vera grenser.