No sit eg i stova hjå vertsfamilien min i USA. Eg har nettopp overbragt gåver. På ein måte er det litt som då dei som gjenoppdaga dette kontinentet ga glasperler og anna jugl til dei som budde her frå før. Eg får husrom, mat, transport, full service og fullt opplegg for 22 studentar. Tilbake får verten min, Greg, fem pakkar med påskemarsipan. Eg kan berre gløyme å gi han noko anna. Det er heilt på grensa at eg gir denne marsipanen, trur eg.
Eg har fem pakkar til. Dei skal slekta mi i Sioux Falls få. Dei skal køyre meg til Minneapolis på laurdag. Det er seks timar kvar veg. Også der vil det bli opptøyer dersom eg prøver meg på å betale til dømes bensin for turen. Eg prøvde å nemna at eg ville gjera det, det blei totalt ignorert.
Amerikanarane er uvanleg gilde folk. Me har nå vore her i eit par døger, og har berre møtt velvilje og hygge alle stader me har vore. Den første kvelden var litt balen, me fekk pass-drama på flyplassen i Amsterdam. Fram til då hadde eg vore rolig. Svært rolig. Eg hadde ikkje sveitta ein einaste gong. Men då ein av elevane febrilsk kom springande bort til oss og sa at han hadde lagt pass og boardingkort igjen i lommen på flysetet på flyet frå Stavanger, rakna glansbildet.
Eg måtte springa. Og prøva å finna ut kva fly det var me hadde kome med. Eg er ikkje bygd for fart og stress samstundes. Det blir dobbel dose negative ting. Etter ein del springing og innvendig misnøye, fann eg flyet. Der var det stengt. I nabogaten fekk me hjelp. Ei dame skulle ringe reinhaldspersonalet . Det var ein time til flyet vårt gjekk vidare. Og lenge skjedde ingen verdens ting. Eg spurte om noko skjedde, ho rista på hovudet.
Plutseleg skjedde alt på ein gong. Ei dame kom springande, veiftande med ting som såg ut som det me sakna. Dei blei pressa gjennom ei trang dørsprekk. Då såg eg det. Dette var rett nok passet til min mann og boardingkortet hans. Men i tillegg hadde me passet til Sigrun frå Tananger. Eg kjende ikkje nokon Sigrun frå Tananger. Ved hjelp av Kjettaen fekk eg spora henne opp. Ho vart svært overraska over mykje. Ho vart overraska over at eg – ein vilt framand – visste at ho var i Amsterdam. Ho vart overraska over at ho hadde mista passet sitt. Og ho vart overraska over at eg hadde funne henne. Takk til Kjettaen og telefonkatalogen.no. Me rakk flyet vårt. Men då var eg svett og trøtt og sliten. Så flyturen fekk ein klam og uggen start. Ni timar i flyet og frykt for at ein sprer vonde kroppslukter er ikkje bra. Heldigvis sat eg berre med folk eg kjende.
Då me kom fram til Minneapolis var eg ansvarleg for at 25 trøtte, leie, slitne og ugne nordmenn måtte gå 45 minutt frå togstasjonen til hotellet. Trikset for å snu potensielt skandaløst humør til noko positivt er enkelt men likevel genialt. Ta alle med på restaurant og sei dei bestille så mykje mat dei vil. Det funka. Me la oss trøtte og mette klokka elleve. Då var ho 0500 i hovudet vårt, og me vakna eit par timar seinare overbevist om at det no vel måtte vera morgon.
Etter eit par-tre timar med shopping på dette Mall of America, reiste me ned og fann vertsfamiliane våre i Decorah, Iowa. Fantastiske folk, og elevane våre har allerede vurdert å søka om permanent opphaldsløyve.
Meir kjem seinare. No har eg skrive nok, og dersom du har hatt ork til å lese så langt som til hit, er det berre å gratulere.